Skular skal bli universitetsskular

Denne veka lanserte Universitetet i Oslo Prosjekt universitetsskole UiO. Representantar for 47 ungdomsskular og vidaregåande skular i Oslo og Akershus møtte på lanseringa. I løpet av hausten planlegg UiO å peika ut 15–20 skular som universitetsskular. Stovner videregående skole har vore pilot for prosjektet.

LANSERER UNIVERSITETSSKULAR: Helen Bråten (t.v.), Tone Dyrdal Solbrekke og Ylva Sørlie  ved Lektorutdannninga ved UiO oppfordrar ungdomsskular og vidaregåande skular i Oslo og Akershus til å søkja om å bli universitetsskular.

Foto: Ola Sæther

Det er studentane på det fem år lange Lektorprogrammet (LeP) ved UiO som først og fremst vil få gleda av å kunna gjera seg nytte av ein universitetsskule. Men også studentane ved årseininga i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan få praksis der. Dei fem fakulteta HF, SV, TF, MN og UV samarbeider om Lektorprogrammet, som blir leidd og koordinert av Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

– Inspirasjon frå universitetsklinikken

– Modellen med universitetsskule hentar inspirasjon frå universitetsklinikken. Den tette samhandlinga og utvekslinga av kompetanse mellom universitet og universitetsklinikk er noko me ynskjer å ta inn i prosjektet vårt. Studentane som går på årseininga i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) har anten bachelor- eller masterutdanning, medan studentane på Lektorprogrammet kjem ut i praksis allereie første semester i studiet,seier fagleg leiar Tone Dyrdal Solbrekke ved Lektorprogrammet

– Dette krev at me utviklar nye modellar for praksis og eit sterkare samarbeid mellom alle partane i utdanninga, legg ho til. .

Målet med prosjektet er å styrkja kvaliteten på utdanninga og få eit tettare forhold mellom skulen og universitetsforskinga. Prosjektet skal først gå over tre år, før det skal utførast ei evaluering for å vurdera om universitetsskulemodellen skal halda fram og utviklast vidare.

–  Felles utveksling

– For oss er det difor viktig at me har ei felles utveksling av studentar og lærarar. Lærarar i ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Oslo og Akershus kan koma hit og fortelja korleis det er å vera lærar, samtidig som studentane og fagmiljøa frå universitetet kan bringa kunnskap frå utdanningsforsking inn i skulen, fortel Ylva Sørlie i Lektorprogrammet.

Både for henne og Tone Dyrdal Solbrekke er det viktig med oppfylging av studentane som har praksis.

– Difor bør lærarane også ha fagleg ballast, slik at dei kan rettleia dei studentane som kjem frå Universitetet i Oslo. Dei skal difor ha naudsynt formell studiekompetanse i det faget dei rettleier i, fortel Tone Dyrdal Solbrekke.

I dag har Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) 85 partnarskular som tar imot studentar som går på praktisk-pedagogisk utdanning.

 – Ingen reknar med at alle dei vil kjempa om å få status som universitetsskule. Likevel håpar me å få mellom 15 og 20 godt kvalifiserte kandidatar i denne runden. Siste frist for skulane til å søkja, er 20. juni. Og i midten av oktober vil det vera klart kva skular som kan smykka seg med tittelen ”Universitetsskole”.

– Me håpar at konkurransen blir hard mellom skulane om å få ein slik status. I alle fall er me overtydde om at det vil gi dei aktuelle skulane eit kvalitetslyft. For Stovner videregående skole i Groruddalen har det vore ein stor fordel å visa til at det er ein universitetsskule, fortel Helen Bråten frå Lektorprgrammet.

Samarbeider med Universitetet i Tromsø

UiO har samarbeidd tett med Universitetet i Tromsø om prosjektet.

– Dei kunngjer dei første seks skulane som universitetsskular rundt påske. No håpar me at samarbeidet med dei vil gjera at me kan få både finansielle og strukturelle ressursar til prosjektet gjennom budsjettposten ”Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i universitets- og høgskulesektoren” (SAK). Eit samarbeidsprosjekt av eit slikt omfang treng også støtte frå eksterne finansieringskjelder, meiner Dyrdal Solbrekke.

Dei er også visse på at prosjektet vil skapa engasjement hos lærarane ved dei aktuelle skulane.

– Gjennom søknadsprosessen vil skulane kunna kartleggja eigen kompetanse, mellom anna kor mange lærarar dei har med hovudfag, masterutdanning, bachelorutdanning eller anna utdanning. Det er verdifullt for dei, men også for oss. For dei lærarane som skal rettleia studentane våre, må ha tatt eit visst minimum med studiepoeng på universitetet for å kunna gjera det.

– Difor meiner me at dette ikkje berre handlar om lærarutdanning, men også om å få djup, fagleg innsikt i eit fag, ikkje minst gjennom samarbeidet med forskingsmiljøa, som til dømes Kunnskap i skulen (KiS), meiner dei tre som denne veka sparka i gang prosjektet på eit lanseringsseminar på Blindern.

Håpar på kvalitetsløft

Hovudmåla for prosjektet er kvalitetsheving av lektorutdanninga, utvikling av kompetanse både i skulen og i utdanninga og å få ei endå tettare tilknyting til forskinga på UiO.

– Skuleeigarane i Oslo og Akershus er med og støttar prosjektet. Me har også vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet, og me har måtta leggja inn eit atterhald om namneendring på prosjektet. Men departementet er positivt til innhaldet og forma på prosjektet, seier Solbrekke.

Gjennom prosjektet trur dei at studentane raskt vil få eit inntrykk av korleis det er å vera lærar.

– Det er viktig at dei kjem så fort ut av elevrolla og så fort inn i lærarrolla som mogleg. For det er nemleg noko heilt anna å sjå skulen frå eit lærarperspektiv. Samtidig vil dei tidleg finna ut om dei vil bli lærarar i ungdomsskulen eller i den vidaregåande skulen, understrekar Solbrekke og Sæther.

Skuleeigarane i Oslo og Akershus har deltatt i utviklinga av kriteria og forma på prosjektet saman med representantar frå både lektorutdanninga ved UiO og skular i regionen.

 – For oss har det vore eit svært positivt samarbeid. Me håpar at det blir mogleg for lærarane å få gjennomslag for kravet om å ta etterutdanningskurs i arbeidstida. Dei representantane frå fagforeiningane som me har snakka med, er svært positive til Prosjekt universitetsskole, seier Solbrekke.

 

 

 

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Studentforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2011 11:08 - Sist endra 7. apr. 2011 11:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere