– Ein draumeprofessor

– Arnved Nedkvitne var ein draumeprofessor for meg som undervisningsleiar. Han forska og underviste langt meir enn han behøvde. Det sa historieprofessor John Peter Collett i retten i går.

BYGDE OPP: –  Arnved Nedkvitne bygde opp igjen mellomalderhistorie, vitna historieprofessor John Peter Collett om i Borgarting lagmannsrett i går.

Foto: Ola Sæther

Då mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne kom til Universitetet i Oslo på 1990-talet, var historieprofessor John Peter Collett ein av dei første han kom i kontakt med.

– Eg var undervisningsleiar på Historisk institutt og hans første overordna, fortalde Collett i Borgarting lagmannsrett i går.

– Nedkvitne skapte begeistring og bygde mellomalderstudiet opp igjen frå grunnen og tok med glede på seg rettleiaransvaret for studentane, hugsa han.

  Aldri vanskeleg å treffa 

Nedkvitnes advokat Vidar Strømme ynskte også å vita om han tykte det var noko som ikkje var perfekt.

– Kvar gong eg hadde behov for å tala med Nedkvitne, tok eg ein tur på kontoret hans. Av og til heldt han miniforelesingar for meg om mellomalderhistorie. Dei lærte eg mykje av. Og Nedkvitne var aldri vanskeleg å treffa. Han var på kontoret heile tida, også laurdagar og sundagar. Det var ingen fleire problem med Nedkvitne enn med andre, peika han på. 

Advokat Strømme stilte han også spørsmål om han ikkje tok seg nær av at Nedkvitne hadde nemnt at han hadde fått den vitskaplege stillinga si på grunnlag av eit punkt i Arbeidsmiljølova.

– Det er heilt normalt at det blir diskusjon om korleis folk har fått stillingane sine ved universitetet. Ofte er det slikt som blir fortald bak ryggen din. Sånn er det berre, svarte Collett.

Han tykte likevel at det var sider ved Nedkvitne som ikkje var like lett å ha med å gjera.

  Fekk injurierande brev dagleg

– Han hadde ein debattstil som kunne verka skremande på enkelte. Me tok det også opp med han fleire gonger, men for han var det ein naturleg måte å presentera objektive argument på. I dei åra eg var undervisningleiar kom det minst to brev dagleg med injurierande skuldingar mot meg. Ingen av dei kom frå Nedkvitne. På ein måte er Nedkvitne eit offer for den teknologiske revolusjonen. I gamle dagar var det litt meir avgrensa kor mange kopiar du ville laga av eit brev. Nedkvitne er også eit døme på ein typisk nerd. Mange av dei er fagleg dyktige, men passar ikkje inn i eit A4-arbeidsliv, understreka Collett, og kom på ein spesiell episode.

– Ein gong kom Nedkvitne bort til meg og spurde meg om han kunne få ein dag fri for å dra i gravferda til faren sin. Då eg ymta fram på at ingen ville merka det om han tok seg fri i tre dagar, svara han at han ikkje hadde vore venn med faren sin då han levde, og heller ikkje ville vera det etter at han var død. Eg har blitt fortalt om slike forhold, men det var første gong eg hadde høyrt nokon seia det,  konstaterte Collett. 

  Langt over sitt inkompetansenivå

Han var derimot langt meir kritisk til den leiinga som overtok, då Historisk institutt blei til Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium, med instituttleiar Jorunn Bjørgum i brodden.

– Den dåverande kontorsjefen blei då administrativ leiar for det nye instituttet. Begge kom då langt over sitt eige inkompetansenivå, meinte Collett. Han skildra også eit miljø der instituttleiinga samla seg i glassburet i lunsjen. –  Det var ikkje sunt for mi eiga psykiske helse å gå dit. Utan at eg peika på det overfor andre, kom fleire av dei andre ved Forum for universitetshistorie til den same konklusjonen. 

  Instituttleiinga hadde kontor i  etasjen under. Berre ein gong møtte eg Jorunn Bjørgum i vår etasje. Då var ho på leiting etter kontoret til ein av dei tilsette. All korrespondanse mellom etasjane gjekk føre seg skrifteleg. I mi leiartid kalla eg aldri nokon inn på møte på kontoret. Eg gjekk heller inn på kontoret til folk eg ynskte å snakka med. Som leiar for Forum for universitetshistorie fekk eg også UiOs velferdspris i 2007, nominert av mine eigne tilsette, la han til. 

  Ein nobelpris var eit godt stillingsvern

På spørsmål frå advokat Vidar Strømme om han som universitetshistorikar, kunne hugsa om andre professorar hadde vore vanskelege å ha med å gjera, peika han på nobelprisvinnar i kjemi frå 1969, professor Odd Hassel.

– For dekanen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet var ei av dei viktigaste oppgåvene å verna dei andre vitskaplege tilsette frå utskjellingane og kritikken frå Hassel. Det fekk ingen konsekvensar for han. Ein Nobelpris var eit godt stillingsvern, kommenterte han.

  Alltid harde frontar på eit universitet

Også jussprofessor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen tok plass i vitneboksen i går. Han kunne  fortelja om steile frontar mellom dei vitskaplege tilsette i Bergen. Bernt kunne visa til at instituttet for religionshistorie blei splitta i to på grunn av ein konflikt mellom religionshistorikarane og dei som var tilsette i kristendomsfaget.

  Konflikten blei løyst ved at ein av professorane fekk ansvaret for eit eige senter, sa Bernt.

– Det er sjeldan at slike konfliktar kjem opp for retten, og det har aldri skjedd før at det har skjedd på grunn av ytringar. Det har alltid vore harde frontar på eit universitet, peika han på. 

Han viste også til at jusprofessor Anders Bratholm klagde til Menneskerettsdomtolen i Strasbourg etter at den dåverande leiaren for Politforbundet hadde hevda at forskinga hans rundt politivaldssakene i Bergen ikkje heldt mål vitskapleg og at dei var prega av det kritiske synet hans på politiet. –  Menneskerettsdomstolen i Strasbourg avviste saka og  grunngav det med at det var ei ytring som måtte aksepterast i det offentlege ordsskiftet, sa Bernt.

    Må akseptera fagleg kritikk

Då regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig ville vita kva han ville gjort, viss han som rektor eller instituttleiar ville ha gjort, om nokre av dei vitskaplege tilsette hadde oppført seg dårleg, svarte han fylgjande: - Det kjem an på kven dei har kritisert. Om eg får ein klage frå ein student, ville eg ta det meir alvorleg enn om klagen kom frå ein forskarkollega eller stipendiat. Dei sistnemnde må akseptera fagleg kritikk, og tola at nokon meiner dei ikkje held fagleg mål. Og tilsette ved UiO må kunne kritisera sine eigne kollegaer og ikkje berre tilsette ved andre universitet, meinte Bernt.

Også tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad, historieprofessor Finn Fuglestad og tidlegare doktorstipendiat  Marlene Ferrer vitna i retten i går. Den oppsagde mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne heldt fram med si detaljerte forklaring om kvifor han hadde begynt å senda ut e-postar om situasjonen på instituttet. Han tok sjølvkritikk på at han ikkje hadde anonymisert alle dei han hadde kritisert godt nok. Men Nedkvitne stod fast på at han heile tida hadde gjort det på grunn av frustrasjonen over faglege spørsmål ved instituttet.

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Universitetshistorie, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2011 07:51 - Sist endra 21. jan. 2011 20:41

Arnved Nedkvitnes sak har oppstått i en relasjon til ledelsen ved UIO. Å trekke ut den ene partens ytringer og kritisere dens form, tar ikke hensyn til dette enkle faktum. 

UIOs har en linjeorganisering vi gjenfinner i et militært hieraki. Ansatte forholder seg til en overordnet som delegerer og beordrer, mens ansatte står for rapportering oppover i systemet. Denne strukturform egner seg dårlig for den intellektuelle atmosfæren som råder ved universitetet. Systemets hierarkiske utgangspunkt  forsterkes av UIOs begrunnelse for oppsigelsen av professoren; "ordrenekt" er et arkaisk, militært begrep som ikke hører hjemme i en moderne tenkning. Saken mellom Arnved Nedkvitne og UIO går, dypest sett, inn i diskusjonen om strukturformen ved universitetet. 

Heidi Stakset, Trondheim 

 

aubry@ntnu.no - 21. jan. 2011 13:06

Stort bedre enn Stakset formulerer sakens kjerne det kan det neppe gjøres!

Kristian Gundersen - 3. feb. 2011 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere