Selskapet Instructure kunngjorde 1. mai 2026 at dei har vore utsette for eit nytt cyberangrep, melder VG i dag. Sikkerheitssjefen i selskapet (CISO) stadfesta at namn, e-postadresser, studentnummer og private meldingar frå brukarar blei henta ut før situasjonen kom under kontroll. Overfor VG stadfestar Kripos at dei kjenner til hendinga og gjer innleiiande undersøkingar.
Til saman blir plattforma brukt av 7000 universitet, grunnskular, vidaregåande skular og utdanningsstyresmakter over heile verda. Fleire millionar elevar og studentar er også blant brukarane.
Har varsla Datatilsynet
I Noreg brukar både UiO, NTNU, OsloMet, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Søraust-Noreg denne læringsplattforma. Ifylgje VG seier UiO at dei ikkje veit om dei er direkte påverka av det som har skjedd, men at dei har opplyst aktive Canvas-brukarar på UiO og at dei har varsla Datatilsynet om det moglege sikkerheitsbrotet.
– Dersom det viser seg at me er råka, kan dette gjelda alle Canvas-brukarar ved UiO, seier studiedirektør ved UiO Audun Digerud til Khrono.
Fekk først beskjed i dag
Sjølv om lekkasjen skjedde 1. mai, fortel studentar ved norske institusjonar at dei ikkje fekk informasjon om lekkasjen før i dag 5. mai.
Det som hackarar har fått tilgang til er namn på brukarar på dei aktuelle institusjonane, e-postadresser, ID-nummer til studentar, og meldingar mellom brukarar som er sendt mellom studentar, førelesarar, rådgjevarar og assistentar via Canvas, ifylgje VG.
Logg inn for å kommentere