English version of this page

Desse tre vil inn i universitetsstyret/These three want a seat on the University Board

Tre kandidatar vil kjempa om å overta vervet som representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i universitetsstyret etter Emma Joanna Lengle. Alle tre er stipendiatar ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. 

Kristin Slungård, Karl Henrik Storhaug Reinås og Frida Johanne Holmen vil alle inn i universitetsstyret.

YNSKJER VERV: Frå venstre: Kristin Slungård, Karl Henrik Storhaug Reinås og Frida Johanne Holmen vil alle inn i universitetsstyret. (Foto: UiO)

Stipendiatane Kristin Slungård, Karl Henrik Storhaug Reinås og Frida Johanne Holmen frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet stiller alle opp i valet på ny representant for dei mellombels vitskaplege i universitetsstyret. 

Valet startar den 26. mai og vil halda på fram til 1. juni. Den som vinn valet, kan gå inn i universitetsstyret frå og med neste semester, og vil sitja der i eitt år. I dag sit Emma Joanna Lengle som representant for denne gruppa i universitetsstyret. Det einaste som er sikkert er at den som blir valt, vil koma frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet. 

Også dei to studentrepresentantane sit eitt år i styret. Ingen andre av medlemane i universitetsstyret er på val denne våren. 

Alle dei tre kandidatane har laga eigne valplattformer: 

Valplattforma til Kristin Slungård, stipendiat ved Det utdanningsvitenskapelige fakultetet

Valplattforma til Karl Henrik Storhaug Reinås, stipendiat ved Det utdanningsvitenskapelige fakultetet

Valplattforma til Frida Johanne Holmen, stipendiat ved Det utdanningsvitenskapelige fakultetet

Emneord: Val 2026 Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2026 16:42 - Sist endra 11. mai 2026 12:53

Logg inn for å kommentere