For første gong skjer utdelinga av UiOs menneskerettspris, også kjent som Lisl og Leo Eitingers fond, i Domus Bibliotheca i sentrum. Det skjer under ein seremoni i dag.
Prisvinnaren Brian Dooley (62) er kjent som forsvarar for menneskerettsaktivistar frå mange ulike stader i verda, mellom anna Ukraina, Gaza og Sudan. Universitetet i Oslo omtalar han på sine nettsider som ein person som har spelt ei avgjerande rolle i å avdekkja brot på menneskerettane mange stader i verda mellom anna i Ukraina og Nord-Irland. Han har dokumentert overgrep, løfta fram menneskerettsforkjemparar, gitt humanitær hjelp i krigsområde og sørga for å verna grunnleggjande fridomar.
I eit intervju med Uniforum vedgår han at han blei ganske paff då han fekk ein e-post med beskjed om at viserektor Mathilde Skoie ved UiO ynskte å få tak i han.
– Eg frykta at noko hadde gått gale med prosjektet om Nord-Irland som eg hadde samarbeidd med Norsk senter for menneskerettar om.
– Då ho ringte meg, fortalde ho meg at ho nettopp var begynt som viserektor, og den første oppgåva hennar var å fortelja meg at UiOs menneskerettspris var tildelt meg for 2025, seier han til Uniforum nokre timar før han skal få utdelt prisen.
– For meg kjendest det som om dette var noko som skjedde med ein heilt annan person, vedgår han når han står ute på gata og ser biletet av seg sjølv ute på Universitetsplassen.
Brian Dooley tolkar prisen som ei anerkjenning for det arbeidet han har gjort i ein del kriseramma område i verda.
Dooley er seniorrådgjevar i organisasjonen Human Rights First som held til i Washington D.C. Han har doktorgrad i borgarrettshistorie frå East Anglia University. Dessutan har han vore seniorrådgjevar for FNs spesialrapportør for menneskerettsaktivistar, Mary Lawlor frå 2020-2023

Logg inn for å kommentere