Ragnhild Camilla Schreiner er likevel ikkje den einaste med bakgrunn frå UiO som er oppnemnt som medlem i skattekommisjonen. Også tidlegare rektorkandidat og student ved UiO Torkil Vederhus er plukka ut. I dag er han IT-utviklar, etter at han i fleire år har vore generalsekretær i Miljøpartiet Dei Grøne.
Førsteamanuensis Ragnhild Camilla Schreiner har offentleg økonomi, arbeidsøkonomi og anvendt økonometri som faglege interesser, går det fram av nettsidene hennar.
Det var tidlegare i haust regjeringa varsla at den seinast i løpet av 2027 vil leggja fram ei stortingsmelding om skattereform. Finansminister Jens Stoltenberg utdjupar i ei pressemelding frå regjeringa kva formålet med skattekommisjonen er.
– Målet vårt er å oppnå å bli einige om viktige element i skattesystemet på tvers av politiske skiljelinjer. Skattekommisjonen kan gi nyttige råd på vegen mot ei stortingsmelding og eit skatteforlik. På den måten kan me oppnå at skattesystemet blir føreseieleg framover og at det kan stå seg over tid, seier Stoltenberg.
Alle partia på Stortinget, bortsett frå Framstegspartiet har slutta opp om forslaget om å oppretta ein tverrpolitisk skattekommisjon.
Medlemar av skattekommisjonen:
Eigil Knutsen, Bergen (leiar)
Dagleg leiar Lars Erik Bartnes, Bærum
Advokat Jan Joachim Meidell Bjerke, Oslo
Førsteamanuensis Ole-Andreas Elvik Næss, Bergen
Gruppesekretær Ingrid Nergaard Fjeldstad, Bergen
Partnar Jon Gunnar Pedersen, Larvik
Analytikar Astrid-Kristine Hauge Rambøl, Oslo
Førsteamanuensis Ragnhild Camilla Schreiner, Oslo
Leiar myndigheitskontakt Hans Olav Syversen, Oslo
Advokat Hilde Thorstad, Oslo
IT-utviklar Torkil Vederhus, Oslo
Førsteamanuensis Camilla Bakken Øvald, Oslo
Logg inn for å kommentere