Det var i ein seremoni i Runde auditorium på Domus Medica ved Det medisinske fakultetet professorane Bjarne Bogen og Inger Sandlie fekk utdelt dei synlege medaljane på at dei no er utnemnde til St. Olavs Orden Riddarar av 1. klasse. Begge får utmerkinga for bidraga sine til medisinsk forsking og innovasjon, melder Det Norske Kongehuset. Kansellisjef Mette Eriksen Tverli frå Det kongelege hoff delte ut ordenane. Både Bjarne Bogen og Inger Sandlie arbeider ved Institutt for klinisk medisin ved UiO.
Under seremonien var både dekan Hanne Harbo frå Det medisinske fakultetet og Solveig Kristensen frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet til stades. Det var også forslagsstillarane professor Ludvig Munthe frå KG Jebsen Centre og Institutt for klinisk medisin og professor Jan Terje Andersen ved Institutt for klinisk medisin.
Logg inn for å kommentere