Zeeshan Shakar trekkjer seg som vara til UiO-styret

Forfattaren Zeshan Shakar blei i juni oppnemnt av Kunnskapsdepartementet som vara for dei eksterne representantane i UiO-styret. No ber han om å fråtre.

FRÅTRER: Zeshan Shakar gir opp private grunnar til at han ikje kan vera vara til universitetsstyret.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er i ein epost til Kunnskapsdepartementet forfattaren Zeshan Shakar ber om å få sleppa å ta på  seg vervet som vara for dei eksterne representantane i Universitetsstyret. Shakar gir opp private grunnar til at han ber om bli fritatt frå det vervet.  Det seier han seg lei for, går det frå av eposten som Uniforum har fått tilgang til.

Shakar fekk det store gjennombrotet sitt som forfattar med romanen «Tante Ulrikkes vei» i 2017.Seinare har han gitt ut romanane «Gul bok» og «De kaller meg ulven».

Oppnemnt i juni

Shakar blei oppnemnt til vervet som andre vara for dei eksterne styrerepresentantane i slutten av juni. Då blei tidlegare leiar for Nobelkomiteen Berit Reiss-Andersen, direktør for Stiftinga Fritt Ord Knut Olav Åmås, FNs spesialrådgjevar for verdshava Sturla Henriksen og den svenske medisinprofessoren Agneta Holmäng  frå Göteborgs universitet oppnemnde som faste eksterne medlemar av UiO-styret.

Ingen erstattar er klar

Direktør Anita Hager frå Intek Engineering AS på Raufoss blei  samtidig oppnemnt som første vara, medan Zeshan Shakar blei oppnemnt som andre vara. 

Det er førebels ikkje klart kven som vil overta som andre vara for dei eksterne representantane i Universitetsstyret. Uniforum får opplyst hos Kunnskapsdepartementet at dei enno ikkje veit når det blir oppnemnt ein ny andre vara for dei eksterne styrerepresentantane. 

Det første møtet i det nye UiO-styret skal vera den 23. september. 

 

 

Emneord: Universitetsstyret Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2025 11:39 - Sist endra 20. aug. 2025 11:39

Logg inn for å kommentere