Ormehovudet frå Osebergskipet skal visast fram for første gong

Det viktigaste symbolet frå vikingtida, det originale ormehovudet frå Osebergskipet, skal stillast ut for publikum i Oslo denne helga. – Det er ein unik gjenstand frå eit heilt unikt funn, seier universitetslektor August Myrseth. 

HOVUDATTRAKSJON: Dette er ormehovudet som blei funne saman med Osebergskipet i 1904. 

Foto: Alexis Pantos/Historisk museum

I morgon 21. juni opnar utstillinga Miðgarðr – vikingens mytiske verden på Historisk museum i Oslo sentrum. Det originale ormehovudet frå Osebergskipet blir ein hovudattraksjon.

– Skummel på ein god måte

Universitetslektor August Myrseth ved Kulturhistorisk museum fortel at dei har eit klart mål med denne utstillinga. 

– Noko av det me har lyst til å gjera, er å bruka alle dei spennande, norrøne forteljingane til å presentera samlingane våre frå vikingtida på ein ny måte, spesielt retta mot barnefamiliar.

– Er dette ei skummel utstilling? 

– Den er best for barn frå åtte til tolv år, og den er kanskje litt skummel for dei minste. Men saman med vaksne skal det nok gå fint. Den blir litt skummel på ein god måte, trur Myrseth.

Han peikar på fleire ting skumle ting.  Ikkje minst tre mystiske figurar som ein ser skuggen av inne i ein glasmontér.

– Det er dei tre nornene, og dei tar veldig mykje makt over menneska, for dei spinner ein tråd og når dei klipper av tråden då vert eit menneskeliv avslutta, fortel han. 

FØR VIKINGTIDA: Denne Odin-figuren blei funnen i Skjeberg i Østfold. Den blei laga 500 år før Vikingtida tok til. Det  konstaterer universitetslektor August Myrseth og kommunikasjonsansvarleg Øyvind Gulliksen ved Kulturhistorisk museum. (Foto: Martin Toft)

Ein ekte ormegard

Ei anna oppleving som han trur kan setja litt skrekk i barna er ein ormegard. 

– I vikingtida var det eit skrekkbilete som gjekk ut på å bli kasta i ormegarden. Ein ormegard er eit hol fullt av slangar. Her har me laga ein ekte ormegard som dei barna som tør, kan prøva å snika seg gjennom, seier han.  

Det er likevel ormehovudet frå Osebergskipet som han trur mange av dei som kjem til utstillinga, har mest lyst til å sjå. 

Kva ormehovudet har hatt å seia: 

I norrøn mytologi hadde ormen og andre dyr ei viktig rolle. Midgardsormen var namnet på den enorme ormen som omkransa verda til menneska. Det er også kjent at det fanst vikingskip som heitte Ormen lange. Ormehovudet på Osebergskipet kan ha vore eit samband mellom skipet og den mytologiske verda.  

Det er ikkje usannsynleg at ormehovudet på Osebergskipet kunne takast av og på skipet. Ei lov frå Island frå 1100-tallet seier at stavnpryden på skipet må av når ein nærmar seg land for å ikkje bli uvenner med landvettane. Bayeux-teppet (den normanniske erobringa av England i 1066) viser korleis skipa har stavnpryden på til havs, men ikkje når dei kjem til land. (Kjelde: Kulturhistorisk museum, UiO)

– Det er ein unik gjenstand frå eit heilt unikt funn, altså Osebergfunnet frå vikingtida. Då dei fann skipet, var mykje av skipet så skjørt at dei ikkje kunne montera ormehovudet  på skipet. Eigentleg skulle det vera i tuppen på skipet, men det gjekk ikkje. Derfor måtte dei laga ein kopi og setja den på skipet, fortel han. 

Så no etter 120 år, er det første gong det originale ormehovudet er på utstilling.

Dette hovudet har vore til inspirasjon om vikingtida for filmar, spel, bøker og teikneseriar, fortel han.

– På tjuekroningen vår ser ein også ormehovudet, peikar August Myrseth på. 

– Når Vikingtidsmuseet opnar på Bygdøy i 2027 skal ormehovudet dit, og stillast ut ved sida av Osebergskipet. Også mange av dei andre gjenstandane frå vikingtida skal dit, fortel han.  

Haugbrot i gravhaugen

Osebergskipet blei bygt rundt år 820. 14 år seinare ble det trekt på land og brukt som gravskip for to mektige kvinner. Då arkeologar opna grava i 1904, fann dei eit vikingskip fylt med gravgåver som skipsutstyr, kjøkkenutstyr, gardsreiskapar, tre praktsledar og ei vogn med vakre utskjeringar.

– Som med mange andre graver frå vikingtida, var det nokon som tok seg inn i grava, utførte såkalla haugbrot, rundt år 970. Dei hogde av ormehovudet, og kasta det lenger ned i innbrotslaget. Det gjorde at me har dette ormehovudet i dag, forklarte arkeolog og magasinforvaltar Hanne Lovise Aannestad i ei pressemelding frå Kulturhistorisk museum tidlegare i år. 

Utstillinga opnar i morgon klokka 12.00, og dei 300 billettane til den første utstillingsdagen er allereie rivne bort. Det opplyser kommunikasjonsansvarleg Øyvind Gulliksen ved Kulturhistorisk museum til Uniforum.

Emneord: Vikinger, Vikingskipene Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2025 13:06

Logg inn for å kommentere