Einige om budsjett i Stortinget: Gjellestadskipet får fem millionar ekstra

Verdsarvprosjektet for Gjellestadskipet i Østfold får 5 millionar friske kroner i budsjettsemja mellom Arbeidarpartiet, Sp og SV.  Det går fram av budjettoversynet partia har lagt ut. 

VERDSARV: No får prosjektet som jobbar med å gjera Gjellestadskipet til verdsarv ei ekstra millionløyving i det endelege reviderte budsjettet.  På biletet er arkeologar frå Kulturhistorisk museum i ferd med å undersøkja funnstaden i 2020. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I  formiddag blei Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet einige om revidert budsjett for 2025. For Universitetet i Oslo er truleg det viktigaste nyhendet at prosjektet som skal sikra verdsarven Gjellestadskipet i Østfold får 5 millionar kroner ekstra. Kulturhistorisk museum på UiO har leia utgravinga av dette funnet.

Eit mindre hyggeleg nyhende for Forskings-Noreg er at ein del av inndekkinga av dei ekstra utgiftene SV og Sp har fått inn i revidert budsjett, skjer ved at driftsbudsjettet til Forskingsrådet blir redusert med 20 millionar kroner. Det går fram av eit felles  oversyn på Senterpartiets nettsider, Arbeidarpartiets nettsider og SVs nettsider.  

For Universitetet i Bergen er det store nyhendet at SV har fått inn ei oppstartsløyving til Griegakademiet  på 20 millionar kroner noko som gjer det mogleg å realisera heile det prosjektet, ifylgje  ei melding på SVs nettsider, på Aps nettsider og på Sps nettsider. 

Partigruppene til Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har også samla seg om ei oppfordring frå Stortinget til regjeringa om å greia ut og innføra eit forbod mot handel og anna næringsverksemd med selskap som bidrar til å oppretthalda Israels ulovlege okkupasjon av palestinske område.  Det er SV-leiar Kirsti Bergstø svært glad for. 

 – Det einaste språket Netanyahu og regjeringa hans forstår, er makt. No får me endeleg forbod mot handel med selskap som bidrar til Israels ulovlege okkupasjon, seier ho i ei  melding på SVs nettsider. 

UiO-leiinga lova i førre månad å ikkje inngå nye institusjonelle avtalar med universitet i Israel no. Det kom fram i eit møte som dei hadde med fleire representantar for solidaritetsrørsla for Palestina.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Stortinget, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2025 12:18 - Sist endra 17. juni 2025 12:23

Logg inn for å kommentere