Universitetsdirektøren varslar tøffare økonomiske tider for UiO

Heile UiO må førebu seg på ei tid med trongare budsjett. Det gjer universitetsdirektør Arne Benjaminsen heilt klart i omtalen av budsjettfordelinga for 2026 i sakspapira som UiO-styret skal handsama tysdag 6. mai. 

 

MINDRE PENGAR: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen fryktar det blir dårlegare økonomiske tider for Universitetet i Oslo i åra framover. 

Den 10. juni skal Universitetsstyret handsama UiOs interne budsjettfordeling med grunnlag i den mest sannsynlege løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Men allereie i morgon får styret presentert eit førebels opplegg frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen for fordelinga og ei vurdering av kva som blir dei største og viktigaste utfordringane for UiO-økonomien i tida framover.   

UiO hadde samla inntekter på 9,48 milliardar i 2024

UiO-leiinga reknar med at løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til UiO vil koma på 6,642 milliardar kroner for budsjettåret 2026.  Det vil seia ein auke på 13 millionar kroner i høve til budsjettåret 2025.

Etter innføringa av dei tre nye indikatorane i KDs finansieringssystem, vert det rekna me ein auke i inntektene til UiO på 36 millionar for studiepoeng og 41 millionar i auke for avlagde doktorgradar, altså til saman ein auke på 75 millionar kroner. 

I styredokumentet frå universitetsdirektøren står det at UiO i 2024 hadde samla inntekter på 9,48 milliardar kroner inkludert løyvinga frå Kunnskapsdepartementet. Den utgjorde 68 prosent av inntektene. Resten av pengane kom frå Forskingsrådet og EU (17 prosent), og  dei siste 15 prosenta frå oppdrag av ulik art som blant anna sal av IT-tenester, klinikkinntekter og billettinntekter.

Det siste punktet gjeld spesielt for Det odontologiske fakultetet og musea. Når det gjeld inntektene frå KD og frå sal av IT-tenester og klinikk- og billettinntekter, er dei reduserte frå 78 prosent til 73 prosent i perioden frå 2020 til 2024. 

Uniforum har bede universitetsdirektør Arne Benjaminsen om eit intervju i samband med det førebelse opplegget for prioriteringane for fordelinga. Men han ynskjer ikkje å bli intervjua før etter at saka har vore til handsaming i Universitetsstyret. 

I omtalen av fordelinga av budsjettet for 2026 åtvarar Arne Benjaminsen om at UiO kan rekna med ein mindre vekst i løyvingane framover.

Inntekter frå Forskingsrådet går ned medan EU-inntekter går opp

Når det handlar om UiO, er det ein nedgang i søknader og nye prosjekt til Forskingsrådet over tid, går det fram av styrepapira. Samtidig har EU-inntektene halde fram med å auka, sjølv om det ikkje er nok til å vega opp for tilbakegangen frå andre finansieringskjelder.

Det vert understreka at UiO har vore flink til å henta inn frie midlar, men at universitetet også har moglegheiter for å henta inn meir pengar innanfor tematiske forskingsområde.  

Av mørke skyer i horisonten vert det trekt fram auka kostnader til husleige i samband med innflyttinga i Livsvitskapsbygningen og leige av sjukehusareal som det ikkje er kompensert for. 

I budsjettkommentaren peikar universitetssdirektøren på at UiO er i ferd med å redusera det opphopa mindreforbruket sitt i eit for raskt tempo. Det blei redusert med 260 millionar kroner i 2024 og utgjorde 290 millionar kroner då året var slutt. Samtidig viser innleverte budsjett for 2025 eit isolert meirforbruk på 335 millionar kroner for fakulteta og tilsvarande einingar. Universitetsdirektøren varslar  at dette isolerte meirforbruket må ta slutt. Dermed gir han ein klar beskjed om at ingen einingar lenger kan budsjettera med å bruka meir pengar enn det dei har fått tildelt. 

Derfor set UiO-leiinga no i gang møte med alle einingar om tiltak for å sikra økonomisk balanse. Her blir det også vist til at både fakultet og underliggjande einingar no blir fylgde tettare opp. Det er dessutan sett i gang tiltak for at eigedomane til UiO kan utnyttast betre.

"Vi omstiller oss nå til en tid med strammere budsjetter på hele UiO", er bodskapen frå universitetsdirektøren. 

Berekraftsenteret står på trygg grunn

Tidlegare har Universitetsstyret vedtatt å etablera Senter for global bærekraft frå 1. mai i år.  Dette blir finansiert frå frigjorde midlar frå satsinga NCMBM (Norsk senter for molekylær biovitskap og medisin). Det er eit senter som skal fasast ut i løpet av ein 3-årsperiode og skal fasast inn til finansiering av Berekraftsenteret. Før dette skjer, vil berekraftsenteret bli finansiert av ubrukte midlar frå UiOs klima- og miljøstrategi, vert det understreka i  styrepapira som Universitetsstyret får på sitt bord 6. mai.

I tillegg er det også sett av 10 millionar kroner som UiO er forplikta til å bruka til forskingstermin for det avgåtte rektoratet. 

Vurderer å setja av opptil 40 millionar til Nedre Blindern

Universitetsdirektøren føreslår også at det blir omdisponert 10 mllionar kroner frå mellombelse til varige tiltak til Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum. Desse pengane skal brukast til sikring og bevaring av dei vitskaplege samlingane til musea.

Andre mellombelse satsingsmidlar på 40 millionar kroner blir føreslåtte omdisponerte til IT-tenester for å sikra konsolidering av UiOs IT-teneste, heiter det.  Pengane skal nyttast til å ta vare på auka krav til sikring, kontingentar/lisensar og drifta av auka portefølje framover. 

UiO vurderer også å setja av 30 til 40 millonar kroner som mellom anna skal brukast til rydding og klargjering av lokala på Nedre Blindern etter innflytting i Livsvitskapsbygningen. 

 Hovudkonklusjonen er  likevel at det er lite rom for nye prioriteringar i budsjettet for 2026. 

Universitetsstyret får på møtet også presentert ein heilt ny perspektivanalyse for perioden 2019 til 2024. Den går gjennom det økonomiske utviklingsbiletet, utdanning, ekstern finansiering og eigedomsøkonomien. 

Den endelege budsjettfordelinga på UiO blir vedtatt i Universitetsstyrets siste møte før sommarferien, tysdag 10. juni. 

 

Dette er heile sakslista for møtet i Universitetsstyret 6. mai: 

 

Møte nr. 3/2025 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet

Tid og sted:  – , Professorboligen , Karl Johansgate 47

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 23-25 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-sak 24-25 Klage i sak om oppsigelse med grunnlag i virksomhetens forhold

Saksnr.: 2024/15072

Saken er unntatt offentlighet  etter offl, 13 jf fvl § 13,offl §23, §12(c)


V-sak 25-25 Kallelse av professor II (SKO 1013) ved Det juridiske fakultet, Institutt for offentlig rett

Saksnr.: 2025/85141

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 26-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20 %) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025-88336-2

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 27-25 Kallelse til ekstraerverv som prof II i oral protetikk og materiallære ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), OD. Internt finansiert.

Saksnr.: 2025/85306

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 28-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20%) som Førsteamanuensis II (SKO 1011) innen makroøkonomi ved Økonomisk institutt ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Saksnr.: 2025/90628

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 29-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10 %) som førstelektor (SKO 1198) ved Det matematisk-naturvitenskapelige
fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025/91888

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 30-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10 %) som førstelektor (SKO 1198) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025/91889

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 31-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20 %) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2024-91004

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 32-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20 %) som universitetslektor (SKO 1009) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025-91884

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 33-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20 %) som universitetslektor (SKO 1009) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025-91898

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 34-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20 %) som universitetslektor (SKO 1009) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025-91886

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 35-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10 %) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for informatikk

Saksnr.: 2025-91883

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 36-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv 20 % som førsteamanuensis II ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

Saksnr.: 2025/92262

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


V-sak 37-25 Tildeling av UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon 2025

Saksnr.: 

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 26.2 ledd


V-sak 38-25  Fullmakt fra universitetsstyret til at universitetsdirektøren utsteder en utvidet generalfullmakt til Statsbygg

Saksnr.: 2025/39346

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 23 første ledd


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonsaker


I-sak 9-25 UiOs perspektivanalyse 

Saknr.:

Saksdokumenter

Styrenotat


Ordinære saker


V-sak 39-26 Fordeling 2026 - Foreløpig opplegg for prioritering for fordelingen

Saksnr. 2025/92826

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret slutter seg til opplegg for fordeling 2026.

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


V-sak 40-25 Regler for ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskningsstillinger ved UiO

Saksnr. 2024/1303, 2025/8171

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner det vedlagte forslaget til regler for ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskningsstillinger.

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


V-sak 41 Egenbetaling for etter- og videreutdanningstilbud ved UiO

Saksnr.: 2025/85477

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner forslaget til endring av forskrift om studier og eksamener ved UiO, jf. det vedlagte endringsforslaget.

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg 


V-sak 42-25 Avhending av parkeringsplass beliggende i Athen, Hellas, eid av Universitetet i Oslo

Saksnr.: 2025/86721

Forslag til vedtak:

A) The sale and transfer of the Parking Space is approved.  
B) The University Director is authorized to handle the sale process in general, including, without limitation, to collect all the documents and certificates and comply with any formality necessary for the execution of the notarial transfer deed, to request a certified appraiser to make an evaluation of the Parking Space, to select the prospective buyer and to agree with him on the purchase price, the terms and conditions of the sale, at the absolute discretion of the University Director and as closely as possible to the value of the Parking Space, as this will have been determined by a certified appraiser, and to procure for the collection of the purchase price by UiO.  
C) The University Director is allowed to issue a power of attorney in favour of proxies in Greece who will be authorized to sign the notarial transfer deed and any other documents required and to carry out any action necessary for the completion of the sale and transfer of the Parking Space.

Sakdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


Informasjonssaker


I-sak 10-25 Årsrapporter for 2024 fra UiOs redelighetsutvalg og de forskningsetiske ombudene

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrnotat med vedlegg


I-sak 11-25 Studentombudets årsrapport for 2024

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrnotat med vedlegg


I-sak 12-25 UiOs regeletterlevelse på utdanningsområdet: årsrapporter fra Læringsmiljøutvalget, Si fra-systemet for studenter og Nemnd for studentsaker 2024 m.v.

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


I-sak 13-25 Personvernombudets rapport for 2024

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


I-sak 14-25 Status for informasjonssikkerhet og personvern ved UiO

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


I-sak 15-25 HMS ved Universitetet i Oslo - Årsrapport 2024

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


I-sak 16-25 Orientering etter rektorvalget

Saksnr.:

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


O-sak 3-25 Orienteringer fra universitetsdirektøren 

Saksnr.: 2008/3197

Saksdokumenter:

Styrenotat med vedlegg


Saker til behandling i lukket møte

Informasjonssaker


I-sak 8-25 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 43-25 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

Les også sakslista på UiOs nettsider

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2025 04:30

Logg inn for å kommentere