Frå tysdag 23. april og fram til onsdag 30. april har alle som er registrerte som studentar ved Universitetet i Oslo høve til å delta i valet av 26 representantar til Studentparlamentet. Dette er det høgaste valde organet for studentane. I tillegg vil kvart av dei åtte fakulteta vera representerte med ein student kvar.
Dermed vil dei til saman 34 representantane i Studentparlamentet plukka ut seks medlemar til arbeidsutvalet. Det blir leia av den som blir utpeikt til leiar for Studentparlamentet. Dette studieåret har det vore Sondre Mattias Klungland frå Venstrealliansen.Mellom dei som sit i arbeidsutvalet blir det også peika ut to personar som skal representera studentane i Universitetsstyret til UiO.
Tidlegare denne veka sparka Sondre Mattias Klungland i gang valet med ein debatt mellom kandidatar frå alle dei åtte listene som stiller til val.
Debatten i SV-.kjellaren handla om alt frå kantineprisane til Studentsamskipnaden i Oslo, opning for private mattilbydarar og internasjonal solidaritet til den vidare kampen for akademisk boikott av Israel. For alle var også studentøkonomien viktig.
Dette er dei åtte listene som stiller opp i valet på nytt studentparlament:
Universitetslisten, A-lista, Moderat liste, Venstrealliansen, Grønn Liste, Lista, Liberal Liste og Solidaritetslista.
Les meir på Studentparlamentets valsider.
Logg inn for å kommentere