Konklusjonen er at norske forskingsmiljø jamt over held god kvalitet, men at det er stor variasjon i kvalitet og ambisjonsnivå, skriv Forskingsrådet i ei pressemelding.
Rapporten evaluerer norsk medisinsk og helsefagleg forsking for perioden 2012-2022 og vurderer kvalitet og relevans av forsking utført ved høgare utdanningsinstitusjonar, i instituttsektoren og av helseføretaka.
Til saman jobbar det 9212 forskarar i dei 317 forskargruppene ved dei 68 administrative einingane som no er evaluerte.
Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo gjer det svært godt i denne rapporten, står det i ei nettsak på instituttet.
Og evalueringskomiteen verdset instituttet sin forskingsstrategi, som legg vekt på framifrå forsking, samfunnspåverknad og integrering av nyskapande praksis i psykologisk forsking og utdanning, i tillegg til at det er ein god samanheng mellom organisasjonsstruktur og strategiske mål, går det fram av rapporten.
– Ei anerkjenning til heile PSI
Det er instituttleiar Bjørn Lau svært nøgd med.
– At evalueringskomiteen framhevar både forskingskvaliteten og korleis me har organisert forskinga, er ei anerkjenning til heile PSI, seier Bjørn Lau i saka på nettsidene til Psykologisk institutt.
Komiteen kjem også med nokre kritiske merknader til instituttet. Den meiner Psykologisk institutt har gjort seg for avhengig av ekstern finansiering og mellombelse utlysingar. Noko som kan bli ei administrativ bør for dei vitskaplege tilsette og truga stabiliteten på sikt. Som mottiltak rår dei Psykologisk institutt til å spreia finansieringskjeldene sine meir, står det.
Evalueringar sikrar høg kvalitet
Offentleg medisinsk og helsefagleg forsking utgjer 15 prosent av alle forskingsutgifter i Noreg og er eit viktig forskingsområde.
Forskingsrådet evaluerer norske fagmiljø for å skape eit solid kunnskapsgrunnlag om norsk forsking og høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv.
– Det er viktig at forsking held høg kvalitet, og evalueringar er eit viktig ledd for å sikre dette, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Ho viser til at kunnskapen er nyttig for institusjonane som deltek i evalueringa, for dei som gir råd til styresmaktene, og for styresmaktene som set mål og rammar for forsking og høgare utdanning.
Ho peikar på at dette også gjeld for samarbeidspartnarar og for at folk skal ha tillit til løysingane som forsking gir,
Offentlig grunnfinansiering
Finansiering av medisinsk og helsefagleg forsking er for ein stor del offentleg grunnfinansiering uavhengig av ytingane til institusjonane. Dette utgjer 64 prosent av finansieringa.
Forskingsinfrastrukturen er generelt sett god, men det er rom for forbetringar både når det gjeld tilgang til og bruk av infrastruktur.
Evalueringa viser særleg at betydninga av helseregistera for forsking er viktig, og at dei gjennom betre koordinering kan bli ein eineståande ressurs i eit internasjonalt perspektiv.
Internasjonal finansiering og industrifinansiering er låg. Dette avgrensar ikkje berre forskingsbudsjetta, men det medfører låg deltaking på den internasjonale forskingsarenaen og dessutan reduserte samfunnseffektar.
Kommunikasjonen med industrien er generelt tilfeldig og uorganisert, og det same gjeld for finansieringsinitiativ for oppstartsbedrifter. Det vil vere mykje å vinne på å styrkje prosessen frå forsking og oppdaging til kunnskapsoverføring og implementering, går det fram av pressemeldinga.
Rapporten har fem hovudtilrådingar:
- Betre koordinering av forskingsfinansiering for å auke konkurranseevna til medisinsk og helsefagleg forsking i Noreg.
- Auke konkurranseevna til norsk medisinsk og helsefagleg forsking ved å fokusere på målretta program på tvers av administrative einingar og organisasjonar, og kople desse til internasjonal toppforsking.
- Gjere medisinsk og helsefagleg forsking meir attraktiv for unge og/eller utanlandske forskarar, og utvikle klare karrierevegar for forskarar.
- Utvikle dei nasjonale helseregistera for å utnytte det unike potensialet i eit internasjonalt perspektiv.
- Auke samfunnseffektane av medisinsk og helsefagleg forsking og formidle effektane.
Logg inn for å kommentere