Det blei ikkje rom for lange utgreiingar og lange svar frå rektorkandidatane Ragnhild Hennum, Hanne Flinstad Harbo og Giske Ursin då leiaren for Studentparlamentet Sondre Klungland torsdag inviterte dei til grillparty på Scene Humsam i Georg Sverdrups hus. Det lengste kvar av dei fekk halda på, var fem minutt til eigenreklame for å få studentar til å stemma på dei.
Jussdekan Ragnild Hennum slapp først til med ein sterk appell om at UiO måtte få ei endå betre samansett gruppe av studentar enn i dag.
– UiO må bli flinkare til å rekruttera studentar frå Oslo Øst, understreka ho.
– Viktig å stå opp for universitetsdemokratiet
For medisindekan Hanne Flinstad Harbo var det viktig at studentane engasjerte seg.
– Det er viktig at me står opp for universitetsdemokratiet i desse tider. Læringsmiljøet skal vera veldig bra. Det bør vera læringsmiljøutval på kvart fakultet, understreka ho.
Den tredje rektorkandidaten Giske Ursin som til dagleg er direktør for Kreftregisteret, lova også ein politikk for studentane om ho vinn rektorvalet.
– Studentar skal bli tatt godt vare på. Me skal sjå på lågterskeltilbod for psykisk helse, sa ho. Samtidig repeterte ho hovudmålet om at hennar rektorlag vil jobba for at UiO skal bli eit av dei 30 beste universiteta i verda i løpet av dei neste 30 åra.
Framleis imot akademisk boikott av Israel
Heller ikkje denne gongen slapp rektorkandidatane unna spørsmålet om korleis dei stiller seg til akademisk boikott av Israel. Og også denne gongen var dei svært samstemte i svara dei gav til debattleiar Sondre Klungland. Hanne Flinstad Harbo var først ut med å svara.
– Me er ein del av det norske demokratiet der regjeringa bestemmer retning. Derfor vil ikkje universitetet ta eit eige standpunkt for det. Eg kjenner ikkje til at det finst overordna avtalar med Israel, sa ho.
Rektorkandidatane Giske Ursin og Ragnhild Hennum var heilt på linje med Harbo i dette spørsmålet.
– Me er imot akademisk boikott. Men det finst heller ingen institusjonelle avtalar akkurat no. Det er viktig å gjenoppbyggja Gaza. No er eg uroa for situasjonen i USA, sa Ursin.
– Me er ikkje for akademisk boikott, understreka Hennum. Ho meinte likevel at UiO kan bli flinkare til å ta avstand frå brot på folkeretten og menneskerettane.
– Der kunne UiO ha vore tydelegare. Me kan bidra med folk og personell i gjenoppbygging mange stader i verda, syntest ho.
– Vil ikkje reisa så mykje som Stølen
Harbo ville likevel prioritera litt annleis enn dagens UiO-rektor på nokre område.
– Eg vil ikkje reisa så mykje som Stølen om eg blir rektor. Me må samarbeida betre innanriks. Også samarbeid på tvers av siloane som fakulteta kan vera, føreslo ho.
Ursin meinte Stølen hadde gjort ein god innsats som rektor.
– Me må også jobba meir for betre finansiering overfor Kunnskapsdepartementet, men også frå eksterne grupper, stiftingar og næringslivet, lova ho.
Uniforum skreiv torsdag om korleis rektorkandidatane ynskte å halda kontakt med studentane om dei ville koma i rektorstolen.
• Les også: Dette mener Studentparlamentet bør gjøres for å gi studentene mer innflytelse
Og Sondre Klungland lurte også på om dei ville snakka meir med studentane.
– Eg skal stilla opp på møta med Studentparlamentet, lova Hennum.
Harbo stadfesta at ho ville at den øvste studenttillitsvalde kunne få møta oftare på dekanmøta.
– Me vil ha tett kontakt slik at studentane kan koma inn i god tid når saker kjem opp, lova Ursin.
– Eg trur ikkje det er jævlig lurt
Jusdekan Ragnhild Hennum var nøye med å presisera at ikkje alle studentar kunne representera studentane.
– Studentane har legitimitet gjennom val, og derfor må me snakka med dei valde studentane, og ikkje absolutt kven som helst av studentane, peika ho på.
Når det gjaldt forslaget til Hanne Flinstad Harbo om å etablera læringsmiljøutval på alle fakultet, fekk den ideen det glatte lag frå rektorkandidat Ragnhild Hennum.
– Eg har lese dokumentet om læringsmiljøutval på kvart fakultet. Eg trur ikkje det er jævlig lurt å å spreia det ut på fakultetsnivå når læringsmiljøutvalet ikkje fungerer på sentralt nivå, var ho overtydd om.
Ursin tykte likevel det var viktig å jobba med læringsmiljø også på fakulteta.
– Me må jobba meir med ekstern finansiering for å få i gang slike tiltak, var det ho trudde skulle til. Harbo stod fast på forslaget.
– Me vil gjerne fylgja opp ideen om å ha lokale læringsmiljøutval, varsla ho.
– Kven er alle desse hemmelege stiftingane
Klungland ville gjerne ha rektorkandidat Giske Ursin ut på bana med lovnadane om å skaffa endå meir pengar til UiO frå eksterne kjelder, dersom ho blir vald til rektor.
– Korleis kan de ordna det når forgjengarane ikkje har klart det?
– Å jobba tettare med stifitingar og næringslivet, det krev stor innsats, noko eg veit frå tida mi i USA. Me har ein plan for korleis det skal gjerast. Me vil ha inn alumni-tankegangen, fortalde ho.
Giske Ursin fekk motbør frå Ragnhild Hennum som viste til sin tidlegare karriere som prorektor ved UiO.
– UiO har jobba mykje med å skaffa pengar frå stiftingar og det private næringsliv tidlegare. Kven er alle desse hemmelege stiftingane som de veit om?
– Heller til Noreg enn til USA
Og Harbo fylgjde opp med å visa til korleis UiO skaffar seg pengar i dag.
– Me får pengesekken frå KD når me får produsert mest mogleg studiepoeng, trekte ho fram. Men Ursin stod fast på at det er viktig å jobba for å få inn pengar også frå andre finansieringskjelder.
– Eg har jobba overfor Helse- og omsorgsdepartementet. Eg veit korleis me kan jobba med næringslivet, og no vil dei heller gi pengar til Noreg enn til USA, var ho sikker på.
Klungland peika på at næringslivet gir pengar til ynskt forsking og lurte på om ho hadde tenkt på det
– Me er ute etter pengegåver til institusjonen over tid utan bindingar, utan at det skal gå utover akademisk fridom, sa Ursin.
Hennum kom inn på ein av dei største avtalane UiO har inngått med næringslivet.
– UiO har vore forsiktig med til dømes akademiavtalen med Equinor, for å unngå at den kjem i strid med akademisk fridom. I fjor fekk UiO inn over to milliardar kroner. Det er framleis mykje pengar, tykte ho.
Lova å få innført gratis sanitærartiklar på UiO
Tidlegare har ingen av rektorkandidatane vore positive til etablering av automatar med gratis sanitærartiklar på alle toaletta på UiO. Men etter at Sondre Klungland kunna visa til at det er eit krav studentane har fått gjennomslag for på nesten alle andre høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg, var dei blitt meir positive:
– Det må me vurdera, for det vil kosta mellom to og tre millionar, Då må studentane prioritera dette også, sa Harbo.
– Alle med nikab kan studera ved UiO
Også spørsmålet om UiO bør kunne ta imot studentar som brukar nikab kom opp på møtet. Her var jussdekan og rektorkandidat Ragnhild Hennum heilt klar.
– Alle med nikab kan studera ved UiO. Det er uproblematisk å studera jus, men meir problematisk på medisin, pedagogikk og farmasi.
Det var Harbo einig med henne i.
– Ein legestudent kan ikkje ha på seg ei slik klesdrakt på siste året av studiet.
Vil feira siger med pils
Det siste spørmålet dei måtte svara på var om dei ville feira det med ein pils med studentane om dei blei valde til rektor.
– Ja, sa alle i den uhøgtidlege delen av utspørjinga.
Til saman kom rundt 70 personar til grillinga av rektorkandidatane på Scene Humsam i Georg Sverdrups hus i formiddag. Førstkomande onsdag 19. mars går dei to siste rektorvaldebattane føre seg i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus. Då blir det ein time på engelsk og så ein time på norsk. Rektorvalet begynner 24. mars og vil vara fram til 4. april.
Logg inn for å kommentere