Jonas Gahr Støre: – Aldri undervurder USA på forskingssida

Statsminister Jonas Gahr Støre har tru på at amerikanske institusjonar kan halda fram med det grøne skiftet, trass i at Donald Trump er blitt president. – Aldri undervurder USA på forskingssida, sa han til Uniforum i går.

STØRE I HØYRES HUS: – Aldri overvurder Kina og aldri undervurder USA. Innovasjon, forsking og utvikling har ei unik drivkraft, understreka statsminister Jonas Gahr Støre på kontaktkonferansen i Høyres Hus i Oslo i går. Til venstre sit UiO-rektor Svein Stølen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Dagen etter at Donald Trump overtok som president i USA, organiserte Kunnskapsdepartementet ein kontaktkonferanse om omstilling, sikkerheit og beredskap for universitets- og høgskulesektoren.

Statsminister Jonas Gahr Støre var invitert som hovudtalar for å snakka om den geopolitiske situasjonen i verda.  Han kom inn på både nordområda og kor viktig det var ikkje å lulla seg inn i ein djup fred, men heile tida vera merksam på kva som går føre seg på den andre sida av grensa til naboen til Noreg i nord, Russland. 

– Det går føre seg tradisjonelle etterretningstrugsmål frå framande makter, men også tilfelle av personar som har dobbel identitet peika han på.

– Kina er viktig for det grøne skiftet

Han underslo ikkje at Kina er ein svært viktig økonomisk aktør i verda, også for norske bedrifter. Over 50 prosent av verdas skip blir bygde i Kina.

– Eg var på besøk i Kina då reiarlaget Høegh fekk overrekt eit nytt biltransportskip frå Kina. Landet er også viktig for klimatiltak og det grøne skiftet, trekte han fram. 

Støre tykte også den 21. januar 2025 var ein trist dag fordi USA hadde gjort kjent at dei ville gå ut av Verdas helseorganisasjon.

– Der har eg også jobba. I dag kjem meldinga om at Kina vil gå inn og styrkja organisasjonen etter at USA har gått ut. På den måten får USA endå meir rett i at Kina har for mykje å seia i organisasjonen, la han til.

– Såg spøkelsesbyane

Jonas Gahr Støre hadde sjølv tatt lyntoget mellom Beijing og Shanghai. 

– Då såg eg alle spøkelsesbyane med folketomme høgblokker, som viser at Kina opplever ei bustadkrise. Og Kina har 25 prosent ungdomsarbeidsløyse.  Aldri overvurder Kina og aldri undervurder USA. Innovasjon, forsking og utvikling har ei unik drivkraft, understreka han.

Støre meinte det likevel var viktig ikkje å slå strek over samarbeid med Kina.

­– Men det er også viktig å samarbeida med andre asiatiske land og med Japan, var rådet hans.

Ber akademia framleis sjå til USA

Då Uniforum møtte han etter talen ville me gjerne vita litt meir om kva han tenkjer om det grøne skiftet etter at Donald Trump no er blitt president i USA og har trekt landet ut av Paris-avtalen.

FRAMLEIS FORSKING PÅ KLIMA I USA: – Det vil ikkje bli endra ved at Trump igjen tar USA ut av Paris-avtalen, sa Jonas Gahr Støre. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Skal norske universitet samarbeida med Kina om det grøne skiftet eller skal dei prøva å halda fram samarbeidet med USA, sjølv om Trump er negativ til det grøne skiftet?

– Norske utdanningsinstitusjonar bør sjå til dei kunnskapsmiljøa som har forsking og utvikling og ambisjonar på dette området, og som dei kan læra av.  Mange av dei kjem framleis til å vera i USA.  Det vil ikkje bli endra ved at Trump igjen tar USA ut av Paris-avtalen, trudde han. 

Støre understreka at han ikkje hadde sett data på det, så han visste ikkje kor mykje det samarbeidet fall etter at Trump trekte USA ut av Paris-avtalen sist.

– Men framleis har USA leiande forsking. Og som eg seier; aldri undervurder USA på forskingssida, var oppfordringa frå Jonas Gahr Støre til universitets- og høgskulesektoren.

– Ikkje undervurder Kina

Viserektor Mette Halskov Hansen ved UiO kommenterte innlegget til statsminister Jonas Gahr Støre, og professoren i Kina-studiar var ikkje heilt einig med han i vurderinga hans av Kina.

– Landet har utvikla seg til å bli ein av verdas leiande kunnskapsnasjonar og sterkaste økonomiar utan å ha innført demokrati. No satsar landet på å bli den leiande forskingsnasjonen også. Det har aldri skjedd før med noko land i verda. Så difor seier eg:  Ikkje undervurder Kina, var rådet hennar.

– Send norske studentar til Kina

Regjeringa har også kome med forslag om at sivil og militær sektor skal samarbeida nærare når det gjeld forsking og utvikling.

– Då kan ikkje Noreg kritisera Kina for å gjera det, minna ho dei om.

Ho kom også med eit råd til regjeringa:

– Send norske studentar til Kina og lat dei studera  om Russland og Iran. Samfunnet treng kunnskap om desse landa, understreka ho.

– Forskingsmiljøa kan samarbeida med Kina

Forsking- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel var overfor Uniforum heilt klar på kva tilrådingar han og regjeringa kjem med når det gjeld å samarbeida med Kina innanfor forsking og høgare utdanning.

LENGER UNNA: – Det vil bli ei dreiing mot fagområde lenger unna det me i dag reknar som sensitive område, slo forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel fast. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 – Me skal samarbeida med Kina der det er i vår nasjonale interesse. Forskingsmiljøa må for all del samarbeida med Kina, der det er i deira faglege interesse, men me skal tenkja nøyare gjennom kva fagområde me samarbeider med kinesiske institusjonar om. Me skal vera meir bevisste på å sørgja for at kunnskap som ikkje skal koma andre i hende, vert skjerma.  Me må byggja på prinsippet: så open som mogleg og så skjerma som nødvendig, understreka han.

Vil føra til ei dreiing mot andre fagområde

Hoel trudde at det vil føra til ei endring i kva type forsking norske institusjonar vil samarbeida med Kina om.

 – Det vil bli ei dreiing mot fagområde lenger unna det me i dag reknar som sensitive område, slo han fast i samtalen med Uniforum.

– Regjeringa har også gått inn for auka samarbeid om forsking og utvikling mellom sivil og militær sektor. Kan ikkje dette bli ei farleg samanblanding?

– Heile poenget er at det skal bli ei handterbar samanblanding. Me har vore tydelege på at eit av utgangspunkta er at Forsvaret skal gjennom ei stor styrking, eit forsvarsløft dei neste åra. Dei har behov for ein betydeleg FoU-innsats. Dei har også behov for at den kjem frå sivil side, svara han. 

– Dette er frivillig 

Han viste til at det er snakk om å opna den forsvarsrelaterte forskinga for aktørar frå det sivile forsvaret sitt program.

– Me er tydelege på at dette er frivillig. Det er ein moglegheit for dei som melder seg på og ikkje noko som ein blir tvunge til. Det er behov for å utvikla betre system for nye institusjonar som vil inn i forsking både på sensitive fagområde og i gradert forsking, presiserte Oddmund Hoel.

– Veldig bra at det blir avdekt

– Den siste veka har Universitetsavisa avslørt korleis utanlandske forskarar har klart å lura til seg publiseringspengar og forskarstatus frå NTNU. Er det fare for at slike ting også vil bli avslørt på andre universitet i Noreg?

– Det er veldig bra at dette blir avdekt. Og det er bra at ein har kvalitetssikringssystem som reduserer risikoen for den typen verksemd. Me ser internasjonalt at røvartidsskrift er eit aukande problem.

 Hoel synest dette er ein tankevekkjar for andre institusjonar.

– Eg trur me kjem til å sjå meir av den typen avdekkingar framover.  

– Me skal ta på alvor dei meldingane som kjem

– I dag blir det rapportert om mange studentar som ikkje klarer å lesa lange tekstar (TL-DR-studentar(too-long-didn't read) før dei tar eksamen. Er du redd for å få mange KI-skadde studentar på institusjonane framover?

– Me skal ta veldig på alvor de meldingane som kjem, ikkje berre frå norske universitet og høgskular, men også internasjonalt, seier han 

– Både skjermbruk og generativ kunstig intelligens stiller sektoren overfor nye utfordringar, konstaterer han. 

Men no varslar Hoel at regjeringa vil gjerna noko for å kartleggja dette.

– Det blei offentleggjort tysdag at me set ned eit utval som skal sjå på både problematiske og positive sider med kunstig intelligens i høgare utdanning, opplyser han. 

–Treng breiare kunnskap om dette

Hoel fortel at det regjeringsoppnemnde utvalet snart kjem i gang med dette arbeidet og etter planen skal det levera ein NOU-rapport om dette.

– For dette er så viktig at me treng breiare kunnskap om dette, og me treng gode råd om korleis me og institusjonane skal forholda oss til dette fenomenet som alle snakkar om i sektoren, seier han.

– Me må gå opp grensa mellom openheit og skjerming

I hovudtalen sin på kontaktkonferansen varsla Oddmund Hoel også ei eiga stortingsmelding om forskingssystemet.  Han utdjupa dette overfor Uniforum.

– Det er viktig for oss å finna ut korleis me kan halda fram med forskingssamarbeid med andre land og orientera oss i ein ny og farlegare geopolitisk situasjon, peika han på.

Hoel trekte også fram at det er større behov for samarbeid mellom sivil og militær forsking.

– Det er ein fare for at me avgrensar forskingssamarbeidet meir enn det som er formålstenleg, og i vår nasjonale interesse. Me må gå opp grensa mellom openheit og skjerming, understreka han. 

I meldinga vil dei også ta til orde for å sjå nærare  på doktorgradsutdanninga.

– Brukar me ressursane på ein rett måte når det gjeld fordeling av fagområde og kopling til offentleg sektor og næringslivet og den totale dimensjoneringa? spør han. 

Derfor set derfor ned eit ekspertutval som skal gå i gang med dette, fortel han.

– Ein kritikk som bommar

Nokre har kritisert Oddmund Hoel og regjeringa for å vera for nasjonal og for lite internasjonal.  Det er Hoel heilt ueinig i, kom det fram.

– Det er ein kritikk som bommar fordi i alle land blir kunnskapspolitikken meir nasjonal. Det er eit resultat av det fenomenet me ser rundt oss, ja kall det gjerne deglobalisering. Nasjonal politikk blir viktigare, hadde han observert.

Han fasrslo at  det regjeringa gjer, er å finna svar på ein meir krevjande geopolitisk situasjon.

– Det må me gjera på ein måte som greier å balansera nasjonale behov med beredskap og forskingstryggleik opp mot behovet for openheit og internasjonalt samarbeid. Den balansen synest eg me har funne på ein fin måte, sa Oddmund Hoel til Uniforum.

 

Emneord: Internasjonalisering, Forskingspolitikk, USA, Kina Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2025 04:30 - Sist endra 22. jan. 2025 13:38

Logg inn for å kommentere