Unikor skapte julestemning i Georg Sverdrups hus

Rundt 70 personar kom til foajeen i Georg Sverdrups hus då Unikor hadde den tradisjonelle julelunsjkonserten sin klokka 12.15 i dag. 

JULETONAR: Unikor bidrog med juletonar frå to kontinent under julelunsjkonserten på Blindern. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den norske folkesongen "I denne søte juletid" innleia konserten til Unikor, koret for dei universitetstilsette, då dei markerte inngangen til jula i Georg Sverdrups hus midt i dagens lunsjtid.  Koret fylgde opp med "En aftensang til Maria" av Clara Schumann, før turen kom til songen "Himlen i min  favn", ein song komponert av Carola Häggkvist og Erik Hillestad. 

FOR FÅ STOLAR: Det hadde blitt sett ut for få stolar, så fleire av dei 70 frammøtte måtte stå under konserten. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Seinare kom det eit korverk av den norskamerikanske komponisten Ola Gjeilo. Frå USA kom også bidraga "White Christmas"  og "Have yourself a merry little Christmas" med nye arrangement av dagens dirigent Dag Jansson og tidlegare dirigent Tor Tveite. Så tok Unikor ein tur innom Storbritannia og komponisten John Rutters "Candlelight Card". 

Konserten blei avslutta med allsong med publikum med julesongane "Dona Nobis Pacem" og "Deilig er jorden". Etter 45 minutt blei konserten avslutta til ståande applaus frå alle dei frammøtte.   

MUSIKK I LUNSJEN: Mange UiO-tilsette og nokre studentar tok turen til Georg Sverdrups hus for å få med seg Unikors julelunsjkonsert. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Emneord: Kultur Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2024 16:34

Logg inn for å kommentere