Thomas Hylland Eriksen blei diagnostisert med kreft i bukspyttkjertelen i 2016. I kveld døydde han. Det stadfestar kona Kari J. Spjeldnæs på Facebook i ein tekst som NRK vidareformidlar:
«Vår Thomas, min elska mann og vår snille pappa forlét oss fredeleg og for alltid, tidleg i kveld. Vi har lenge visst at hans eineståande og eventyrlege liv ikkje kunne vare så lenge som vi ønska. Heldigvis har vi som stod han nærast, Ole, Amanda, Kari, Ketil hatt ei fin tid, gode samtalar og augneblikk for æva med Thomas dei siste døgna.»
Også fleire andre media melder om dødsfallet i kveld.
UiO-rektor Svein Stølen seier til NRK at han har inspirert mange.
– Han tok sosialantropologien ut av akademia og inn i menneska sine liv. Så han bidrog til at heile Noreg forstod samfunnet vi er ein del av betre, seier han.
I 2017 blei Thomas Hylland Eriksen tildelt UiOs forskingspris. Då gjorde Uniforum dette intervjuet med han:
Opphalda på Mauritius påverka forskarlivet mitt
Logg inn for å kommentere