I ettermiddag kjem barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Blindern for å opna dei nye lokala til Livssynsope samtalesenter i Frederikkebygningen. Der viser dei religiøs og livssynsope toleranse i praksis. For der deler to studentprestar frå Den norske kyrkja, ein studenthumanist frå Human-Etisk Forbund, ein studentbuddhist frå Buddhistforbundet og ein katolsk pater frå Den katolske kyrkja både kontorplassar, samtalerom og to administrative tilsette.
Universitetet i Oslo står bak tilbodet for å styrkja velferdstilbodet for studentane. Derfor stiller UiO lokala til disposisjon for Livssynsope samtalesenter og betalar lønna til dei administrative tilsette. Dei andre på samtalesenteret blir lønna av sine respektive trussamfunn og livssynsorganisasjonar.
Då Uniforum var innom senteret var fire av samtalepartnarane til stades saman med koordinator Ellen Marie Tefre. Det var studentbuddhist Shindо̄ Kreg Viesselman, leiar for studentprestane i Oslo, Anne Anita Lillebø, studenthumanist Birgitte Fredriksen og studentprest ved UiO, Kjersti Østland Midttun. Den katolske pateren Peter Damian-Grint held vanlegvis til i Glasgow i Skottland, så han er berre på plass på senteret to gonger i månaden.
Første studentbuddhist på UiO
I over 60 år har det vore studentprest på UiO, og sidan 2021 har det også vore ein studenthumanist på plass.
Men studentbuddhist er det først gong nokon jobbar som på UiO. Og Shindо̄ Kreg Viesselman sjølv føler seg godt tatt imot av dei andre i fellesskapet på Livssynsope samtalesenter.
– Eg ville gjerne satsa på ein karriere som buddhistprest, og etter kvart blei det snakk om å oppretta ei stilling som studentbuddhist. Det blei ei lang reise før Buddhistforbundet fekk beskjed om at dei kunna senda meg, fortel han.
Studentprest Anne Anita Lillebø har ingenting imot å dela arbeidsplass med ein studentbuddhist.
– Det er heilt supert. Og det er fint å kunna vera fleire og ikkje ha monopol. Det gir oss også større legitimitet overfor studentane våre, seier ho.
– Har både eit livssynsmangfald og eit fagleg mangfald
Studenthumanist Birgitte Fredriksen er også nøgd med fellesskapet med dei andre tru- og livssynsmedarbeidarane og studentane på senteret.
– Me opplever at me har både eit livssynsmangfald og eit fagleg mangfald mellom oss. Det gjer tilbodet vårt både rikt og spennande, synest ho.
Studentprest Kjersti Østland Midttun peikar på at dei også har ein katolsk pater med i fellesskapen. Han er frå Glasgow og har fått spesialgodkjenning av Oslo katolske bispedømmeråd til å arbeida som studentprest på UiO eit par dagar i månaden. Så langt har dei ikkje fått landa ein studentimam for muslimske studentar.
– Det ville ha gjort det fellesskapet me har endå rikare. Samtidig ville det ha møtt det mangfaldet me har på campus.
– Ja, når trur du at det vil skje?
– Det handlar om korleis dei muslimske paraplyorganisasjonane får organisert seg, slik at dei får inngått ein avtale med universitetet. Me er i dialog med dei, fortel ho.
– Me er alle opne for å snakka om livet på godt og vondt
Studenthumanist Birgitte Fredriksen er opptatt av å få fram at alle studentar uansett kva dei vil samtala om, vil kunna få sjansen til å gjera det hos dei på senteret.
– Det me er opptatt med til dagleg, er å snakka med studentar, ikkje berre om tru og livssyn, men også om mykje anna. Me er alle opne for å snakka om livet på godt og vondt, understrekar ho.
Studentprest Anne Anita Lillebø fortel at dei alle opplever stor pågang av studentar som ynskjer samtalar med dei, uavhengig av kva tru dei har.
– Då kan me visa dei til det mangfaldet me har her, og fortelja dei at det kanskje hadde vore best for den det gjeld, å snakka med studentbuddhisten. Inntrykket vårt er at fleire og fleire studentar får vita om tenesta vår, seier ho.
Internasjonale studentar oppdaga studentbuddhisten først
Mange internasjonale studentar har oppdaga at det er ein studentbuddhist på UiO.
– Det første semesteret eg var her, var det nesten berre internasjonale studentar som tok kontakt. No har det jamna seg litt ut, for mange norske studentar tar også kontakt. Og nettopp fordi me er fysisk til stades, veit folk at tilbodet er her, og då brukar dei det, peikar han på.
Alle trekkjer også fram at dei har eit godt samarbeid med helsetenesta til Studentsamskipnaden i Oslo.
– Me samarbeider godt med dei og har jamlege møtepunkt. Dei viser til våre tilbod og rår studentane til å koma hit viss dei tenkjer at det kunne ha vore bra og vice versa, seier studentprest Østland Midttun.
– Eit sunnheitsteikn
Studenthumanist Birgitte Fredriksen viser til at ho har eit dialogkurs som ho har utarbeidd saman med SiO og får halda i deira lokale.
– Me tenkjer jo ikkje heilt sånn som psykologar gjer om at det hadde vore fint om studentane ikkje kom hit for å samtala med oss. Men eg tenkjer at det berre er fint at ein reflekterer over livet sitt og er nyfiken på det. Så eg tenkjer at det ikkje er noko “huffa meg” kor fælt det står til med studentane fordi dei kjem hit til oss. Eg tenkjer at det er eit sunnheitsteikn, seier studenthumanisten.
Og studentbuddhisten legg til at det som studentane ikkje vågar å snakka med andre om, det kan dei ta opp med dei.
– For av og til treng dei litt rettleiing, eller å snakka om kjærleiksliv og ting som ikkje nødvendigvis er patologiske, men som er eit problem. Det kan også vera om dei har tatt feil studium, og ikkje ynskjer å snakka om det med verken professor eller foreldre, trekkjer Viesselman fram.
Koordinator Ellen Marie Tefre viser også til at dei yter assistanse til fakulteta ved spesielle hendingar
– Når ein student døyr, gir me dei bistand. Dessutan organiserer me sorggrupper, og har nyleg hatt ein sorgweekend, fortel ho.
– Pluss i margen til universitetet
Klokka 15 i ettermiddag opnar Livssynsope samtalesenter offisielt. Og då er det barne- og familieminister Kjersti Toppe som også er statsråd for tru og livssyn, som skal klippa over snora. Prorektor Bjørn Stensaker vil halda tale på vegner av UiO, medan representantar for både Den norske kyrkje, Human-Etisk Forbund, Buddhistforbundet og Den katolske kyrkja også vil vera til stades. Det vil også Samarbeidsrådet for tru og livssyn, Islamsk råd og Muslimsk dialognettverk.
Studentpresten på Universitetet i Oslo, Kjersti Østland Midttun gir ros til UiO for å støtta eit slikt tiltak.
– At åndelege og eksistensielle spørsmål er ein del av studentvelferda og ein del av ressursane i livet til studentane, ja , det er ganske motstraums i ei tid der ein ikkje nødvendigvis fokuserer på det som ikkje er lovpålagt. Pluss i margen til universitetet for å rigga opp noko som ein kunne vald å rigga ned, seier ho.
Alle som vil lesa meir om senteret, kan gå inn på nettsida Livssynsope samtalesenter
Logg inn for å kommentere