Føreslår 48,5 milliardar til forsking og utvikling

325 nye studieplassar i høgare utdanning. Det trekkjer  forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel fram som ein av tinga regjeringa  løyver pengar til i forslaget til statsbudsjett for 2025.

Oddmund Hoel peikar på 48,5 milliardar til forsking og utvikling i forslaget til statsbudsjett for 2025. (Arkivfoto)

Foto: Marthe Kristine Nes Bjerva/Universitetsavisa

I budsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 46,4 milliardar kroner til universiteta og høgskulane. Regjeringa foreslår ei samla løyving til forsking og utvikling på 48,5 milliardar kroner. Dette plasserer Noreg i verdstoppen på offentleg finansiert utdanning og forsking. Det går fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Kunnskap og kompetanse er heilt avgjerande for framtida til heile Noreg. Skal vi møte alle dei utfordringane vi står overfor i åra som kjem, er vi heilt avhengige av høgare utdanning, forsking og utvikling. Vi satsar på den kompetansen vi har størst behov for i framtida, vi bygger teknologisk infrastruktur og vi rustar Noreg for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).  

– Vi held fram å vere i verdstoppen

Regjeringa held oppe eit høgt nivå på rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. I tillegg prioriterer regjeringa fleire målretta satsingar, som nye studieplassar i IKT, medisin, veterinærmedisin og barnehagelærarutdanning, samt ei styrking av desentralisert og fleksibel utdanning.

– No er vi tilbake på normalnivået for pengebruken før pandemien og dei ekstraordinære tiltaka då. Vi held fram å vere i verdstoppen av offentleg finansiert høgare utdanning og forsking, seier Hoel.

Satsar på forsvar, kvanteteknologi og kunstig intelligens

– Regjeringa vil oppretthalde eit høgt nivå på forskingsfinansieringa. Vi prioriterer i tillegg fleire større forskingssatsingar i neste års budsjett. Mellom anna satsar vi stort på forsking. 

Vi held fram med å levere på ei av dei viktigaste satsingane til regjeringa: kunnskap og kompetanse i heile landet. Det er heilt naudsynt for å ta Noreg framover. I fjor auka vi rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 millionar kroner for å styrke det det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet. Det var ein del av ei flytting av midlar frå søknadsbaserte ordningar. Neste år foreslår vi å auke potten med 120 millionar kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet, seier Oddmund Hoel.

Midlane blir fordelte dels ut frå i kva grad dei faste campusane kan styrke tilbodet i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning, og dels ut frå omfanget av desentralisert undervisning.

325 nye studieplassar

Både i 2023 og 2024 blei det lyst ut rekordmange studieplassar. I budsjettforslaget legg regjeringa opp til eit høgt nivå også i 2025. Regjeringa si satsing inneber 24,3 millionar kroner til 325 nye studieplassar.

–  Vi prioriterer utdanningar som dekker dei aukande kompetansebehova i heile Noreg. Slik møter vi kompetansemangelen som vi særleg merkar i distrikta. Neste år aukar vi kapasiteten i medisin, IKT og veterinærmedisin, og vi legg til rette for å kvalifisere fleire av dei som i dag jobbar i barnehage, men manglar utdanning, seier Oddmund Hoel.

 

Emneord: Forskningspolitikk
Publisert 7. okt. 2024 10:21 - Sist endra 7. okt. 2024 15:05

Logg inn for å kommentere