Medisinsk bibliotek og Ferdighetssenteret på medisin har flytta inn i felles lokale

Den 7. oktober tok Medisinsk bibliotek og Ferdighetssenteret i bruk det nyoppussa Bygg 10 på Gaustad. I går var det innflyttingsfest. 

GAMMALT BYGG I NY DRAKT:  Det gamle velferdsbygget til Gaustad sykehus er no blitt fakultetsbibliotek og ferdighetssenter for Det medisinske fakultetet på UiO. 

Foto: Martin Toft

Med bibliotek i overetasjen og ferdighetssenter i underetasjen har det kome nytt liv i det gamle velferdsbygget til Gaustad sykehus. Bygg 10 er no fullt opp av studentar, bokhyller og øvingsrom for medisinstudentane. Tidlegare var både biblioteket og Ferdighetssenteret på Rikshospitalet. Men på grunn av starten på bygginga av nytt Rikshospital måtte dei ut av dei gamle lokala sine. Dei nye lokala er inne på området til Gaustad sykehus. 

BIBLIOTEKET: Dette er ein del av Medisinsk bibliotek sine nye lokale i Bygg 10 på Gaustad. (Foto: Martin Toft) 

I går ettermiddag stilte blant mange andre både visedekan Magnus Løberg og bibliotekdirektør Randi Halveg Iversby opp på innflyttingsfesten. 

– Me vil sterkt oppfordra studentane våre til ikkje berre å finna ei bok, men til å bruka alle moglege funksjonar som er på biblioteket, til å vera her for å  læra og utvida horisonten, ikkje berre for å finna ut kva som inngår i ein kreftsyklus, men også breia interessene sine utover det som handlar om den næraste eksamenen, sa Magnus Løberg. 

BODSKAP TIL DEI TILSETTE: Studiedekan Magnus Løberg  meinte at også dei tilsette ved Det medisinske fakultetet og sjukehuset ville ha stort behov for dei tenestene fakultetsbiblioteket yter.  (Foto: Martin Toft)

Han kom også med ein bodskap til dei tilsette på Oslo universitetssjukehus og Det medisinske fakultetet.  

– Også de har eit stort behov for dei tenestene som biblioteket yter. De er verkeleg i ein livslang læringsprosess. Og eg veit at biblioteket har veldig mykje å tilby også til dykk.

Løberg gløymde heller ikkje å ta med den nye funksjonen som underetasjen i Bygg 10 har fått. 

– I underetasjen har me no fått Ferdighetssenteret 2.0. Og det er eg veldig glad for. Å ha eit så godt utbygt ferdighetssenter har mykje å seia for studentane våre, understreka han.

Løberg trekte fram korleis Ferdighetssenteret er med på å læra studentane opp i korleis dei kan bli best moglege legar ved å trena i øvingsromma til senteret. 

ØVINGSROM: Dette er eit øvingsrom på Ferdighetssenteret der medisinstudentane kan øva seg på operasjonar og utvikla andre ferdigheiter medan dei er på studiet. (Foto: Martin Toft)

– Me veit godt at det å trena ferdigheiter i trygge omgivnader og å ha moglegheit til å gjera feil utan at det får konsekvensar, det er grundig dokumentert at det er ein kjempeviktig del av ei moderne medisinutdanning, slo han fast. 

Bibliotekdirektør Randi Halveg Iversby  ved Universitetsbiblioteket ved UiO tykte det var ein stor dag å kunna gjenopna eit bibliotek i ein nyoppussa bygning. 

SOSIAL BEREKRAFT: For oss er det viktig å skapa gode læringsmiljø for studentane våre, sa bibliotekdirektør Randi Halveg Iversby under innflyttingsfesten for Det medisinske fakultetsbiblioteket og Ferdighetssenteret i Bygg 10 på Gaustad(Foto: Martin Toft)

– For oss er det viktig å skapa gode læringsmiljø for studentane våre. Dei må læra og læra saman og utforska og kunna føla at dei høyrer til her, sa ho.

Samtidig viste ho til at dette prosjektet også var eit godt døme på berekraft.

– Me kan kalla det for sosial berekraft. Det var i alle fall ein dimensjon av berekraft som ein av studentrepresentantane i bibliotekstyret tok opp, då me diskuterte ulike forpliktingar innanfor berekraft, nemnde ho. 

Innflyttingfesten blei sparka i gang av det lokale studentkoret A Scalpella og avslutta med marsipankake og kaffi.

 

 

Emneord: Det medisinske fakultet Av Martin Toft
Publisert 29. okt. 2024 17:01 - Sist endra 1. nov. 2024 10:44

Logg inn for å kommentere