Tidlegare i haust vedtok Universitetsstyret at det skulle opprettast eit Senter for global berekraft ved UiO. Planen er at senteret skal flytta inn i Farmasibygningen når den er blitt ombygd til Berekraftshuset.
• Les også: Et krafttak for bærekraft
Stillinga som senterleiar blei lyst ut for kort tid sidan. Då fristen gjekk ut på onsdag 16. oktober, hadde det meldt seg 27 søkjarar til den ledige stillinga, blant dei fleire UiO-kjendisar. Det viser søkjarlista Uniforum har fått tilsendt frå UiO.
Ein av dei er altså Latin-Amerikaekspert og professor på Senter for utvikling og miljø, Benedicte Bull. Ein annan er Helge Jordheim, professor i kulturhistorie og museologi. Han er også kjent for å ha leia komiteen som har kome med forslag til ny språkpolitikk forUiO. Også tidlegare nestleiar for Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, professor Jemima García-Godos er blant søkjarane.
Der finst også forskingssjef Huge de Boer frå Naturhistorisk museum. Også avtrappande instituttleiar ved Institutt for medisinske basalfag, Lene Frost Andersen har søkt jobben.
Ein av søkjarane er ikkje offentleg kjent, medan ein anna søkjar har trekt seg.
Dette er lista over dei som har søkt stillinga som senterleiar for senter for global berekraft ved UiO:
Logg inn for å kommentere