LEIAR: Å bruka pengar på norskkurs er aldri feil

 Vår erfaring er at forskarar med andre morsmål enn dei skandinaviske, er flinke til å læra seg norsk raskt etter at dei kjem til Noreg. Mange av dei blir ofte  brukte til å formidla kunnskapen sin på norsk i norske media.

OVERPRISA TENESTER: Om UiO-rektor Svein Stølen vil ha forslag til kutt, kan han begynna med å kutta ned på utgiftene til konsulentbyrå,  kommunikasjonsbyrå og andre selskap som truleg overprisar tenestene sine, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I Noreg vert det forventa at alle som kjem hit som flyktningar eller asylsøkjarar skal læra seg norsk anten dei er analfabetar eller høgt utdanna. Men ei slik forventing meiner rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo, ikkje bør gjelda dei mest privilegerte av alle, dei som kjem hit  frå andre land for å ta ein doktorgrad eller får tilbod om ei postdoktorstilling. Han får oppbakking frå rektor Margareth  Hagen ved Universitetet i Bergen og Marit Reitan, prorektor for utdanning ved NTNU i eit oppslag i Khrono i dag.

Grunnen er kravet frå regjeringa om at alle stipendiatar og postdoktorar som ikkje har norsk, dansk eller svensk som morsmål, må ta eit norskkurs på 15 studiepoeng i løpet av fullført åremålsperiode. Problemet for rektor Svein Stølen er at regjeringa ikkje har kome med nokon lovnad om å løyva ekstra pengar til desse norskkursa. Derfor åtvarar han i Khrono om at dette vil kunna føra til kutt på andre område i UiOs budsjett.

Det er ein god idé

I den same artikkelen kjem prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan  og prorektor for utdanning ved Universitetet i Tromsø, Kathrine Tveiterås inn på moglegheita for at universiteta samarbeider om å tilby norskkurs for utanlandske forskarar som får tilbod om mellombelse vitskaplege stillingar. Det er ein god idé, og om pengane ikkje kjem straks frå regjeringa, vil norskkurs for utanlandske tilsette vera ei god investering både for at dei det gjeld skal føla seg velkomne  og godt integrerte i Noreg. Språk er kommunikasjon, og om du ikkje kan språket  i det landet du bur i, vil det vera vanskeleg å kunna forstå sosiale kodar i det norske samfunnet.  Dessutan vil dei som til slutt blir tilsette i vitskaplege stillingar i Noreg, også måtta undervisa norskspråklege studentar både på bachelor- og masternivå. Dei kan ikkje overlata alle undervisningsoppgåver til forskarar med norsk, svensk eller dansk som morsmål. Om dei ikkje har tatt eit norskkurs, blir det dermed også vanskelegare for dei å kunna få ei fast vitskapleg stilling ved eit norsk universitet etter at perioden som stipendiat eller postdoktor er over.

 For UiO og dei andre norske universiteta, vil det derfor vera ei god investering

Vår erfaring er at forskarar med andre morsmål enn dei skandinaviske, er flinke til å læra seg norsk raskt etter at dei kjem til Noreg. Mange av dei blir ofte  brukte til å formidla kunnskapen sin på norsk i norske media. Slik bidrar dei til å setja Universitetet i Oslo på kartet innanfor fagområdet sitt. For UiO og dei andre norske universiteta, vil det derfor vera ei god investering også å bruka eigne midlar for å kunna finansiera norskkurs for utanlandske forskarar som kjem til Noreg. UiO-styret  skal ha honnør for  sjølv  å ha sett i gang eit arbeid med å utarbeida ein ny språkpolitikk for institusjonen. Om rektor Svein Stølen vil ha forslag til kutt, kan han begynna med å kutta ned på utgiftene til konsulentbyrå,  kommunikasjonsbyrå og andre selskap som truleg overprisar tenestene sine. Ei investering i norskkurs er derimot aldri feil.  

(Korreksjon:I leiaren stod det først at stipendiatar og postdoktorar utanfor det skandinaviske språkområdet måtte ha norskkunnskapsar tilsvarande B2. Det er ikkje rett. Det er eit krav for for at dei som ikkje har norsk, svensk eller dansk som morsmål skal bli tilsette i faste vitskaplege stillingar. Kravet for stipendiatar og postdoktorar er altså at dei må ta eit norsskurs på 15 studiepoeng i løpet av åremålsperioden. (Kjelde:Forskrift til universitets- og høyskoleloven) 

 

 

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 22. aug. 2024 15:01 - Sist endra 23. aug. 2024 12:19

"Vår erfaring er at forskarar med andre morsmål enn dei skandinaviske, er flinke til å læra seg norsk raskt etter at dei kjem til Noreg."  Hvem er dette vi'et som har disse erfaringene? Det kommer ikke tydelig frem. Er det Martin Toft og redaksjonen i Uniforum? Hvordan har de i så fall tilegnet seg den erfaringen? Det er vel tvilsomt om journalistisk arbeid gir et spesielt godt grunnlag for å mene noe om dette, selv på et universitet.

Erland Nettum - 23. aug. 2024 10:05

Hei Erland! Me journalistar erfarar heile tida, så det er ikkje eksakt vitskap. I ein leiarkommentar kan ein koma med slike observasjonar også, sjølv om me ikkje kan gjera krav på at det er vitskaplege funn.  Men i alle fall er det inntrykket vårt. 

Martin Toft - 23. aug. 2024 13:04

Dine observasjoner stemmer ikke overens med mine. Forskere er en sammensatt gruppe. Veldig mange stipendiater og postdoktorer, som utgjør flertallet av universitetenes forskere, har ingen ambisjoner om å bli i Norge og en stor del av dem anser det som bortkastet tid å lære et språk som snakkes av 5,5 millioner mennesker på verdensbasis. Om de må bruke av tiden sin på norskkurs i stedet for forskning vil det naturlig nok føre til at de sitter igjen med lavere kompetanse og en mindre verdifull CV i andre enden. Det er min observasjon.

Erland Nettum - 24. aug. 2024 19:27

Logg inn for å kommentere