142 416 personar har søkt om studieplass i høgare utdanning i 2024

Det er 6 436 fleire  søkarar til høgare utdanning i Noreg enn i fjor, og det er  ein auke på 4,7 prosent. Til saman har 142 416 personar søkt om studieplass i høgare utdanning via Samordna opptak i 2024.

Studenter på Universitetsplassen på velkomstseremonien 2023

MANGE VIL TIL UiO: Over 44 550 av dei 142 416 personana som har søkt seg til høgare utdanning, vil til UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Oppgangen er størst til fagområda historie, økonomi og samfunnsvitskap. Etter fleire år med nedgang, peikar pilene no oppover for sjukepleiarutdanninga., står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 

Om ein ser bort frå koronaåra, har det aldri vore fleire søkarar til høgare utdanning. Totalt er det 2,2 søkarar per studieplass. Søkarane kan velje mellom eit større tilbod enn nokon gong: 64 086 studieplassar på 27 universitet og høgskular i heile landet.

Rekordmange studieplassar ved universitet, høgskular og fagskular

– Veldig mange har søkt seg til høgare utdanning i år. Det er bra for den enkelte, for det norske samfunnet og arbeidslivet. Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i Noreg. Derfor er eg glad for at endå fleire er klare for  ta ei utdanning og bygge eit godt liv for seg sjølv og ei god framtid for oss alle. Så er eg spesielt nøgd med den store auka i søkinga til sjukepleiarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i pressemeldinga.

Søkartal for universitet og høgskular i 2024 

  • 142 416 personar har i år søkt opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.
  • Universitet og høgskular har lyst ut 64 086 studieplassar fordelte på 1 364 studiar.
  • I år er det størst auke i planlagde studieplassar innanfor utdanningsområda «økonomisk-administrative fag» og «informasjonsteknologi». Her er det planlagt 1 092 fleire studieplassar, noko som utgjer 73 prosent av den totale auken innan planlagde studieplassar.
  • I 2024 har 85 536 kvinner og 56 880 menn søkt opptak til grunnstudium ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak. Dette utgjer ein kvinneandel på 60,1 prosent og ein mannsdel på 39,9 prosent.
  • Søkartala fortel ikkje kor mange av søkjarane som er kvalifiserte til dei studia dei søker seg til. Dette får vi vite i slutten av juli når hovudopptaket er gjennomført og tilboda er sende ut. (Kjelder: KD og Samordna opptak)

Søkinga til fagskulane aukar òg betydeleg. I år er det nær 2 300 fleire søkarar enn i fjor, ein oppgang på om lag 17 prosent. Til saman 15 742 personar søkt ei fagskuleutdanning gjennom Samordna opptak, og aldri før har det vore fleire studieplassar å søke på.

– Årets søkartal er gode. Tala gir oss verdifull innsikt i søkarane sine interesser og ønske. Vi ser også at institusjonane vidareutviklar utdanningstilboda sine. Dei tilbyr både nye fagkombinasjonar og fleire fleksible studium, og begge delar tiltrekker mange søkarar, seier direktør i Direktorat for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule i pressemeldinga.

Oppgang for sjukepleie – 900 fleire førstevalssøkarar i år

I år har helse- og sosialfagutdanningane ein samla oppgang i førstevalsøkarar på 5,9 prosent, samanlikna med i fjor. Dette gir 2,7 førstevalssøkarar per planlagd studieplass. Fleire av utdanningane, mellom anna medisin, har særleg god søking.

– Det aller mest positive med årets tal, er at den negative trenden i søkinga til sjukepleiarutdanninga snur, etter fleire år med nedgang. No vil fleire bli sjukepleiarar i Noreg! At over 900 fleire har sjukepleie som førsteval i år, seier ganske mykje om norsk ungdom. Det viser at vi har ungdom som er villige til å stille opp for andre og for samfunnet, seier Hoel.

Søkartala viser òg ein auke i søkinga til barnevernutdanningane, med 6 prosent fleire søkarar i år enn i fjor.

Færre vil bli lærar i barne- og ungdomsskulen

For femte året på rad fell søkartala til lærarutdanningane, men ikkje like dramatisk som i fjor. Talet på førstevalssøkarar til lærarutdanningane har gått ned med 4,2 prosent frå 2023.

Nedgangen er særleg kritisk for grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn. Der går talet på førstevalsøkarar ned med 11 og 12 prosent frå i fjor.

– Diverre held søkinga til grunnskolelærarutdanningane fram med å søkke. Det er ei utvikling som gir grunn til uro. Sidan 2018 har søkinga til desse utdanningane nesten blitt halvert. Eg fryktar at ein  del studieplassar kan ende med å stå tomme til hausten, seier Hoel.

Tar grep for å auke rekrutteringa

Regjeringa er godt kjend med rekrutteringsutfordringane til lærarutdanningane, derfor la ho i vår fram ein strategi saman med partane i barnehage- og skule-Noreg. I tillegg skal tiltak som er foreslått i stortingsmeldingane om opptak til høgare utdanning og profesjonsutdanningane bidra til at fleire vel lærarutdanning framover.

– Eg er overtydd om at det er rett å  tenke nytt. Dei som med hud og hår forsvarar status quo i norsk lærarutdanning har ein dårleg dag i dag. Med opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga har vi foreslått å ta fleire grep for å tenke nytt – vi vil mellom anna opne for fleire dispensasjonar frå karakterkrava, vil gje meir fagleg fridom og er positive til forsøk med organisering og innhald, seier Hoel.  

Både barnehagelærar- og lektorutdanningane er om lag på linje med fjoråret, mens fleire vil bli yrkesfaglærarar og lærarar i praktiske og estetiske fag.

– Det er utruleg bra at fleire vil bli lærarar innanfor yrkesfag og praktiske og estetiske fag. Vi kjem  til å trenge mange fleire fagarbeidarar i åra som kjem. For å få det til, treng vi ein meir praktisk skule der alle kan utvikle ferdigheitene sine. Og det frå tidleg alder, slik at færre fell frå. No ser vi at yrkesfag er populært både for framtidige lærarar og elevar. Det er teikn på at vi er på rett spor, seier Hoel.

Oppsving for IKT og økonomi – historiefag aukar mest

Utdanningsområdet med den største prosentvise auken i førstevalssøkarar er historie. Samanlikna med i fjor er det 474 fleire søkarar til desse studia, ein auke på 13 prosent.

For andre året på rad aukar studieområdet økonomisk-administrative fag mest målt i talet på søkarar. Totalt har meir enn 25 000 søkarar dette som sitt førsteval.

Teknologifag er òg stadig populært. I år har 1 av 5 søkarar minst éi teknologiutdanning i søknaden sin. Særleg ingeniørutdanningar og maritime studium er populære blant søkarane. Talet på tilgjengelege stuideplassar på IKT-utdanningane har aldri vore høgare. I år er det planlagt 2 961 studieplassar på IKT. Det er 247 fleire enn i fjor, ein auke på 9,1 prosent. Talet på kvinner som har IKT på topp har auka med over 5 prosent.

Populær ny flyingeniørutdanning

Blant årets studienyheiter skil den nye flyingeniørlinja ved NTNU seg ut, med 437 søkarar til 25 studieplassar.

– Det er artig å sjå at den heilt ferske flyingeniør-linja er så populær, med heile 18 søkarar per studieplass! Vi oppretta denne utdanninga i fjor fordi vi veit at både sivil og militær sektor er avhengige av flyingeniørkompetanse i åra som kjem. No utdannar vi folk som er  kritisk for Noregs totalberedskap framover, seier Hoel.

 

 

    Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Søkertall
    Publisert 26. apr. 2024 09:52 - Sist endra 26. apr. 2024 09:52
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere