Kandidatar med realfag slit mest med å få jobb etter avslutta utdanning

Kandidatar med master i real- og naturfag slit mest med overgangen frå utdanning til jobb. Dei er òg mest overraska over at overgangen til arbeid var vanskeleg. Det kjem fram i kandidatundersøkinga for 2023. 

MEIR ARBEIDSLIVSRELEVANT: – Eg trur vi treng betre samarbeid mellom arbeidsgivarar og universitet og høgskular. Det kan gi arbeidsgivarane betre forståing av kva kandidatane kan, og kan gjere undervisninga meir arbeidslivsrelevant, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Foto: Ola Gamst Sæther

– Først og fremst viser denne undersøkinga tydeleg at det løner seg å ta ein mastergrad. Sjølv om talet på nyutdanna med mastergrad er meir enn dobla dei siste ti åra, er det ikkje teikn til at arbeidsmarknaden er metta eller at dei nyutdanna slit meir enn før med å få jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 

Han har nett fått dei første resultata frå kandidatundersøkinga 2023. Våren 2023 gjekk 18 667 studentar ut med mastergrad frå norske universitet og høgskular. I fjor haust spurte forskingsinstituttet NIFU alle desse kandidatane om korleis arbeidssituasjonen deira var eit halvt år etter fullført utdanning.

Arbeidsløysa er aller lågast blant dei med master frå lærar- og helse- og sosialfagutdanningar. Kandidatar med master i real- og naturfag slit mest med overgangen frå utdanning til jobb. Dei er òg mest overraska over at overgangen til arbeid var vanskeleg. Det kjem fram i kandidatundersøkinga.

Dei fleste får jobb, men overgangen er lettast for dei med profesjonsutdanning

Dei siste ti åra er talet på nyutdanna med mastergrad meir enn dobla. I heile fjor fullførte 22 483 studentar mastergraden i Noreg.  Likevel ser ein ikkje ei negativ utvikling i mistilpassing eller auka vanskar for kandidatane med å få relevant jobb.

Eit overvegande fleirtal – nærare ni av ti – av dei nyutdanna masterkandidatane er i jobb eit halvt år etter at dei har fullført utdanninga, og mange av desse har ein jobb som samsvarer nokså godt med utdanninga dei har teke. Men det er òg nokre grupper som opplever større utfordringar i overgangen frå utdanning til jobb.

Kandidatar med mastergrad i eit profesjonsfag, til dømes lærarar og legar, hadde ein nokså lett overgang til arbeid. Dei opplevde i liten grad arbeidsløyse eller andre former for mistilpassing i arbeidsmarknaden. Det same gjaldt juristar. Arbeidsløysa eit halvt år etter fullført mastergrad var lågast blant kandidatar innan lærar- og pedagogikkutdanningar (1,6 prosent) og innan helse- og sosialfag (3 prosent).

Dei som har teke ein mastergrad i ulike disiplinfag sleit noko meir. Det er i tråd med det vi har sett tidlegare. Natur- og realfagskandidatar har høgast arbeidsløyse etter eit halvår (over 13 prosent). Det er litt høgare enn blant samfunnsvitarar (under 11 prosent) og humanistar (under 10 prosent).

Oppfordrar arbeidsgivarar til å ta ein sjans med nyutdanna

Om lag halvparten av dei med master i natur- og realfag, samfunnsfag og humanistiske og estetiske fag meldte at overgangen til arbeid var vanskelegare enn dei hadde venta.

– Det er ikkje så overraskande at overgangen til arbeidslivet er lettare for dei som har utdanna seg til ein profesjon enn for dei som har tatt ei utdanning der det ikkje er like opplagt akkurat kva dei blir når dei er ferdige. Her meiner eg utdanningane har ei oppgåve i å førebu studentane betre på oppgåver i arbeidslivet.  Eg trur vi treng betre samarbeid mellom arbeidsgivarar og universitet og høgskular. Det kan gi arbeidsgivarane betre forståing av kva kandidatane kan, og kan gjere undervisninga meir arbeidslivsrelevant.

På same tid utfordrar statsråden arbeidsgivarane.

– Eg trur mange arbeidsgivarar må tørre å ta større sjansar. Ein del etterspør smale spesialistar, som gjer det vanskeleg for andre masterkandidatar å «treffe». No er vi i ein periode der det er mangel på arbeidskraft. Då må arbeidsgivarane ta ansvar for å vere litt meir nyfikne på ulike typar søkarar og rekruttere breiare. Dei må òg gjere seg betre kjende blant studentane, seier Hoel.

Emneord: Utdanning, utdanningspolitikk
Publisert 22. apr. 2024 10:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere