To NTNU-tungvektarar vil overta rektorjobben

Både konstituert rektor Tor Grande og dekan Monika Rolfsen ved Fakultet for økonomi vil søkja den ledige jobben som NTNU-rektor.  

VIL BLI REKTOR: Konstituert NTNU-rektor Tor Grande vil søkja rektorjobben når den blir utlyst. Han får konkurranse frå økonomidekan Monica Rolfsen. 

Foto: Benedikt Erikstad Javorovic/Universitetsavisa

Fredag 15. desember i fjor kunngjorde Anne Borg at ho umiddelbart ville gå av som rektor for NTNU. Det skjedde etter at ho hadde kritisert  dei to NTNU-forskarane Jonas Nøland og Martin Hjelmeland som hadde kalla ein rapport NHO hadde tinga om atomkraft for eit bestillingsverk. Dei to forskarane fekk nesten unison støtte frå folk både innanfor og utanfor akademia, og dei viste til at forskarane uttalte seg som forskarar og ikkje på vegner av NTNU.

Saka blei ikkje betre for Anne Borg etter at det viste seg at ho hadde konsultert på epost med direktør i Norsk industri Knut E. Sunde og  viseadministrerande direktør i NHO, Anniken Haugli, før innlegget hennar blei publisert i Dagens Næringsliv. 

• Les også: Direktør i Norsk industri fikk lese gjennom Borgs ytring før den gikk til DN

Då kom det skuldingar om at det ho hadde gjort var eit klart brot på den akademiske fridomen til dei to forskarane.  

• Les også: Kierulf om NTNUs rektor: – Hun har ikke tenkt over eller forstått helt hva et universitet er

Prorektor Tor Grande overtok straks jobben som konsituert rektor ved NTNU.  I Universitetsavisa i dag gjer han det klart at han også vil søkja på rektorjobben når den blir utlyst.  

– Eg kjem til å søkja, seier han til Universitetsavisa. Han seier vidare at rektoratet har fått ei klar tinging frå styret som er å sjå på samarbeidet med næringslivet. Og han viser til at NTNU har fått ei klar tinging frå styret, som er å sjå på samarbeidet med arbeidslivet.

– Me skal gå gjennom avtalane for å sikra institusjonelt sjølvstende. Som eg sa i intervju før jul, er akademisk ytringsfridom for våre vitskaplege tilsette fundert på akademisk fridom, seier han til Universitetsavisa. 

Får kamp om jobben

Tor Grande må kjempa om å få rektorjobben på permanent basis. For dekan Monica Rolfsen ved Fakultet for økonomi ved NTNU, stadfestar overfor Universitetsavisa at ho også vil senda inn ein søknad.

VIL BLI REKTOR: Dekan ved økonomisk fakultet, Monica Rolfsen vil  også søkja jobben som ny NTNU-rektor. (Foto: Kristoffer Furberg/Universitetsavisa) 

 

  – Eg søkte jo sist og meiner oppriktig at eg har noko å bidra med, også denne gongen, seier ho. Også ho trekkjer fram engasjementet sitt for den uavhengige forskinga.  – Eg er opptatt av at NTNU må ha ei klar og tydeleg stemme i forskings-Noreg. Det er viktigare enn nokon gong å stå opp for den frie forskinga sin eigenverdi, seier ho til Universitetsavisa.  

Vil ha opp spørsmålet om vald eller tilsett rektor i styret

Så er spørsmålet om den nye rektoren ved NTNU skal tilsetjast eller veljast. NTL ved NTNU har tatt eit klart standpunkt for vald rektor.  No ynskjer styremedlem  for dei faste vitskaplege tilsette, Aksel Tjora å få svar på  dette så fort som mogleg. 

– Eg kjem til å be om at spørsmålet om vald eller tilsett rektor blir tatt opp som styresak så snart som mogleg, og at leiinga førebur ei sak med ulike moment for og mot, sa Aksel Tjora til Khrono i går. 

Det var også same mann som kravde eit ekstraordinært styremøte etter at dåverande rektor Anne Borg hadde kritisert ordbruken til dei to NTNU-forskarane. Og det var på det møtet ho melde frå at ho ville trekkja seg som rektor.  Så langt er det berre Tor Grande og Monica Rolfsen som har gjort det klart at dei gjerne vil overta som øvste toppleiar på NTNU.  

 

 

 

Emneord: NTNU, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 3. jan. 2024 15:33

Logg inn for å kommentere