Harvard-universitetets første afroamerikanske og andre kvinnelege rektor Claudine Gay går av etter at det har kome skuldingar om plagiat i fleire forskingartiklar ho har skrive. I tillegg har ho ho også vore hardt ute å kjøra etter kommentarane ho kom med om antisemittisme på universitetsområdet, melder BBC og Universitetsavisa som publiserer ei sak frå NTB i dag.
I avskjedsbrevet sitt skriv ho at det er for universitetets beste at ho trekkjer seg som rektor. I kunngjeringa om at ho vel å gå, peikar ho på at det har vore leit for henne at det har blitt reist tvil om hennar engasjement mot hat og for å stå fast på dei akademiske prinsippa.
Kortast tid i rektorstolen
Claudine Gay er 53 år gammal og blei tilsett som rektor for seks månader sidan. Ho er den personen som har site kortast tid i rektorstolen gjennom den 388 år lange historia til Harvard-universitetet. Det har vore diskusjon på fleire universitet i USA etter at dei er blitt skulda for å gi manglande vern til dei jødiske studentane etter at krigen mellom Israel og Hamas tok til 7. oktober i fjor.
Svarte unnvikande om folkemord på jødar
For Claudine Gay blei ikkje saka noko betre då ho i ei høyring i Kongressen svarte unnvikande på om det var innanfor den akademiske ytringsfridomen på Harvard-universitetet å oppfordra til folkemord på jødar. Seinare bad ho om orsaking for dette i eit intervju i studentavisa The Harvard Crimson. Mange politikarar og tidlegare studentar oppfordra henne til å trekkja seg. Samtidig fekk ho støtte frå 700 tilsette på Harvard.
Forskingartiklar mangla referansar
Seinare kom avsløringane om at det var funne tilfelle av manglande referansar i to forskingsartiklar som Claudine Gay hadde skrive. Styret for Harvard-universitetet meinte likevel at det ikkje var noko alvorleg brot på dei forskingsetiske reglane. Like før meldinga om at ho ville trekkja seg som rektor kom i går, dukka det opp nye skuldingar om at ho heller ikkje hadde ført opp referansar til akademiske kjelder ho hadde brukt, i andre forskingsartiklar ho hadde skrive.
Ifylgje NTB er Christoper Rufo, ein aktivist som har fått støtte frå Det republikanske partiet i kampen mot høgare utdanning, svært glad for at Claudine Gay no er ferdig som rektor ved Harvard. "– I stedet for å ta ansvar for å minimere antisemittisme, for serieplagiat og truende atferd mot den frie pressen og for å ha skadet institusjonen, kaller hun kritikerne sine rasister", skriv Rufo på X/Twitter.
• Les også: Eliteuniversiteter anklages for å ha tatt imot skjulte donasjoner fra Russland og Kina
Logg inn for å kommentere