To kransar frå den norske Buchenwald-foreininga og den internasjonale Buchenwaldforeininga blei i kveld lagde på minnetavla for dei 644 studentane på UiO som blei deporterte til Tyskland etter massearrestasjonane av 1200 studentar 30. november 1943. 17 av dei 644 døydde i fangenskap.
I dag er alle dei som overlevde fangenskapen også døde.
Uniforum har tidlegare intervjua fleire av dei studentane som blei arresterte.
Ein av dei var 93-åringen Ketil Gaustad som blei intervjua av Uniforum i 2015. I Tyskland var målet å omskulera studentane til gode nazistar, står det i artikkelen:
Studentene som skulle omskoleres til nazister
Ein annan av Tysklandstudentane var Elling Kvamme som var 95 år, då me intervjua han i 2013.
– Eg lærte mykje om mennesket sin vondskap, men også om heltemot, sa Elling Kvamme til Uniforum den gongen.
Tysklandstudenten Elling Kvamme: – Det var eit under at me overlevde!
Logg inn for å kommentere