Dekan Anne Julie Semb trekte fram tankane til filosofen Immanuel Kant, før SV-fakultetet delte ut prisar til fire framifrå masteroppgåver torsdag 9. november.
– Det var han som lanserte mottoet Våg å vite i 1784, og som også blei SV-fakultetet sitt motto, då me markerte 50-årsjubileet vårt i 2013. Det var ikkje sjølvsagt i 1784, og det er det heller ikkje i dag, meinte ho.
Så kom ho med ein hyllest til universiteta som ein fristad for alternative tankar.
– Akademisk fridom tyder meiningsmangfald og fagleg usemje. Me skal vera stolte over at fakultetet i 2013 vedtok å etablera denne Våg å vite-prisen, tykte ho.
– Denne prisen er for dei studentane som både er fagleg gode, men også vitskaplege. Dei torer å utfordra, samtidig som dei har gjort det fagleg godt, la ho til.
Etterpå overtok prodekan Trine Waaktaar scena og las opp namna på dei fire som hadde fått prisar for dei mest kritiske og nytenkjande masteroppgåvene ved SV-fakultetet det siste året.
Dei fire er:
Caroline Cros;
Ho får prisen for masteroppgåva «Betydningen av arv: en tvillinganalyse av ulikhet i formue».
Cristiana Ravizza
Ho får prisen for oppgåva «Localization in politicized aid: A case study on the earthquake emergency response in Türkiye».
Jakob Evje:
Han får pris for oppgåva «Differences Between Trans and LGB Experiences with Discrimination, Violence and Support in School: A Multilevel Analysis Across 30 European Countries».
Martin Sandbraaten:
Han får prisen for oppgåva: «Hvordan kan Norge vri matkonsumet grønnere? En studie av hvordan sosiale eksternaliteter påvirker matkonsumet».
Les meir om prisvinnarane på nettsidene til Det samfunnsvitskaplege fakultetet.
Logg inn for å kommentere