Statsbudsjett 2024: Universitet og høgskolar får meir over rammeløyvinga

Regjeringa gir meir tillit og ansvar til universitet og høgskular, fjernar byråkrati, forenklar finansieringssystemet og flyttar pengar frå tilskotsordningar til rammeløyvinga

Ein mann og ei kvinne står på eit podium

MÅ GI PENGAR: Direktør Sveinung Skule i Direktoratatet for høgare utdanning og kompetanse må gi 338,8 millionar kroner til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane.  Her overrekkjer han ein rapport til forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch. (Arkivfoto)

Foto: Skjermdump

«Tillitsreform innan høgare utdanning» er overskrifta i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet i dag.

– Eg og forgjengarane mine har ofte blitt oppmoda av sektoren til å styre mest mogleg i det store, og minst mogleg i det små. No leverer vi på dette ønsket, og flyttar store summar frå tilskotsordningar til rammeløyvinga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).  

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at ho ville  

  • setje i gang ei reell avbyråkratisering i høgare utdanning ved å gå gjennom oppgåvene til direktorata og overføre myndigheit til institusjonane 
  • auke basisfinansieringa til universiteta og høgskulane  
  • kompensere meirkostnader for fleircampus-institusjonar 

– No leverer vi på sentrale løfte i regjeringsplattforma. Vi flyttar betydelege beløp over til rammeløyvinga og styrker særleg finansieringa av institusjonar med fleire campus, informerar Sandra Borch.  

339 millionar kroner blir flytta frå ulike ordningar

Regjeringa foreslår å flytte 338,8 millionar kroner frå ulike ordningar hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og over til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane.  

Ordningane som pengane blir overførte frå, har handla om kvalitetsarbeid, internasjonalt arbeid, og fleksibel og desentralisert utdanning.  

– Alle desse ordningane er blitt oppretta for å rette merksemd mot viktige satsingsområde. Så er det ei rekke viktige område som ikkje har denne typen ordningar. Satsinga på auka kvalitet, internasjonalt samarbeid og fleksibel og desentralisert utdanning halde fram med full styrke. Vi har tillit til at institusjonane sjølve prioriterer prosjekta dei har størst tru på, og der den einskilde institusjon er sterkast, seier Sandra Borch.   

Forventar at dei sjølve tek ansvar

Universiteta og høgskulane får no meir ansvar for å følge opp sentrale delar av samfunnsoppdraget. 

– Med meir tillit følger meir ansvar – det er heilt sentralt i tillitsreforma. Vi vil følge institusjonane tett opp gjennom etatsstyringa og forventar at dei sjølve tek ansvar i sine strategiske satsingar. HK-dir vil framleis spele ei viktig rolle som støttespelar for sektoren, mellom anna gjennom kunnskapsinnhenting og kunnskapsdeling, rådgiving og samordning, seier Sandra Borch. 

Endringane vil ikkje ha konsekvensar for utbetalingar som alt er forplikta i ordningane som blir avvikla.  

Les heile pressemeldinga på Kunnskapsdepartementet sin nettstad.

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk
Publisert 6. okt. 2023 09:28 - Sist endra 6. okt. 2023 10:16

Logg inn for å kommentere