Det var to kvinnelege universitetslærarar som blei skadde under knivstikkinga i går i lokala Farmasøytisk institutt ved UiO leiger på Majorstua. Ei blei sendt til Legevakten med mindre skader, medan ei anna som blei litt meir skadd, ligg på Ullevål universitetssjukehus.
Ein mann som er ein student i 20-åra er sikta for forsøk på drap og kroppsskade etter hendinga. Han har vore i avhøyr i dag, og blir framstilt for varetektsfengsling i morgon, opplyser Oslo politidistrikt i ei pressemelding.
I dag organiserte UiO-leiinga to møte med dei tilsette og studentane ved Farmasøytisk institutt. UiO-rektor Svein Stølen var på plass frå leiinga.
– Det var to møte med mykje alvor, seier Svein Stølen til Uniforum. Han fortel om korleis møta tok opp korleis UiO kan møta dei som har opplevd dette på arbeids- og studieplassen sin på ein best mogleg måte.
– Møta handla om kva me gjer for å vare på både studentar og tilsette. Både Helsetenesta hos Studentsamskipnaden i Oslo og Bedriftshelsetenesta ved UiO var til stades, fortel han. I fylgje Svein Stølen lova dei å vera til stades og stå til disposisjon for dei som treng det også i helga..
– Det var eit godt oppmøte på begge møta, fortel han.
Samtidig vil han understreka kor stort inntrykk ei slik hending har gjort på alle.
– Det er ein svært alvorleg situasjon, men det er ei enkelthending. Det er trygt på Universitetet i Oslo, slår han fast.
• Les meir i Uniforum:
Ein mann i 20-åra er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga i lokala UiO leiger
Logg inn for å kommentere