– Det er ikkje mogleg å sitja som statsråd og rydda opp i regjeringa. Eg vil derfor gå av som statsråd. Eg vil heller ikkje ta attval som nestleiar i Senterpartiet. Det sa Ola Borten Moe i den ekstraordinære pressekonferansen i Kunnskapsdepartementet i dag.
Hadde aksjar i ammunisjonsprodusent
Det var tidlegare i dag at nettavisa E24 kunne avsløra at Ola Borten Moe hadde deltatt på eit regjeringsmøte der det blei handsama ei sak som hadde å gjera med statens store innkjøp frå ammunisjonprodusenten Nammo som er eigd av våpen- og teknologiselskapet Kongsberg Gruppen. Ola Borten Moe har hatt aksjar i ammunisjonsprodusenten.
Regjeringa sine retningslinjer for aksjar seier at regjeringsmedlemane skal visa «stor aktsomhet» med aksjar.
Dette betyr at dei ikkje skal eiga eller handla med aksjar viss det kan «vera eigna til» å svekkja tilliten til statsråden, regjeringa eller departementa. Også i mars då regjeringa handsama ei støttepakke til Ukraina som inkluderte utstyr til missilsystemet NAMSAS, braut Ola Borten Moe habilitetsregelverket. NAMSAS blir produsert av Kongsberg Gruppen.
Overfor E24 vedgår han også at han har brote regjeringa sine retningslinjer for handel med aksjar med fleire andre aksjekjøp han har gjort dei siste åra.
• Les også: Ola Borten Moe innrømmer brudd på habilitetsregler
– Dette er mitt eige ansvar
Det er grunnen til at han no i ettermiddag har kunngjort at han vil gå av som forskings- og høgare utdanningsminister.
– Som person vil eg klara meg. Dette er mitt eige ansvar. Og eg har gode folk rundt meg. Eg har hatt betre dagar enn denne, vedgjekk han. Borten Moe tykte også det var naturleg at Økokrim har varsla at dei vil etterforska om det har vore tilfelle av innsidehandel med aksjar. Han kom også inn på det han meinte var problema med å rekruttera folk til politisk verksemd.
– Politisk verksemd i alle parti er enkeltmenneske med gode intensjonar om å skapa eit godt samfunn. Problemet er at me ikkje berre diskuterer saka, men trekkjer intensjonane og motivasjonen i tvil. Det kan gjera det vanskeleg å rekruttera folk til politikken. Det gir demokratiet vårt eit dårlegare rammeverk, understreka han.
Ola Borten Moe blei forskings-- og høgare utdanningsminister i Jonas Gahr Støres første regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå oktober 2021. Formelt sett vil han gå av som statsråd i august, melder NRK.
Logg inn for å kommentere