Happy Pride for UiO og OsloMet i Botanisk hage

Fleire hundre tilsette og studentar frå UiO og OsloMet samla seg i Botanisk hage i dag før dei til musikk frå Biørneblæs spaserte vidare til Pride-opptoget på Grønland.

Ein gruppebilete av folk som deltar i UiOs og OsloMets markering av Oslo Pride

AVSPARK: Tøyen hovedgård var staden for avsparket for den felles prosesjonen for UiO og OsloMet frå Botanisk hage til hovudprosesjonen på Grønland. Både OsloMet-rektor Christen Krogh, universitetsdirektør Arne Benjaminsen og assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen og jussdekan Raghnild Hennum står i fremste rekkje og held banneret med teksten "Fryktløs kunnskap."

Foto: Martin Toft

Kvinner og menn og ein hund i alle regnbogens fargar møttest i formiddag på Tøyen hovedgård for å gå i samla tropp til hovudprosesjonen til Pride frå Grønlandsleiret. 

Det var jussdekan Ragnhild Hennum som heldt  appell på vegner av Universitetet i Oslo, medan rektor Christen Krogh stilte opp for OsloMet. 

– Pride verkar, rettskamp verkar

Ragnhild Hennum kom inn på at UiO og OsloMet kom litt seint i gang med å markera Oslo Pride, men at det i dei siste åra før først pandemien og så terroraksjonen i fjor sette strek for Oslo Pride, var dei to universiteta blitt flinkare til å markera denne dagen. 

APPELL: Jussdekan Ragnhild Hennum heldt appell og minna om at både Pride og rettskamp verkar.  (Foto: Martin Toft) 

– Eg hugsar ei  gammal dame på vårt fakultet, som no er pensjonist. Ho gret og fortalde oss at ho trudde aldri at ho ville oppleve det i si levetid, for i nesten alle dei åra ho hadde jobba på fakultetet hadde ho halde kjeft om at ho var lesbisk, sa Ragnhild Hennum.

Og ho fortsatte. 

– Pride verkar, rettskamp verkar. Det skal ikkje berre vera det, men det skal ikkje berre vera fest og moro heller. Denne kampen starta i 1969, på grunn av politiets trakassering av homofile i ein bydel i New York på denne dagen. Og derfor feirar me Pride, understreka ho.

– Me står på skuldra til dei som høyrde bu-bu

Hennum viste til at det ikkje var så enkelt å markera Pride i Oslo på 1970-tallet som det er i dag:

– Då var det mykje bu-bu, og no er eg kjempeglad for at det kjem til å bli mykje fest og moro. Men me står på skuldra til dei som høyrde bu-bu, når me går i det toget i dag, minna ho dei frammøtte om. 

– Happy Pride!, ynskte ho dei til slutt. 

– Det handlar om retten til å elska den me vil

Etterpå var det OsloMet-rektor Christen Krogh sin tur til å halda ein appell.

SMÅ TING:  – Det er desse små tinga me må endra for å oppnå dei store resultata, sa OsloMet-rektor Christen Krogh. (Foto: Martin Toft)

– Eg dreiv og leitte etter dei store orda om Pride, då eg skulle førebu meg til denne talen. For det ligg eit stort bakteppe. Eg las Amnesty-rapporten om fysisk og psykisk trakassering av skeive, som viser at det  berre er små ting, små ord, små steg og små rørsler som skal til, trekte han fram. 

– Det som skjer er at me endrar nokre små ord i ei lov slik at folk som elskar kvarandre kan få kvarandre og elska kvarandre utan å vera redde. Å endra nokre få ord, slik at det er juridisk tryggleik for skeive. Å endra skilta på toaletta, og å forandre infrastruktur slik at ein kan bli nemnt med det pronomenet som ein er. Det er desse små tinga me må endra for å oppnå dei store resultata. Det handlar om retten til å vera deg sjølv og retten til å elska den me vil, slo han fast. 

Så peika han på teorien om at land med demokratiske institusjonar ikkje går til krig mot kvarandre. 

– Om Russland hadde vore eit demokrati, ville det neppe gått til krig mot Ukraina. Russland er ein stad der dei skeive sine rettar blir stadig meir innskrenka. Poenget mitt er at toleranse, demokrati, tillit og mangfald er omgrep som skildrar samfunn som me ynskjer å vera i og samfunn me ynskjer å leva i. Derfor er det viktig å ta del i ein Pride-parade og visa at dette vil me ha, sa Christen Krogh.   

– Happy Pride til alle saman, avslutta han.

 – Kunnskap må brukast fryktlaust

Dei siste appellantane i Oslo Pride-arrangementet i Botanisk hage, var leiaren for Studentparlamentet i Oslo, Oline Sæther og  Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng som er leiar for Studentparlamentet ved OsloMet. 

SAMFUNNSANSVAR:  – Og institusjonar som OsloMet og Universitetet i Oslo har eit samfunnsansvar for å kjempa for menneskerettar, sa Oline Sæther, leiaren for Studentparlamentet i Oslo i ein felles appell med Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng, leiar for Studentparlamentet ved OsloMet. (Foto: Martin Toft)

– Det er ein heilt essensiell ingrediens som må med, kunnskap. I debatten om kva samfunn me skal vera og kven som skal vera med i det, må me trå varsamt og vita at ord som me vel og argument som me brukar må vera baserte på kunnskap, sa Oline Sæther.

Og Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng heldt fram med den same tankerekkja. 

– Kunnskap må brukast fryktlaust. Den må brukast for å reisa debatten om kva samfunn me vil ha. Å vera den ein er, er ein menneskerett og ein kan aldri akseptera at ein sin eksistens eller ærlegdom er noko som kan forbydast. Ny kunnskap skal søkjast, utforskast og spreiast, slik at eit kvart menneske skal få leva trygt som seg sjølv, slo han fast. 

– Og menneskerettar må me aldri ta for gitt

– Å elska er ein menneskerett. Og menneskerettar må me aldri ta for gitt. Dei må kjempast for og oppsnakkast ved eit kvart høve. Akkurat slik me skal gjera i dag. Og institusjonar som OsloMet og Universitetet i Oslo har eit samfunnsansvar for å kjempa for menneskerettar. Me er stolte av institusjonane våre, framheva Oline Sæther. 

MARSJERER: Her marsjerer UiOs og OsloMets tilsette og studentar i Oslo Pride-marsj forbi Tøyen hovedgård. (Foto: Martin Toft)

Etter appellane samla alle dei mange hundre frammøtte seg, først til eit gruppebilete, før avsparket gjekk for vandringa vidare gjennom Botanisk hage, opp Jens Bjelkes gate mot Tøyen, før prosesjonen frå UiO og OsloMet gjekk vidare til Grønland der skulle innta plassane 60 og 61 i hovudprosesjonen som starta frå Grønlandsleiret klokka 13.00 i ettermiddag. 

Her marsjerer leiinga ved UiO og OsloMet fremst i prosesjonen gjennom alleen i Botanisk hage. Musikken står Biørneblæs, studentorkestereret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO, for. 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Pride, Menneskerettar, Likestilling, mangfold Av Martin Toft
Publisert 1. juli 2023 15:53 - Sist endra 1. juli 2023 22:45

Logg inn for å kommentere