UiO-styret fordelte 6,4 milliardar kroner

– UiO-styret har vore veldig flinke til å prioritera. UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø er to døme på det, rosa UiO-rektor Svein Stølen før det sannsynlege UiO-budsjettet for 2024 blei vedtatt. 

Fleire personar sit rundt eit langbord

6,4 MILLIARDAR: Universitetsstyret vedtok i går fordelinga av 6,4 milliardar i statleg tildeling  for 2024 til alle einingane på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Neste år reknar UiO å få ei tildeling på rundt 6,418 milliardar kroner frå staten. Pengane blei delte ut til dei ulike einingane i går etter at eit samla universitetsstyre vedtok det. 

Det er også lagt inn ein pårekna rammereduksjon på 1,1 prosent.  Rektor får fullmakt til å gjera endringar som fylgje av Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til UiO for 2024 og andre mindre justeringar i fordelinga.

Avgjerda blei tatt nesten utan debatt. Ekstern representant Maria Strømme tykte dette såg bra ut, men ho lurte på om det var mogleg å bruka ein rektorpott på andre viktige frie satsingar, slik som dei hadde på NTNU, då ho sat i styret der.

God prioritering

UiO-rektor Svein Stølen viste til at UiO har ein pott som dei kallar for universitetsleiingas reserve.

– Men UiO-styret har vore veldig flinke til å prioritera. UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø er to døme på det. Universitetsleiinga har også  fått avsett ein post på 10 millionar kroner, peika han på. 

– Det er pengar som me brukar på universitetsalliansen The Guild, og på samarbeidet mellom europeiske og afrikanske universitet, og for å få det i gang. Men om me brukar opp den summen, må me koma tilbake til styret i juni 2025 og spørja om me kan vidareføra dette  i ein lengre periode etter at me har sett korleis det går, sa han.

– Har utfordra dei også på utdanning

Representant for dei fast vitskaplege tilsette Finn-Eirik Johansen ville vita om dei tre store tverrfaglege satsingane på UiO også kunne bli instruerte av Universitetsstyret til å etablera tverrfakultær utdanning eller om det berre er forsking dei skal driva med.

– Dei tre satsingane har me stor forventing til i stor grad når det gjeld forsking. Men me har utfordra dei også på utdanning,og me jobbar med det. Det er ganske vanskeleg, for utdanning ligg mest på fakulteta, minna Stølen om. 

Størst satsing på infrastruktur for forsking

Styret vedtok forslaget om å tildela 15 millionar kroner til infrastruktur for forsking, som dermed blir den største satsinga på 2024-budsjettet. I tillegg blei det vedtatt å setja av 10 millionar kroner til digital transformasjon. Den siste potten UiO har til prioriteringar er på 7 millionar kroner og den blei vedtatt å gå til satsinga på tverrfakultær utdanning, Slik blir fordelinga for dei ulike einingane på UiO:

VEDTOK 2024-BUDSJETT: Universitetsstyret vedtok fordelinga av ei sannsynleg tildeing på  6.4 milliardar kroner frå staten for budsjettåret 2024. (Foto av saksdokument)

Fekk pengar til kompensasjon for lønns- og prisstiging

Sist fredag blei også revidert nasjonalbudsjett for 2023 vedtatt av Stortinget.  Det førte også til at det kom ein del ekstra pengar til UiO for 2023.  Styret vedtok at 81,5 millionar kroner skal fordelast til einingane på grunnlag av fordelingsmodellen for 2023. Kompensasjonen for lønns- og prisstiginga blir auka frå 3 til 4,4 prosent.  I tillegg vert 141 millionar fordelte til einingane på grunnlag av fordelinga for 2024. Dessutan vedtok Universitetsstyret å setja av 60 millionar kroner til prognose for auka energikostnader i 2024. 

Øyremerkt løyving til Jødiske vegvisarar

Og det ligg også ei gledeleg melding til prosjektet Jødiske vegvisarar i revidert nasjonalbudsjett, ifylgje saksdokumenta til Universitetsstyret.  Det får ei øyremerkt løvying på 800 000 kroner direkte til Det teologiske fakultetet.

Uniforum har tidlegare skrive om frykta prosjektleiar Michael Gritzman  hadde for at prosjektet ikkje ville kunne handtera økonomien, dersom deltakarane utanfor EØS og Sveits, måtte betala ekstra for å gå på  kurset. Dei øyremerkte pengane går til utdanningstilbodet. Kva som skjer med førespurnaden om å få unntak for studieavgifta, blir avgjort i slutten av juni, skreiv Kunnskapsdepartementet i ein epost  til Uniforum i mai. 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2023 16:48 - Sist endra 22. juni 2023 10:12

Logg inn for å kommentere