Riksrevisoren meiner kvalitetsarbeidet på universitet og høgskular er for lågt prioritert
Universitet og høgskular har ikkje lagt godt nok til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma. – Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å sikre god utdanningskvalitet og å betre studiegjennomføringa, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
REFS: Riksrevisor Karl Eirik Schøtt-Pedersen gir UH-sektoren refs for å ha forsømt kvalitetsarbeidet med utdanning.
| |
|
– Universitet og høgskular må prioritere kvalitetsarbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
|
|
Riksrevisjonen har undersøkt korleis utdanningsinstitusjonane legg til rette for å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma, og korleis statlege verkemiddel støttar opp om dette arbeidet.
Undersøkinga viser at universitet og høgskular har problem med å setje av og skjerme tid til utviklingsarbeidet.
– Evna til kontinuerleg kompetanseheving og omstilling vil vere avgjerande for å vidareutvikle samfunnet og for å bevare velferdsnivået vårt, derfor må universitet og høgskular prioritere kvalitetsarbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding frå Riksrevisjonen.
Mange studentar bruker meir enn normert tid
Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at
- andelen studentar som blei ferdige på normert tid har auka frå 2013 til 2022, men framleis bruker 44 prosent av studentane meir enn normert tid
- utdanningsinstitusjonane ser arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma som viktig for å betre studiegjennomføringa
- det er stor variasjon mellom studieprogram innanfor same fagområde når det kjem til undervisning, tilbakemelding, vurdering og arbeidslivsrelevans.
– Våre funn tyder på at det kan vere behov for vidareutvikling i mange studieprogram, og at studieprogramma kan lære av kvarandre. Det er avgjerande at universitet og høgskular er merksame på samanhengen mellom studiegjennomføring og kvaliteten i studieprogramma, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.Les heile undersøkinga frå Riksrevisjonen
https://www.riksrevisjonen.no/rapporter/
|
|
|
Publisert 27. juni 2023 11:32
- Sist endra 27. juni 2023 11:44
Logg inn for å kommentere