LEIAR: Innsynet i offentleglova må ikkje utholast

Legg heile forslaget om å uthola offentleglova tilbake i skuffa. Det er der det høyrer heime.

TILLIT: Vis at de har tillit til folket på same måte som folket har tillit til dykk, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i leiarkommentaren retta til justiskminister Emilie Enger Mehl og regjeringa. Her står statsråden saman med forsvarsminister Bjørn ArildGram, medan PST-sjef Beate Gangås står i forgrunnen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var fredagen før palmehelga regjeringa la fram eit forslag som vil uthola offentleglova og gjera det langt vanskelegare for journalistar og andre å finna ut om feil sakshandsaming og intern usemje i departementa.

Kort sagt inneber forslaget at det skal bli vanskelegare for norske borgarar å få greie på kva saker som den offentlege forvaltninga er i gang med enn det som er tilfellet i dag. No er intern sakshandsaming ein grunn til ikkje å gi innsyn i eit dokument. Men det har likevel vore mogleg å sjå kva saker som er under intern saksbehandling gjennom eit samla oversyn på nettportalen EInnsyn.

For unntaket frå innsyn i offentlege dokument i offentleglova paragraf 14 første ledd omfattar berre dokumentet, ikkje journalar eller andre register. Når nokon ber om innsyn i ein journal eller andre register direkte hos eit organ, skal referansane til alle journalførte dokument vera med, så lenge det ikkje er andre grunnar til ikkje å gjera dei offentlege, går det fram av høyringsnotatet frå regjeringa.

I høyringsnotatet vert dette trekt fram som eit stort problem fordi det kan vera med på å avsløra usemje i forvaltningsorganet. «Disse opplysningene vil samlet, men også hver for seg, kunne avdekke hvorvidt det foreligger intern diskusjon i en sak og omfanget av diskusjonen, på en måte som kan være hemmende for den frie, interne meningsutvekslingen i organet», heiter det.

Forslaget til regjeringa og Justis- og beredskapsdepartementet går ut på at det samla oversynet ikkje lenger skal leggjast ut på den elektroniske offentlege journalen, men berre vera tilgjengeleg for dei forvaltningsorgana som handsamar saka.

Dette argumentet er frykteleg dårleg

I høyringsnotatet blir det også argumentert for å avgrensa høvet til å be om ei samanstilling av organinterne dokument. Forslaget går ut på at det må kunne gjerast unntak frå regelen om innsyn, dersom opplysningane kan røpa noko nærare om innhaldet i eit organinternt dokument som er unntatt frå innsyn. Det blir også vist til at så lenge organinterne dokument må journalførast, kan mykje av dei interne diskusjonane skje munnleg, samtidig som heller ikkje dei organinterne dokumenta blir godt nok ajourførte i journalane.

Dette argumentet er frykteleg dårleg. Fordi sakshandsamarane ikkje fylgjer lova og journalfører alle dokumenta slik dei skal, vil regjeringa heller tilpassa lova etter dagens praksis. Det vil vera som å setja opp fartsgrensa og gi vedtaket tilbakeverkande kraft for å unngå at dei som bryt den, skal bli straffa for det.

Dette forslaget går heilt imot tilrådingane frå den regjeringsoppnemnde Ytringsfridomskommisjonen. Der vert det argumentert for å opna for endå meir innsyn i offentleg forvaltning enn det som er tilfellet i dag.

Heldigvis har no både jussprofessor Hans Petter Graver frå UiO og Norsk Presseforbund kome på bana for å protestera mot forslaget frå regjeringa.

I ein kronikk i Aftenposten viser Graver til viktige døme på kvifor det er viktig at også organinterne dokument blir journalførte. Eit tilfelle han trekkjer fram er korleis det i rettssaka om ti utvinningsløyve for petroleum i Barentshavet (klimasøksmålet) var gyldige, blei avslørt at Olje- og energidepartementet hadde halde skjult for Stortinget at Oljedirektoratet hadde gjort utrekningar som viste at lønsemda var langt lågare enn det departementet presenterte for Stortinget.

Vis at de har tillit til folket på same måte som folket har tillit til dykk

Auka hemmeleghald er ikkje det departementa treng, om dei ynskjer å ta vare på tilliten frå folk, meiner Graver.

Også Norsk Presseforbund er på ballen i denne saka. Jurist og rådgjevar Kristine Foss seier til Aftenposten at dersom forvaltninga får høvet til å skjerma alt organinternt, vil dette vera «ekstremt inngripande». – Eg meiner det er grunnlag for å spørja om forslaget står seg opp mot Grunnlova, seier ho til avisa. I Grunnlovas paragraf 100 står det nemleg at «alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane».

Høyringsfristen for innspel til dette endringsforslaget er sett til 5. juli, altså i fellesferien. Vårt råd til statsråd Emilie Enger Mehl og resten av regjeringa er:  Legg heile forslaget om å uthola offentleglova tilbake i skuffa. Det er der det høyrer heime. Vis at de har tillit til folket på same måte som folket har tillit til dykk.

 

Emneord: Akademisk frihet, Juss Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. apr. 2023 15:45 - Sist endra 19. apr. 2023 23:40

Logg inn for å kommentere