Regjeringa vil byggja 546 nye studenthyblar i Oslo

Studentsamskipnaden i Oslo får 175,6 millionar kroner til 446 nye hybeleiningar i Nydalen. Det skal også byggjast 100 nye hyblar andre stader i Oslo. Det melder Kunnskapsdepartementet. 

FLEIRE HYBLAR: Studentar i Oslo får tilgang til fleire studenthyblar. SiO har fått pengar  frå regjeringa til å byggja 546 nye hyblar dei komande åra. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I år er det Oslo og Agder som har fått pengar til dei største prosjekta. Det prosjektet som får flest tilsegner om tilskot, ligg i Oslo. Der får Studentsamskipnaden i Oslo 175,6 millionar kroner til 446 nye hybeleiningar i Nydalen.

Studentsamskipnaden i Agder i Kristiansand får 154,3 millionar kroner til 392 nye studenthyblar på Lund Torv.

– I Oslo er auken i leigeprisar historisk sterk. Derfor har vi denne gongen sett av pengar til å skalere opp tilbodet på studentbustader i hovudstaden kraftig, med 546 nye hybeleiningar, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding

Aukar byggetempoet

17 byggeprosjekt fordelte på åtte studentsamskipnader og ei bustadsstifting, får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 2639 hybeleiningar. Regjeringa har valt å prioritere nye og lovande byggeprosjekt som kan startast opp i løpet av kort tid.

– Vi vil få opp tempoet på bygginga av studentbustader, og på sikt er målet 3000 nye hyblar i året. I fjor auka vi ramma for kor mykje kvar hybeleining kan koste, og det har hatt effekt. Eg synest studentsamskipnadene har vore gode til å planlegge nye prosjekt dei kan sette i gong raskt. Det betyr at det ikkje er lenge til dei første spadane kan stikkast i jorda, seier Borten Moe.

– Leigeprisane har auka mykje det siste året. Vi veit at husleige er den største enkeltutgifta for dei fleste studentar. Å syte for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. Det kan også bidra til å dempe presset på den private leigemarknaden. I år aukar vi innsatsen særleg i Oslo, men også studentbustadprosjekt i sør, vest og nord får store tilskot, seier statsråd Ola Borten Moe.

Slik blir midlane til dei 1650 hybeleiningane fordelte:

Samskipnad

Studiestad

Prosjekt

Tal på hybeleiningar

Tilskot i kr.

 
 

Stiftelsen Blindern studenterhjem

Oslo

Nordfløy

22

     8 661 400

 

NAS

Tromsø

Dramsvegen Panorama trinn 4

20

     7 874 000

 

NAS

Tromsø

Dramsvegen Panorama trinn 5

60

   23 622 000

 

SAMMEN

Bergen

Energisentral Hatleberg

66

   25 984 200

 

SAMMEN

Bergen

Hatleberg

12

     4 724 400

 

SiA

Grimstad

Jon Lilletunsvei

3

     1 008 000

 

SiA

Kristiansand

Lund Torv

392

 154 330 400

 

SiM

Kristiansund

Kristiansund

40

   13 440 000

 

SiO

Oslo

Gjerdrumsvei 10

446

 175 590 200

 

SiO

Oslo

Kringsjå fase 3

38

   14 960 600

 

SiO

Oslo

Ullevål studentby

40

   15 748 000

 

SiT

Trondheim

Festningsgata 11

34

   13 385 800

 

SiT

Gjøvik

Studievegen, Gjøvik

20

     6 720 000

 

SiT

Trondheim

Nardoveien 12/14

41

   16 141 700

 

SiT

Trondheim

Klostergata 20

9

     3 543 300

 

SiS

Stavanger

Studentboliger U13

277

 109 054 900

 

Studentinord

Bodø

Storgata 19

130

   51 181 000

 

SUM

 

 

1650

 645 969 900

 
Emneord: SiO, Studentforhold
Publisert 21. mars 2023 12:38 - Sist endra 21. mars 2023 16:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere