No skal det brukast 45 millionar på å gjera høgare utdanning meir relevant for arbeidslivet

Regjeringa deler ut millionar til sju universitet og høgskular som skal kopla høgare utdanning saman med arbeidslivet.  Dei ti prosjekta får kvar inntil fem millionar kroner i stønad.

Ein mann står ved eit bord

GIR MILLIONAR: - Eg vil at studentane skal møte konkrete problemstillingar frå arbeidslivet i utdanninga, slik at dei betre forstår korleis dei kan bruke det dei har lært når dei skal ut i jobb, seier Henrik Asheim. No deler regjeringa ut 45 millionar kroner til prosjekt som skal gjera studia meir relevante for arbeidslivet. (Arkivfoto) 

Foto: Martin Toft

Sju universitet og høgskular får no pengar til å utvikle nye læringsformer som koplar studentar og arbeidsgivarar tettare saman. Studentane skal få meir praksis, løyse konkrete problem for bedrifter og få meir undervisning av folk frå arbeidslivet, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding

- Eg vil at studentane skal møte konkrete problemstillingar frå arbeidslivet i utdanninga, slik at dei betre forstår korleis dei kan bruke det dei har lært når dei skal ut i jobb. Dette er viktig for studiekvaliteten og for at næringsliv og offentleg sektor skal få den kompetansen dei treng. Derfor bruker vi no 45 millionar kroner på prosjekt som skal knyte tettare band mellom utdanningar og lokale og internasjonale verksemder, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Får inntil fem millionar kroner kvar i stønad 

Pengane skal gå til å utvikle nye samarbeid, læringsformer og læringsarenaer som skal gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet.

Det er Universitetet i Søraust-Noreg, UiT Noregs arktiske universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Norges Handelshøgskole og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet som får stønad. 

Prosjekta er i fag som økonomi og administrasjon, ingeniørfag, journalistikk og scenekunst.  Dei fleste er tverrfaglege, og fleire arbeider direkte med innovasjon og entreprenørskap. I sju av prosjekta får studentane praksis i ei verksemd, eller andre former for erfaringsbasert læring. Samstundes skal dei forske på eigen aktivitet og dele kunnskap og praksis som fører til meir relevans i høgare utdanning.

Det er Diku, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, som deler ut pengane. Prosjekta som får stønad kombinerer pedagogisk utvikling som aukar studentanes læring, med konkrete planar for samarbeid godt forankra i behov i arbeidslivet.

– Gjennom tverrfaglege prosjekt og utfordringsbasert læring får studentane viktig kompetanse innan samarbeid, kreativitet og omstilling. Dette er helt vesentleg for arbeidslivet i framtida, seier Harald Nybølet, direktør i Diku. 

God respons

Diku deler ut 45 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv og offentleg sektor.  Det kom inn 41 søknadar frå høgare utdanningsinstitusjonar over heile landet. Midlane kjem frå Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Kunnskapsdepartementet arbeider med ei stortingsmelding om arbeidsrelevans som skal leggast fram våren 2021, og tildelinga utgjer eit godt kunnskapsgrunnlag for dette arbeidet. Diku vil lyse ut nye midlar til auka arbeidsrelevans i 2021, og planlegg utlysing samtidig med framlegginga av stortingsmeldinga.

Desse prosjekta får stønad:

Institusjon

Prosjekt

Tildeling, kr

Høgskulen på Vestlandet

Ingeniørar i tverrfaglege team løyser framtidas utfordringar

3 768 000

Høgskulen på Vestlandet

Integrert praksis i nautikkutdanningen

4 984 000

NHH

The new Innovation School

5 000 000

NTNU

Næringsnær gjennom studentpraksis i økonomisk-administrativ utdanning

4 989 173

NMBU

Samarbeid for betre medvirking i planlegging (SAMBED)

4 998 125

Nord Universitet

Redaksjonell relevans i journalistutdanninga

4 909 851

UiT - Noregs arktiske universitet

Samarbeid om praksis i høgare utdanning

4 204 000

UiT - Noregs arktiske universitet

GeoPraksis – Praksis for ei arbeidslivsrelevant utdanning

4 397 394

Universitetet i Sørøst-Noreg

Innovasjon i team - Ein modell for innovasjons- og samarbeidskompetanse for eit berekraftig arbeidsliv

4 997 900

 

Universitetet i Sørøst-Noreg

Scenekunst pop-up camp for studentar: kreativ node for auka arbeidsrelevans

2 876 000

Sum

 

45 124 443

Emneord: Utdanning, Studentforhold, Studentsaker
Publisert 15. des. 2020 13:30 - Sist endra 15. des. 2020 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere