Åtte UiO-prosjekt er tildelt pengar for utvikling og samarbeid med universitet i sør

Fleire fagmiljø på UiO fekk i helga pengar frå NORAD til samarbeid om kapasitetsbygging, forsking og utdanning med universitet i låginntektsland. Professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø leier eit av prosjekta som får støtte. 

Ein mann sit i ein stol og snakkar medan han gestiklulerer med hendene

FÅR NORAD-STØTTE: Professor Dan Banik har fått støtte frå NORAD til ei samarbeidsprosjekt med universitet i Malawi  og i Etiopia om styring etter FNs 17 berekraftsmål. Her føreles han for studentar i Malawi. (Arkivfoto)

Foto: Dan Banik

UiO skal leia åtte av dei ni prosjekta som NORAD no har gitt pengar til gjennom programmet NORHED II. Det startar opp i 2021 og skal vara ut 2026. Dette er Norads program for kapasitetsbygging, forskning og utdanning i samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og i låg- og mellominntektsland. 

Professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø på UiO synest det er flott at prosjektet han skal leia om politikk for berekraftig utvikling i  Malawi og Etiopia, har fått ei tildeling på nesten 20 millionar kroner. 

"Jeg er veldig glad for SustGov prosjektet vårt ble innvilget, og ser frem til å forske videre på samstemthet i politikken som fremmer bærekraftig utvikling i Etiopia og Malawi. Det blir spennende å begynne et samarbeid med University of Addis Ababa samt fortsette et godt etablert samarbeid med kolleger ved University of Malawi", skriv Dan Banik i ein epost til Uniforum. 

Til saman delte NORAD ut 1,1 milliardar kroner for den neste perioden, medan det var søkt om støtte for 3,3 milliardar kroner, går det fram av NORADs nettsider. Det var NTNU og UiB som fekk flest tildelingar av denne potten denne gongen, medan UiO kom på tredjeplass. På UiOs nettsider om programmet går det fram at det blei sendt inn støtte for 19 prosjekt. Til saman delte NORAD ut pengar til 60 prosjekt etter at dei hadde fått inn over 199 søknader om støtte. 

 – For å styrkja kapasiteten til dei høgare utdanningsinstitusjonane er det viktig å styrkja deira rolle som samfunnsaktørar for utvikling, seier NORAD-direktør Bård Vegar Solhjell i ei melding som er lagt ut på nettsidene til NORAD.  

Dei landa som deltar i flest prosjekt er Uganda, Tanzania, Etiopia og Malawi. I Asia er Nepal det landet som er representert i flest prosjekt, medan det er Colombia i Latin-Amerika, står det i informasjonen som er lagt ut på NORADs nettsider. Til saman er prosjekta fordelte mellom 32 land. Og 11 høgare utdanningsinsitusjonar frå Noreg deltar. I tillegg til NTNU, UiB og UiO, er det Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) som har fått innvilga flest prosjekt. 

På UiO spenner prosjekta frå samarbeid om E-læring i Palestina til styring av klimaendringar og økosystem i Afrika, frå offentleg helse og berekraftig utvikling i Myanmar til kvinne- og barnerettar i miljøpolitikken i Afrika. Eit av prosjekta handlar også om korleis høgare utdanning skal bli endå betre for motstandsdyktige samfunn. Prosjektet som professor Dan Banik på SUM leier handlar altså om berekraftig politikk.  Det niande prosjektet som UiO deltar i, vert leia av Universitetet i Søraust-Noreg, og der deltar Josef Noll frå Universitetet i Oslo.  Det viser informasjon som UiO har lagt ut nettsidene sine

Kvart prosjekt vil få frå 10 millionar til 20,7 millionar kroner i støtte gjennom fem år.  Til saman har dei UiO-leia prosjekta fått tildelt 160,4 millionar kroner. Det medisinske fakultetet har med to prosjekt, og det same har Det juridske fakultetet.  Mat.nat. leier eit prosjekt og er partnar på eit prosjekt leia av USN.  Elles har Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet med eit prosjekt kvar. Senter for utvikling og miljø leier eitt prosjekt. 

Dette er dei 8 prosjekta som vert koordinerte av UiO-forskarar:

NORHED projects at UiO 2021-2026
Project title Project leader Main partners

Equip Palestine with E-Learning (E-Pal)

Hege Hermansen, Department of Education Palestine Polytechnic University, University College of Applied Science

Strengthened doctoral education for health in Tanzania (DOCEHTA)

Kåre Moen, Department of Community Medicine and Global Health Muhimbili University of Health and Allied Sciences, University of Dodoma

Public Health and Sustainable Development in Myanmar (MY-NORTH-II)

Espen Bjertness, Department of Community Medicine and Global Health Prince of Songkla University, University of Community Health, University of Medicine 1, University of Public Health, Mahidol University
Climate change and ecosystems management in Malawi and Tanzania Chong-Yu Xu, Department of Geosciences University of Malawi, University of Dar es Salaam, University of Mzuzu,
Governance for the SDGs (SustGOV) Dan Banik, Centre for Development and the Environment Addis Ababa University, University of Malawi
Women's, children's and nature's rights in environmental governance Anne Hellum and Elisabeth Wenger-Hagene, Department of Public and International Law University of Nairobi, University of Zimbabwe, University of Malawi
Medical and environmental anthropology for 21st century East Africa Paul Wenzel Geissler, Department of Social Anthropology, co-director Ruth Prince, Helsam  University of Nairobi, Maseno University, Kenya Medical Research Institute, National Institute for Medical Research -Tanzania, Makerere University University of Dar Es Salaam

Partnership for Peace: Better Higher Education for Resilient Societies

Gentian Zyberi, Norwegian Centre for Human Rights African School of Economics - Benin, Universidad de los Andes, Mekelle University, Birzeit University, Makerere University

 

(Oppdatert kl, 23:54 med kommentar frå Dan Banik og nytt bilete. Ruth Prince lagt til som co-director for Medical and environmental anthropology, 08.01.21)

Emneord: Afrika, Asia, Latin-Amerika, Globalisering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2020 17:38 - Sist endra 8. jan. 2021 09:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere