UiO-professor skal utvikla ei digital løysing for å erstatta papirlappen i medisinpakka

Eit forskings- og innovasjonsprosjekt leia av UiO-professor Anne Moen er tildelt 200 millionar kroner frå EU for å utvikla betre og digitale system for informasjon og bruk av medisinar. Det kan verta livreddande.

Ei kvinne sit ved ein kontorpult med mange PC-ar rundt seg

SKAL UTVIKLA DIGITAL MEDISININFORMASJON: – Det er faktisk veldig stort og ei stor utfordring, og det er ei oppgåve eg går til med stor respekt, fortel Anne Moen. 

Foto: Øystein Horgmo/UiO

Forskingsprosjektet Gravitate-Health er eit samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og private selskap i 15 land i Europa og USA.

Målet med prosjektet er at det i framtida skal bli lettare og mindre farleg å handtera medisinbruk. Då skal pakningsvedlegget i medisinpakka kunna erstattast med digital informasjon som er tilpassa kvar enkelt brukar. For kvart år døyr 200 000 menneske for tidleg i Europa på grunn av at dei får dårleg oppfylging av medisin, ifylgje OECD.

– Veldig stort

Det er professor i sjukepleievitskap,Anne Moen frå Det medisinske fakultetet på UiO som leier prosjektet som er tildelt 200 millionar kroner i forskingsstøtte frå EU. 100 millionar kjem frå forskingsprogrammet Horisont 2020 og den andre halvparten kjem frå Innovation Medicine Initiative (IMI). Resten av finansieringa kjem frå dei private partane.

Det fem år lange prosjektet starta formelt 1.november, men den offisielle lanseringa skjer i dag gjennom ei felles pressemelding frå alle institusjonane og selskapa som deltar i prosjektet

Anne Moen er svært nøgd med at ho får leia eit slikt prosjekt.

– Det er faktisk veldig stort og ei stor utfordring, og det er ei oppgåve eg går til med stor respekt, fortel ho til Uniforum.

 Ikkje lett å forstå

I pressemeldinga blir det vist til at pasientane i dag får informasjon om medisinane dei tar gjennom papirlappen som alltid ligg saman med medisinen. Problemet er at innhaldet i vedlegga ofte ikkje er så lett å forstå eller er særleg relevante for behova til kvar enkelt pasient. Det blir vist til at teksten i pakningsvedlegga vanlegvis har lita skrift og ikkje nødvendigvis alltid avspeglar den mest oppdaterte informasjonen på grunn av lange produksjonstider for produktemballasje.

– Det er også eit problem at den informasjonen som står der heller ikkje alltid er oppdatert. Legemiddelprodusentane er pålagde å gi slik informasjon. Ein viktig drivar for prosjektet er å sjå om den informasjonen kan koma til meir nytte for kvar enkelt brukar av medisinen. Me skal laga ei digital løysing for å fokusera på informasjon i pakningsvedlegget, og då kan brukaren halda seg orientert om dei opplysningane som berre er relatert til han eller henne som enkeltperson, forklarar Anne Moen overfor Uniforum.

Ho viser til at i Noreg finst det ein felleskatalog for alle medisinar som er i bruk i Noreg.

– Den er digital og all informasjon blir oppdatert regelmessig. No håpar me at i framtida kan kvar innbyggjar som brukar medisin gå inn og sjå etter om informasjon som tek omsyn til personlege faktorar som kan verka inn på bruken av ein bestemt medisin, fortel Anne Moen.

Persontilpassa informasjon

Prosjektet vil starta med testscenario i ni europeiske land og i USA. Det eine scenariet går ut på å finna ut om brukarane går til apoteket fordi dei til dømes har blitt forkjøla og får tilrettelagt informasjon om hjelpemiddel. Eit anna går ut på å få laga persontilpassa    informasjon om medisinen til kvar enkelt brukar.

– Gamle folk treng meir samla informasjon om medisinane fordi dei ofte tar så mange          medisinar samtidig. Då kan det vera viktig at dei i alle fall får og set seg inn i den informasjonen som er naudsynt for dei, og lett kan finna meir informasjon. Det blir lettare å få til når dei opplysningane dei treng blir digitalt tilgjengeleg, forklarar Anne Moen.

Sjølv om dette prosjektet har eit budsjett på 200 millionar kroner, vil det også spara  landa  for store utgifter. OECD peikar på det døyr rundt rekna 200 000 menneske for tidleg på grunn av dårleg oppfylging av medisinar. OECD har også rekna ut at ekstra innlegging på sjukehus, akuttinnleggingar og pasientbesøk kostar europeiske land om lag 125 milliardar euro i året. Dette kan ein bidra til å unngå ved utvikling av betre og digitale system for medisininformasjon, går det fram av pressemeldinga.

Ein av dei private samarbeidspartnarane til prosjektet er det amerikanske legemiddelfirmaet Pfizer. Prosjektleiar Dr. Giovanna Ferrari i selskapet ser fram til samarbeidet.

"Dette samarbeidet i eit offentleg-privat partnarskap kan bidra til framtidsretta og unike resultat. Det er ein spennende moglegheit til å skapa nye tilnærmingar og bruka digital informasjon slik at det kjem pasientar, pårørande og helsepersonell til gode" seier ho i den felles pressemeldinga frå alle som er med i prosjektet.

Dette er eit IMI-prosjekt, noko som står for EU-initiativet for helseinnovasjon, og det er første gong det blir leia av av ein akademisk partnar frå Noreg.

Vann internasjonal konkurranse

Anne Moen trur at det kan vera fleire grunnar til at det prosjektet ho står i brodden for, blei vald ut til å utvikla dette prosjektet.

– Det er fordi eg tok eit initiativ til å svara på utlysinga IMI/EU kom med - eit forskingsprosjekt som gjekk ut på å få til eit betre og digitalt system for opplysningar om kvar medisin som er tilpassa kvar person som brukar desse medikamenta. Då måtte me vera forskarar frå fleire land og også ha med private selskap i den gruppa som søkte om økonomisk støtte frå EU. Og så vann prosjektgruppa eg leia fram og fekk utvikla prosjektet saman med dei private partane i prosjektet, seier ho stolt.

– Godt nettverk

Anne Moen viser til at ho hadde liknande erfaring frå fleire forskings- og innovasjonsprosjekt, mellom anna «Capable» som var støtta av Forskingsrådet. Dessutan har ho vore medlem i ei EU-gruppe for E-helseinformasjon.

– Det har bidratt til eit godt nettverk, understrekar ho.

Til saman deltar 40 partnarar i 15 land og 170 personar i dette prosjektet. Og i fylgje Anne Moen, så er det planlagt 10 testscenario for å etablera forståing, brukarkrav, utprøving av prototypar og testing

Samla vil EU altså gi prosjektet ei tildeling på 200 millionar kroner. Og pengane skal også brukast til rekruttering.på UiO

 – Me skal oppretta ei stipendiatstilling og vil også engasjera to postdoktorar i prosjektet på Det medisinske fakultetet på UiO, seier Anne Moen til Uniforum.

Førebels har alle partnarane berre hatt kontakt med kvarandre på nett.

– Eg gler meg til pandemien er over og me kan samlast fysisk til eit felles seminar i Oslo, avsluttar Anne Moen.

Emneord: Medisin, EU Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2020 07:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere