Odd Hassel blei æra med blått skilt på Kjemibygningen

Noregs andre nobelprisvinnar i kjemi Odd Hassel har no fått eit blått skilt på den gamle arbeidsplassen sin i Kjemibygningen på Nedre Blindern.

AVDUKING: Rektor og kjemiprofessor Svein Stølen har akkurat avduka eit blått skilt for Odd Hassel, den andre norske nobelprisvinnaren i kjemi. Til høgre står Ole Riksard Høisæther i  "Selskabet for Oslo Bys Vel" og applauderer. 

Foto: Martin Toft

I 1969 fekk Odd Hassel Nobelprisen i kjemi. I går var det 51 år sidan. Dagen blei markert ved at UiO-rektor Svein Stølen avduka eit blått skilt for Odd Hassel utanfor hovudinngangen til Kjemibygningen.

Odd Hassel (1897-1981) ) fekk Nobelprisen i kjemi saman med  Derek Barton frå Storbritannia for innsatsen sin  for konformasjonsomgrepet si utvikling og bruk innanfor kjemien. Då han fekk Nobelprisen i kjemi i 1969, var han den andre nordmannen som fekk prisen. Året før blei Nobelprisen i kjemi tildelt Lars Onsager som også kom frå Oslo, og som etter studiar ved NTH i Trondheim og ETH i  Zürich i Sveits, drog til USA der han både tok doktorgrad, fekk engasjement som vitskapsmann og fekk amerikansk statsborgarskap  i 1945. 

Det er "Selskabet for Oslo Bys Vel" som står bak plasseringa av blå skilt om kjente menn og kvinner som har budd og jobba i Oslo. Generalsekretær Ole Rikard Høisæther fortalde først om ordninga med blå skilt i Oslo og om korleis andre kjente UiO-forskarar også hadde fått blått skilt på universitetsbygningar både på Blindern og i sentrum. Både Ragnar Frisch og Ellen Gledtisch er blant dei siste som har blitt denne æra til del.

I går var altså turen komen til Odd Hassel. Først  fortalde Kari Kveseth om sine møte med Odd Hassel som ung student, om lag på den same tida som han blei tildelt Nobelprisen i kjemi.

– Han meinte eigentleg at kvinner ikkje hadde noko i naturvitskapen å gjera, fortalde ho med eit smil. Sjølv hadde ho eit godt inntrykk av han.

Odd Hassel studerte først ved det tyske universitetet Fritz-Haber-Institut für physikalische Chemie und Elektrochemie i Dahlem som no ligg i Berlin.

I 1925 blei han universitetsstipendiat på Universitetet i Oslo, og der brukte han heile forskarlivet sitt på Kjemisk institutt. Der blei Odd Hassel også Noregs første professor i fysikalsk kjemi i 1934.

Forskingsmagasinet Apollon har denne artikkelen om Odd Hassel; Nobelprisvinneren bygde selv opp forskningsmiljøet han trengte

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

(Oppdatert og korrigert med opplysningar om Lars Onsager 9. oktober kl 10:33)

 

Emneord: Kjemi, Realfag, Priser Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2020 12:40 - Sist endra 9. okt. 2020 11:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere