Dobbeltsiger til UiO i Oslo-finalen i Forskar Grand Prix

Arvid Nikolai Kildahl  frå Psykologisk institutt vann delfinalen i Oslo i Forskar Grand Prix.  Med seg til landsfinalen i Trondheim får han også Katrine Rollid frå Institutt for klinisk medisin. No går turen til finale i Trondheim.

Ein mann og ei kvinne feirar siger i delfinale i Forskar Grand Prix

VINNARAR: UiO-forskarane Arvid Nikolai Kildahl og Katrine Rollid jublar etter at dei tok første- og andreplassen i delfinalen for Osloregionen i Forskar Grand Prix på Latter i kveld. (Foto: Yngve Vogt/Apollon)

Foto: Yngve Vogt /Apollon

Rundt klokka  20.30 i kveld blei det klart at  Arvid  Nikolai Kildahl frå Psykologisk institutt hadde vunne delfinalen for Osloregionen i Forskar Grand Prix på Latter. Ikkje nok med det, for på andreplass kom Katrine Rollid frå Institutt for klinisk medisin. Dermed blei det dobbeltsiger til Universitetet i Oslo. 

Broren var inspirasjonskjelda 

Arvid Nikolai Kildahl  vann konkurransen med eit fire minutt  langt foredrag om korleis han forskar på korleis me kan kjenna igjen traumereaksjonar og traumelidingar hos personar med autisme og utviklingshemming. Han fortalde om korleis hans eigen bror, som både er autist og utviklingshemma og som lever eit godt liv, har vore inspirasjonskjelda hans til å driva forsking som kan gjera livet  betre for den gruppa av personar.

Både i første runde og i superfinalen fekk Kildahl full poengskår av dei tre dommarane. Og når stemmene frå salen og frå publikum på nettet blei talde saman, hadde han vunne heile konkurransen.

Men han blei tett fylgd av Katrine Rollid frå Institutt for klinisk medisin, UiO. Ho fortalde om forskinga si som syner at personar som er hjartetransplanterte kan koma i  betre form med hard intervalltrening enn med berre  moderat trening.  Rollid fekk to poeng mindre frå dommarane enn vinnaren Arvid Nikolai Kildahl, men også ho får ein plass i landsfinalen i Trondheim førstkomande laurdag. 

– Overveldande og fint

Begge var svært glade etter at UiO-rektor Svein Stølen hadde kunngjort kven av dei tre i superfinalen som hadde tatt dei to øvste plassane. 

– Det er svært overveldande og fint. Og eg synest det er flott at så mange har fått ei kjensle av  kor viktig dette er. Det er det viktigaste med dette, sa Arvid Nikolai Kildahl til Uniforum rett etter at han var blitt kunngjort som vinnar. Han tykte det var uventa.

– Ja, det var veldig overraskande, for eg har ikkje tenkt på konkurranseaspektet. Det har ikkje vore i fokus, så det var ei hyggeleg øving, slo han fast.

Under presentasjonen av forskinga si brukte han to bilete av broren sin, eit med dei to saman og eit berre med broren. Elles brukte han berre stemma som verktøy under foredraget. Den stilen vil han ikkje endra på i landsfinalen i Trondheim garanterer han. 

– Nei, det vil eg ikkje. Det er historia som er viktigast, understreka han. 

– Veldig gøy

Også Katrine Rollid går til landsfinalen i Trondheim etter at ho tok ein fin andreplass etter Kildahl.  Det var ho svært nøgd med.

– Dette har vore veldig gøy. Eg er så takksam og glad for at eg har fått vera med på dette opplegget, med så mykje fine folk, så mykje lærdom. Dette har vore ei fantastisk reise, sa ho til Uniforum. 

– Korleis trur du det går i landsfinalen i Trondheim? 

– Det får me sjå. Eg skal gjera så godt eg kan eg i dressen min, ler ho og peikar på den raude treningsdrakta si. 

UiO hadde tre i superfinalen

Ikkje berre dei to endelege vinnarane kom frå Universitetet i Oslo. Det gjorde også den tredje personen som deltok i superfinalen. Det var Marta Trodahl frå Institutt for geofag. Ho fekk eit wild card frå juryen for presentasjonen av forskinga si på Lofotkvervelen, og mysteriet om  korleis den får energien til å overleva. 

Dei to andre frå Universitetet i Oslo som deltok var Emil Junge Nielsen Busch frå Det teologiske fakultetet og Frøydis Sved Skottvoll frå Kjemisk institutt. Sistnemnde vann Kjemi Grand Prix på UiO tidlegare i år. Den siste deltakaren frå UiO, Marita Skjuve måtte melda forfall.

I dommarpanelet sat Inga Bostad, frå Institutt for pedagogikk ved UiO. Der hadde ho selskap av journalist Torkild Jemterud frå NRK og skodespelar Mats Eldøen som fleire gonger er blitt noregsmeister i teatersport. 

Delfinalen blei leia av teknologi- og vitskapstolk Sunniva Rose. Også ho har bakgrunn som forskar og formidlar frå Universitetet i Oslo. 

Laurdag skal dei to vinnarane til landsfinalen i Trondheim. Der møter dei vinnarane av dei andre delfinalane. 

Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2020 22:41 - Sist endra 22. sep. 2020 22:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere