Stipendet går ikkje tapt for studentar som arbeider i helse og omsorg

Studentar som arbeider i helse-og omsorgsektoren mister ikkje stipendet, sjølv om dei går over inntektsgrensa. Regjeringa føreslår å forlengja denne ordninga som blei innført i vår også utover hausten. 

GLADMELDING: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kjem med ei gladmelding til studentar som arbeider i helse og omsorgssektoren. Dei kan tena over inntektsgrensa utan at dei mister stipendet.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Mange studentar bidreg med viktig arbeidsinnsats i helse- og omsorgssektoren under pandemien. For å hindre at dei som stiller opp taper økonomisk, fjerna regjeringa i vår inntektsgrensa for desse studentane. No foreslår regjeringa å forlenge ordninga ut året.

– Helse- og omsorgssektoren har framleis stort behov for arbeidskraft grunna koronapandemien. Studentar som stiller opp skal sleppe å uroe seg for at mykje ekstrajobbing skal gå utover stipendet. Difor foreslår vi å forlenge ordninga som vi innførte i vår, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding

Endringa skal sikre viktig arbeidskraft

I dag har Lånekassen eit tak for kor mykje ein kan tene før stipendet blir redusert, og stipendet blir behovsprøvd mot inntekt i etterkant. No foreslår regjeringa å forlenge det mellombelse fritaket frå inntektsgrensa ut året for desse gruppene:

  • Studentar ved universitet, høgskolar og fagskolar som arbeider i helse- og omsorgssektoren, uavhengig av kva dei studerer.
  • Norske studentar i utlandet som anten jobbar i helse- og omsorgssektoren i Noreg, eller det landet dei studerer i.
  • Politistudentar som arbeider i politiet, eller melder seg til beredskapsarbeid.
  • Studentar som blir beordra til beredskapsarbeid knytt til pandemien gjennom Heimevernet, eller Sivilforsvaret.
  • Studentar med barn vil heller ikkje få redusert barnestipendet gjennom behovsprøvinga dersom ektefelle eller sambuar har inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren.

– Eg håpar at denne forlenginga gjer at studentar bidreg med det dei kan, samstundes som dei kan vere trygge på at dei ikkje vil tape økonomisk på det, seier Asheim.

Må dokumentere jobb i helse- og omsorgssektoren

Reint praktisk blir behovsprøving av stipend gjort opp når Lånekassen i 2021 behovsprøver inntekt frå skatteoppgjeret 2020. Studentar som har tent over inntektsgrensa som følgje av arbeid i helse- og omsorgssektoren, vil da få beskjed om å sende inn dokumentasjon på dette til Lånekassen for å få omgjort delar av studielånet til stipend.

Forslag om å forlenge det mellombelse fritaket frå inntektsgrensene i Lånekassen krev forskriftsendring. Kunnskapsdepartementet kjem tilbake med meir informasjon om dette snart.

To inntektsgrenser

Det er to inntektsgrenser i regelverket for 2020. Den eine på 188 509 kroner gjeld studentar som får utdanningsstønad for eit heilt kalenderår. Den andre, på 471 270 kroner, gjeld studentar som får utdanningsstønad i sju månader eller mindre per kalenderår. Dette er og til dømes relevant for studentar som avsluttar utdanninga i vårsemesteret, og byrjar å jobbe fulltid frå hausten av og ut året.

NSO vil ha kompensasjon for tapte inntekter for studentar

Tidlegare i dag gjekk Norsk studentorganisasjon (NSO) og kravde lønnskompensasjon også for heile sommaren og heile denne hausten for studentar som har mista inntektene sine.  Det gjeld for alle  grupper studentar, ikkje berre dei som arbeider i helse- og omsorgssektoren. 

NSO viser til at det for norske studenter er viktig at ein har sikring ved inntektsbortfall. I motsetning til arbeidstakarar som ikkje studerer, får studentar lånebasert økonomisk støtte ved inntektsbortfall. Dette meiner NSO er svært problematisk, går det fram av ei pressemelding som blei sendt til Uniforum og andre media.

Tal fra SSB viser at 7/10  av studentane har arbeidsinntekt ved sida av studiet, og heile 9/10  av studentane har arbeidsinntekt i løpet av året. Når sommarjobbane har vore vanskeleg å få tak i, og deltidsjobbane er færre, så set dette studentane i ein vanskeleg situasjon. I pressemeldinga etterlyser NSO  derfor ein plan for å sikra studenten hausten 2020.

Dette er Norsk studentorganisasjons fire krav til regjeringa: 

  • Norske studentar må få ei løysnng som dekkjer inntektsbortfall for perioden juli-desember. Ordninga skal primært ikkje gjevast som lån.
  • Regjeringa må løyva ekstra midlar til utdanningsinstitusjonane si omlegging til eit digitalt læringsmiljø.
  • Regjeringa må løyva midlar til samskipnadene for å styrkja og utvikla nye helse- og rådgjevingstilbod til studentane
  • Regjeringa må få i stand søknadsbaserte tilskotsordningar for det frivillige studentarbeidet.

 

 

 

 
 
Emneord: Koronavirus, Studentforhold. Av Martin Toft
Publisert 16. sep. 2020 21:23 - Sist endra 16. sep. 2020 21:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere