No skal det bli lettare å prioritera innkjøp av vitskapleg utstyr på UiO

Etter eit to år langt arbeid er eit vegkart for infrastruktur for forsking på UiO ferdig.  Viserektor Per Morten Sandset trekkjer fram arbeidet dei tilsette på  fakulteta har gjort for å få utforma  vegkartet. I dag får Universitetsstyret det til orientering.

Ein mann står ved eit vindauge og utanfor er det høgblokker

VEGKART: – Vegkartet blir ein slags prioriteringsmekanisme for UiO for å velja ut kva me vil søkja om og kva me vil prioritera i søknadane til Forskingsrådet, seier viserektor Per Morten Sandset. Universitetsstyret får vegkartet på sitt bord i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Ein rapport på over 200 sider blir i dag lagt på det digitale bordet til Universitetsstyret. Den skal staka ut kursen for kva investeringar UiO bør gjera først for å halda oppe og heva kvaliteten på forskinga.

I styredokumentet går det fram at vegkartet skal vera ein viktig reiskap for å nå UiOs forskingsambisjon i Strategi 2030. Det er å fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking.

Viserektor Per Morten Sandset har leia arbeidet med  å sy saman rapporten som tar føre seg både behovet for innkjøp av svære apparat til mange hundre millionar kroner på dei  matematisk-naturvitskaplege, medisinske og odontologiske fakulteta  og i tillegg på psykologi og behovet for opprusting av lagring av elektroniske data ved  HumSam-faga.   Han skryt over  innsatsen dei tilsette ved alle fakulteta har gjort  å kartleggja den eksisterande infrastrukturen  og i utforminga av det nye vegkartet.

–Bakgrunnen er at UiO har mykje  tung infrastruktur. Den er ikkje berre kostbar å kjøpa, men også å driva.  For forskarane våre er infrastrukturen veldig viktig for at dei skal vera konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Det eine er at me får tildelt infrastruktur etter internasjonale eller nasjonale konkurranseutsette søknader. Det andre er at når me først har fått dette, så har det stor konsekvens for institusjonen som til dømes Universitetet i Oslo, peikar Per Morten Sandset på overfor Uniforum.

Ei tildeling kan bli kostbar for UiO

Han viser til at ei av fylgjene av at UiO har fått tildelt vitskapleg utstyr frå Forskingsrådet eller andre instansar, kan bli at det vert ei svært kostbar tildeling for UiO som institusjon. 

– Det kan føra til ein infrastruktur som påfører fakulteta eller institutta store kostnader som dei kanskje eigentleg ikkje har råd til. Og det kan også vera at den infrastrukturen ikkje er i samsvar med strategien til fakulteta og institutta, trekkjer han fram.   Derfor meiner han det er naudsynt med ein overordna plan for investering i naudsynt utstyr over heile universitet.  

– Bind opp ressursar i mange år

– Det er viktig at dette blir ein del av ein prosess der fakulteta og institutta har ei klar meining om kva dei skal bruka dette til.  Dette er ikkje berre for å støtta opp under ei  enkelt forskargruppe for ein kort periode, men dette bind opp ressursar i mange år, konstaterer han.

Sidan det vitskaplege utstyret er så dyrt, må det utnyttast på ein best mogleg måte.  Og for viserektor Per Morten Sandset er det  då snakk om nasjonalt forskingssamarbeid. 

– Det er viktig at utstyret kan delast både med andre forskargrupper på universitetet, men også med institusjonar i nærleiken og i resten av Noreg. Slik kan UiO ha sin infrastruktur, medan UiB, NTNU i Trondheim og Universitetet i Tromsø har sine, og så kan dei dela det seg i mellom,  er tilrådinga hans.

– Har de mangla ein slik overordna plan tidlegare?

– Ja, det har me. Forskingsrådet har laga eit vegkart for forskingsinfrastruktur i Noreg, og det er sett saman av 15 delvegkart. Å vera på det vegkartet er svært viktig for då er dei prioriterte høgt, seier han.

Forskingsrådet utlyser kvart andre år forskingsmidlar til infrastruktur for om lag 1 milliard kroner.  Akkurat no er det ei slik utlysing med frist for innsending i november.

– Allereie i mai leverte me ei stor mengd skisser til Forskingsrådet. No vert det jobba med ein konkret søknad som skal leverast inn i november.  I mellomtida har me fått laga dette vegkartet for forskingsinfrastruktur som me skal orientera om i Universitetsstyret onsdag 10. september,  fortel Sandset. 

VIKTIG INFRASTRUKTUR: – Me avdekte at det var masse viktig infrastruktur også i HumSam-miljøa, spesielt på SV-fakultetet på grunn av laboratoria på psykologi. Også innanfor  musikkvitskap finst det slikt utstyr, seier viserektor Per Morten Sandset. (Foto:Ola Gamst Sæther)

– Ein slags prioriteringsmekanisme

Etter hans meining vil vegkartet oppnå to viktige ting: Det vil gi eit oversyn over heile UiOs infrastruktur for forsking. Samtidig vil det også gjera det lettare å visa fram kva prioriteringar UiO gjer.  

– Vegkartet blir ein slags prioriteringsmekanisme for UiO for å velja ut kva me vil søkja om og kva me vil prioritera i søknadane til Forskingsrådet. I november vil me dermed ha ein endå tydelegare prioritering når det gjeld kva me søkjer om, understrekar Per Morten Sandset. 

– Databaser og tilgang på data er det viktigaste for HumSam

Sjølv om dei største investeringane på dette området tradisjonelt går til faga på Mat.Nat. Medisin og Odontologi, oppdaga både viserektoren og dei andre som har arbeidd med vegkartet nye ting.

– Me avdekte at det var masse viktig infrastruktur også i HumSam-miljøa, spesielt på SV-fakultetet på grunn av laboratoria på psykologi. Også innanfor  musikkvitskap finst det slikt utstyr. Det har me truleg ikkje tenkt på tidlegare. Likevel er nok den elektroniske infrastrukturen (e-infrastrukturen) mykje viktigare. Prioriteringane deira viser at databaser og tilgang til data på ein fornuftig måte er det viktigaste for dei.  Og det same gjeld i aukande grad også for dei naturvitskaplege og medisinske fagmiljøa på UiO, presiserer han. 

Og når det gjeld investeringar i vitskapleg utstyr i åra framover, kjem han ikkje utanom Livsvitskapsbygget.

– Det er sjølvsagt også svært viktig for prislappen på 6 millardar 142 millionar dekkjer berre byggjekostnadene.  Derfor er investeringane i infrastruktur for forsking i livsvitskapsbygget også prioriterte i dette vegkartet, slår han fast.

 

 

                                            

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2020 04:30 - Sist endra 9. sep. 2020 09:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere