Nesten alle ferdige doktorkandidatar får seg jobb

97 prosent av dei som har tatt doktorgrad er i jobb fire til seks år etter. Men dei som arbeider på universitet og høgskular har høgare arbeidsmengde og tener dårlegare enn dei som har fått jobbar utanfor sektoren, viser ny undersøking. 

FÅR SEG JOBB: Ferdige doktorar får seg jobb, viser ei undersøking av dei som blei ferdige i åra frå 2013 til og med 2015. Då var Ola Petter Ottersen rektor ved UiO. Her leier han ei doktorkreering i Gamle festsal. (Arkivfoto)

Foto: Francisco Baggio /UiO

Berre tre prosent av dei som har tatt ein doktorgrad er arbeidsledige eller utan eit arbeidsforhold. Heile 97 prosent har klart å få seg jobb på universitet eller høgskule, i instituttsektoren, i det offentlege eller i det private næringslivet. Dei aller fleste er også nøgde med eigen arbeidsmarknadssituasjon.

Hovudfunn i Doktorgradsundersøkinga 2019:

  • Doktorar ved universiteta og høgskulane har lågare lønn enn doktorar andre stader
  • Mannlege doktorar tener meir enn dei kvinnelege både innanfor og utanfor akademia
  • Doktorane arbeider i snitt 44 timar i veka uavhengig av sektor
  • Doktorane er mest nøgde med fast stilling
  • Funna tyder på at doktorar utanfor akademia har vald bort forskingstid til fordel for fast stilling og ei arbeidsmengde som passar dei betre
  • Doktorane meiner dei har for dårleg kompetanse i nytenking og innovasjon, leiing og samarbeid enn dei har bruk for i den stillinga dei har no (Kjelde: Doktorgradsundersøkinga 2019 /NIFU) 

Det er funn som er gjort i Doktorgradsundersøkinga 2019. Den har forskarane Rune Borgan Reiling, Alexander Å. Maden og Marte E.S. Ulvestad hos Nordisk institutt for studiar av detinnovasjon, forsking og utdanning (NIFU)  utført på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dei har sendt ei spørjeundersøking til alle som disputerte i Noreg frå 2013 til 2015. Til saman var det 4297 personar,  og forskarane fekk svar frå 51,5 prosent av dei.

Flest jobbar på universitet og høgskular

Undersøkinga har kartlagt at av kandidatane frå 2013 til 2015, var 35,7 prosent tilsette på eit universitet eller ein høgskule medan 13,6 prosent jobba i instituttsektoren. 16 prosent av dei hadde fått seg arbeid på eit universitetssjukehus. Men mange får også jobb i privat sektor. Der hadde 19,1 prosent kandidatane fått ei tilsetjing.

Dårleg lønn og usikre arbeidsforhold i akademia

Mange av kandidatane vil gjerne halda fram med ein jobb i akademia etter at dei er ferdige med disputasen. Dei som gjer det, må dermed ta til takke med både dårlegare lønn og meir usikre arbeidsforhold enn dei som skaffar seg arbeid utanfor akademia. Og det er nettopp dei to faktorane som gjer at fleire av dei finn ut at dei heller vil jobba utanfor akademia, viser undersøkinga.

Både dei som har fått seg jobb i akademia og dei som har klart å få jobb andre stader synest likevel det er ein fordel med doktorgrad, sjølv om ikkje alle føler at dei får brukt kompetansen sin fullt ut.

Saknar meir kompetanse i nytenking og samarbeid

 I undersøkinga går det fram at kvalitetar som nytenking og samarbeid, er noko som dei saknar på doktorgradsutdanninga og som dei har bruk for i arbeidslivet. Nokre listar også opp kunnskap i innovasjon som eit område dei kunne ha tenkt seg å ha hatt meir om på doktorgradsutdanninga. Alle nemner dessutan at dei har høg arbeidsbør og arbeider mange fleire timar enn ei normal arbeidsveke. I gjennomsnitt arbeider dei 44 timar i veka.

Samla sett blir 94 prosent av alle doktorgradane i dag avlagde ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Universitetet i Tromsø eller NMBU. Ein av tre doktorgradar blei gjennomførte i medisin og helsefag. 60 prosent av kandidatane blei finansierte av basisløyvinga under doktorgradsutdanninga, medan ein fjerdedel blei heilt eller delvis finansierte av pengar frå Forskingsrådet. Finansiering via Forskingsrådet er mest vanleg innanfor matematikk og naturvitskap og teknologi, men mindre vanleg på medisin og helsefag, går det fram av undersøkinga.

Konklusjonen er at doktorane opplever at valet mellom ein karriere i eller utanfor universitets- og høgskulesektoren, er eit val mellom uvisse arbeidsforhold og betre høve til å bruka kompetansen sin.

– Fint å sjå at dei fleste er nøgde

Heile undersøkinga blei presentert under eit webinar arrangert av Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU)  i formiddag. Den første som fekk sjansen til å å kommentera undersøkinga var Aase Marthe Johansen Horrigmo (H). Ho er statssekretær i Kunnskapsdepartementet som er oppdragsgjevar for undersøkinga.

– Funna i denne undersøkinga må bli tatt med i stortingsmeldinga om arbeidslivsrelevans. Det er fint å sjå at dei fleste er nøgde og ser at det er ein fordel med doktorgrad, sjølv om dei ikkje får brukt kompetansen sin fullt ut, tykte ho. For henne var det viktig å understreka at det er bruk for folk med doktorgrad både innanfor og utanfor akademia.

 – Utfordringar som koronapandemien og det grøne skiftet viser at det er behov for dei i heile arbeidslivet, sa ho.

– Utenkjeleg

Så viste ho til si eiga erfaring som doktorgradsstudent.

– Då blei det ofte rekna som utenkjeleg å satsa på ein karriere utanfor akademia, mintest ho.

Også UiO-rektor Svein Stølen var invitert for å kommentera undersøkinga. Han tok tak i erfaringane til statssekretær Aase Marthe Johansen Horrigmo om korleis doktorkandidatane berre såg for seg ein karriere i akademia.

– Det må ikkje vera slik at berre ein karriere i akademia er det einaste som kan gjera kandidatane lykkelege. Næringslivet og resten av arbeidslivet treng kompetanse om kva som er forskingsbasert kunnskap. trekte han fram.  

Arbeider for å få ned talet på mellombelse stillingar

Sofie Høgestøl, som er leiar for Akademiet for yngre forskararar, ville gjerne ha talet på mellombels vitskaplege stillingar endå meir ned.

– Eg utfordrar spesielt Svein Stølen og Universitetsstyret ved UiO til å gjera noko med det, sa ho.

Svein Stølen viste til at dei var godt i gang med dette arbeidet.

– Universitetet i Oslo har jobba hardt for å få ned talet på personar som er tilsette i mellombels vitskaplege stillingar, svara han.

Høgestøl var også uroleg for ein annan ting.

– Eg er usikker på om me er flinke nok til å ta vare på dei talenta som vil inn i forsking. Me må utvikla ein karriereveg for dei, føreslo ho.

Også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kom med eit lite spark til universiteta og høgskulane etter å ha sett på funna i undersøkinga.

- Før var ein doktorgrad noko du tok for å bli professor. Slik er det ikkje lenger. Men sjølv om fleirtalet av doktorane skal ut i jobb i andre sektorar, kan ikkje universiteta og høgskulane risikera å mista dei klokaste hovuda til andre delar av samfunnet på grunn av arbeidsforhold. Eg har vore heilt tydeleg til sektoren om at andelen mellombelse tilsettingar må ned, seier Henrik Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Doktorgrader, Forskningspolitikk, NIFU, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2020 16:30 - Sist endra 22. sep. 2020 16:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere