Munnbind eller ikkje munnbind? Fylg med på pressekonferansen med helse- og omsorgsministeren

Klokka 14.00 i ettermiddag held regjeringa og helse- og omsorgsminister Bent Høie ein pressekonferanse der dei mellom anna skal svara på råd om bruk av munnbind. 

To kvinner og to menn står og held ein pressekonferanse

NYE KORONARÅD:  I dag kjem helse- og omsorgsminister Bent Høie med nye råd om koronatiltak. Biletet er frå regjeringas første pressekonferanse då den hadde tatt avgjerda om å stengja store delar av Noreg den 12. mars i år. (Arkivfoto)

Foto: Skjermfotografering /Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS).

Denne veka har apoteka blitt runne ned av personar som vil kjøpa munnbind. Det skjedde etter at det har kome signal frå helsestyresmaktene om at det kan bli rådd til å bruka munnbind i enkelte situasjonar.  

Klokka 14.00 vil helse- og omsorgsminister Bent Høie saman med helsedirektør Bjørn Gullvog og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet kunngjera nye retningslinjer.  Det kan få fylgjer for Universitetet i Oslo og andre utdanningsinstitusjonar i hovudstaden sidan 40 000 studentar begynner studia sine frå neste veke. I går var helse- og  omsorgsminister Bent Høie i møte med blant andre representantar for kollektivtransportselskapa, NHO og fylkeskommunane og Virke.

Heile pressekonferansen kan du sjå på denne nettstaden 

Emneord: Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 7. aug. 2020 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere