Søkjartala vert presenterte i dag - fylg med på direkten!

I dag presenterer statsråd for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim opptaket til høgare utdanning saman med Samordna opptak på OsloMet. Då får me vita kor mange som har fått tildelt studieplass på UiO. 

Ein stor bygning midt på Blindern. Namnet er Georg Sverdrups hus.

LEGG FRAM OPPTAKSTAL: I dag legg statsråd Henrik Asheim fram resultatet av opptaket til høgare utdanning. Då får me svar på kor mange som har fått tildelt studieplassar på UiO. Biletet viser Georg Sverdrups hus på Blindern. (Arkivfoto)

Klokka 10.00 i dag får me vite resulatet av opptaket til høgare utdanning. Det skjer på OsloMets avdeling i Pilestredet i Oslo og det er forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim som presenterer tala, saman med Terje Mørland frå Samordna opptak, som er direktør for utdanningstenester i Unit. 

I år var det rekordmange søkjarar til universitet og høgskular.  Under kunngjeringa vil me få svar på kor mange av søkjarane som kom inn på draumestudiet. Også spørsmåla om kva utdanning  flest vil inn på, kva studium har  auka mest, og kva studium har høgast poengkrav for å kome inn, kan alle nyfikne få svar på.  Eit anna viktig spørsmål er korleis utbrotet av korona har påverka studievala til studentane.

Desse spørsmåla vil mellom andre forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim svara på under ein pressekonferansen i dag klokka 10.00. Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.  Fleire utdanningsinstitusjonar vil kommentere tala, og det vil vere studentar frå aktuelle utdanningar til stades.  Heile seansen kan du fylgja på direkten på nettsidene til Kunnskapsdepartementet. 

Program

Kl.10.00 – 10.35

  • Samordna opptak i Unit, ved direktør for utdanningstenester, Terje Mørland, presenterer tala
  • Statsråd Henrik Asheim kommenterer tala
  • OsloMet ved prorektor for utdanning, Nina Waaler, kommenterer sitt studentopptak
  • Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet ved rektor Anne Husebekk, kommenterer sitt studentopptak
  • Høgskulen på Vestlandet ved rektor Berit Rokne, kommenterer sitt studentopptak
  • NMBU ved prorektor for utdanning ,Solve Sæbø, kommenterer sitt studentopptak.
Emneord: Opptak, studietilbud, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 24. juli 2020 06:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere