I år var det rekordmange søkjarar til universitet og høgskular. Kor mange av dei kom inn på draumestudiet? Kva utdanning vil flest inn på, kor har det auka mest, og kva studium har høgast poengkrav for å komme inn? Korleis har utbrotet av korona påverka studievala til studentane? Desse spørsmåla vil mellom andre forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim svara på under ein pressekonferanse i morgon klokka 10.00. Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Fleire utdanningsinstitusjonar vil kommentere tala, og det vil vere studentar frå aktuelle utdanningar til stades. Heile seansen kan du fylgja på direkten på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.
Program
Kl.10.00 – 10.35
- Samordna opptak i Unit, ved direktør for utdanningstenester, Terje Mørland, presenterer tala
- Statsråd Henrik Asheim kommenterer tala
- OsloMet ved prorektor for utdanning, Nina Waaler, kommenterer sitt studentopptak
- Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet ved rektor Anne Husebekk, kommenterer sitt studentopptak
- Høgskulen på Vestlandet ved rektor Berit Rokne, kommenterer sitt studentopptak
- NMBU ved prorektor for utdanning Solve Sæbø, kommenterer sitt studentopptak.
Logg inn for å kommentere