UiO startar podkasten "Universitetsplassen" med klima og korona

I dag lanserer UiO den digitale formidlingsarenaen "Universitetsplassen". Der kan alle lasta ned podkastintervju med forskarar og andre som snakkar om alt frå koronapandemien til klima og ekstremisme.

Ein smilande mann og ei kvinne som støttar seg på skuldra hans

FRÅ RADIO NOVA: Sondre Hølaas og Hedda Ovidia Stølen er programleiarar  for UiOs nye podkast "Universitetsplassen". Dei er studentar med bakgrunn frå Radio Nova.

Foto: Vebjørn Løvås/UiO

Ein av dei som ser fram til å høyra på podkastane frå "Universitetsplassen" er rektor Svein Stølen.

Om "Universitetsplassen"
· "Universitetsplassen" skal bidra til auka kunnskapsbasert dialog med samfunnet, og vera ein samfunnsrelevant formidlingsarena som er synleg og tilgjengeleg
·  Podkasten skal gjerast tilgjengeleg på uio.no og andre digitale flatar som Spotify og Apple.

· Programleiarar er Sondre Hølaas og Hedda Ovidia Stølen. Dei er begge studentar med bakgrunn frå Radio Nova.
·  Innhaldet kjem frå ei tverrfagleg redaksjonsgruppe frå fakulteta.
 Episodane er ca 30 minutt lange.

Episodeoversikt

Episode 1:
Korona-bråstoppen gjør oss mer solidarisk med forsker Thomas Hylland Eriksen (SV), programledere Sondre Hølaas og Hedda Ovidia Stølen.

Episode 2:
Hvem har skylda for at vi er hekta på mobilen? Forsker Trine Syvertsen (HF) og gjest Vinoth Vinaya, programleder Hedda Ovidia Stølen.
Episode 3:
Klima- og koronakrise: Bra for jorda - dårlig for oss? Forsker Dag O. Hessen (MN) og gjest Tina Saltvedt, Nordea, programleder Sondre Hølaas.

- Dei to siste episodane handlar om likestilling for lesbiske medmødrer og om ekstremisme.

(Kjelde: UiO)
 

–Dei første feriedagane mine skal eg setja meg ned for å høyra på dei første podkastane. Om det regnar skal eg sitja inne og om det er sol skal eg sitja ute for å gjera det, seier han til Uniforum.

– Inviterer til ein opplyst samtale

Svein Stølen er viss på at dette podkasttilbodet frå UiO vil spela ei viktig rolle.

– Det er ein digtal formidlingsarena som inviterer til ein opplyst samtale med samfunnet rundt oss grunnlagt på kunnskap, trekkjer han fram.

 Som rektor har han ikkje lagt seg bort i kva tema som skal takast opp i podkastane.

– Det er viktig at rektor ikkje legg seg opp i dette. Og temaene er det forskarane som tar initiativet til, understrekar han.  

I ei utkast til pressemelding som Uniforum har fått frå UiO, går det fram at formålet med podkasten er å invitera unge og erfarne forskarar til ein samtale. Det er forskarane sjølve som bestemmer tema for samtalane og kva gjestar som skal inviterast frå næringsliv og samfunnsliv.

– Svært viktig under "Fadderveka"

 Programleiarar for UiOs nye podkast er Sondre Hølaas og Hedda Ovidia Stølen. Begge er studentar med bakgrunn frå Radio Nova.

– Dei er svært flinke, konstaterer Svein Stølen.

Og han ser også at podkasten «Universitetsplassen» kan spela ei rolle også på andre område.

– Denne digitale scena vert svært viktig under «Fadderveka» Den blir eit viktig supplement til dei fysiske samlingane, trur han.

Uniforum får også opplyst frå UiOs kommunikasjonsavdeling at dei første podkastane skal handla om alt frå klimaendringar til koronakrisa og svekkinga av demokratia.

– Rom for utvikling av digitale møteplassar

Og rektor Svein Stølen ser fram til at den digitale formidlingsarenaen kan ta i bruk fleire verktøy.

–Me i vil utforska ulike format og eksperimentera med video, live-sendingar og podkast utover hausten. Målet vårt er å bli meir tilgjengelege for publikum. Når me no ikkje har så mange moglege fysiske formidlingsalternativ, gir det rom for utvikling av digitale møteplassar, seier Stølen i ein kommentar Uniforum har fått frå Kommunikasjonsavdelinga ved UiO.

I dag vert altså podkasten "Universitetsplassen" lansert på Universitetet i Oslo. Og du finn alle episodane om du går inn på nettsida "Universitetsplassen - en podkast fra UiO"



 

 



 

Emneord: kommunikasjon, Formidling Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2020 10:05 - Sist endra 26. juni 2020 10:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere