Studentar skal skapa Abels terrasse om til ein hage

No skal Abels terrasse utanfor Niels Henrik Abels hus bli ein hage. – Den vil vera open for alle studentar, tilsette og naboar til UiO, fortel initiativtakar Elin Helena Wyller.

MINISAG: Camilla Hornsjøl er i gang med å saga ein vassdunk i to med ei elektrisk minisag. 

Foto: Martin Toft

Laurdag 21. juni syda det av liv på Abels terrasse på Blindern. Då var rundt 15 studentar, hovudsakleg frå masterstudiet på Senter for utvikling og miljø, i gang med arbeidet med å etablera ein  hage der. Då Uniforum var innom heldt dei på med å dela opp svære vassdunkar i plast i to med ei elektrtisk minisag.   I desse tankane skal dei laga eit sinnrikt system med jord og vatn der plantane vatnar seg sjølve.

– Hjelpte oss med å finna tak

Elin Helena  Wyller er ein av dei fire som fekk ideen til prosjektet. Dei starta Rooftop garden initiative på UiO. Alle er studentar på Senter for utvikling og miljø på UiO.  Saman med ektemannen og dottera Alma, deltok Elin Helena Wyller  i dugnaden, sjølv om ho måtte halda ut i 30 graders varme.  Men når ho dekkjer seg sjølv og dottera med ein svær kvit parasoll, går det likevel fint.

–Prosjektet begynte i januar då me tok kontakt med UiO for å høyra om dei ville ha grøntområde på taka. Det var dei veldig interesserte i. Og så hadde me  eit møte med Eigedomsavdelinga som hadde interne mål for 2020.  Dei snakka om Aktive tak og bier. Me fann ut at me hadde felles mål. Og dei hjelpte oss med å finna tak, og det blei Abels terrasse. Den er me svært nøgde med, fortel ho.

– Skal bli ein læringshage

Elin Helene Wyller trekkjer fram plasseringa, på den eine sida av Niels Henrik Abels hus, noko som gjer at det er lett å koma til og frå den plassen før og etter førelesingane  for dei som skal vera  med på å dyrka plantar og grønnsaker i terrassehagen.  No har Rooftop garden initiative også fått pengar frå både Oslo kommune og Nordre Aker bydel.

– Dei har gitt oss pengar frå prosjektet urbant landbruk for at dette skal bli ein læringshage. Det skal bli ein hage der kven som helst kan koma for å læra å dyrka blomster og mat. Meininga er at me kan ha  ulike små workshops om miljø  og kanskje utandørsførelesingar her også, fortel ho til Unforum.

DELER VASSDUNKAR: Studentane deler 1000 liter store vassdunkar i to. Frå venstre Oliver Li, Sandra Flores (t.h.) og Camilla Hornsjøl (Foto: Martin Toft).

– Sjølvatningskassar

Medan me intervjuar Elin Helena Wyller, held dei andre studentane på med å dela opp svære 1000 liters vassdunkar i to, med ei elektrisk sag.  Og dei skal brukast til noko heilt spesielt.

– Når dei er delte i to skal dei bli til sjølvvatningskassar. Det me gjer, er at me lagar eit vassreservoar i botn, og så blir vatnet trekt opp til jorda, via sand som me fyller i potter med hol i. Og på den måten blir vatnet trekt opp. Og me set også på nokre ekstra kranar, slik at om dunkane må flyttast, vil det vera mogleg å tømma dei for ein del vatn. Jorda kjem ikkje på før neste veke, fortel ho.

– No er det snart sommarferie. Kven skal passa på plantane då?

– Det blir vel oss i prosjektet då, ler ho.

– Men me lagar sjølvvatningskassar, så då burde dei passa seg sjølve, trur ho.

 No vil Elin Helena Wyller gjerne ha med fleire i prosjektet.

– Alle er velkomne til å bli med. Det blir kjempehyggeleg.

 

HAGE: Elin Helena Wyller står under ein parasoll med  dottera Alma , medan dei andre studentane er i full sving med dugnaden i bakgrunnen. Målet er å gjera Abels terrasse om til ein hage.(Foto: Martin Toft)

– Fint å kunna møta nye menneske

Ei av dei som allereie er blitt med i prosjektet er Camilla Hornsjøl. Ho er masterstudent på SUM og likar godt å ta i eit tak for å få realisert ein hage på Abels terrasse. 

– Dette er eit bra initiativ. Og så er det ein fin måte å bruka området på. Det er også fint å kunna møta nye menneske  her etter koronatida, seier ho til Uniforum.

Like i nærleiken står Oliver Li. Han er masterstudent på Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

– Eg blei med fordi eg synest dette er eit godt prosjekt. Det kan bli ein fin plass å dra for å eta lunsj med medstudentar og møta studentar frå andre fag. For oss ligg Botanisk hage for langt borte, smiler han.

Rekruttert av medstudentar

Marta Valsania har tatt master i miljø og økonomi, og tar no ein ny master i geografi ved Universitetet i Torino.

 – Det var andre studentar på Senter for utvikling og miljø og venner i Framtiden i våre hender som ville ha meg med på denne terrassehagedugnaden. Akkurat no held eg på med å skriva ei oppgåve om miljørett, fortel ho til Uniforum.

Midt i dugnaden blei det ein lunsjpause med vegetar-, vegan- o g kjøttpizza.   Då hadde studentane jobba utan stopp i to timar.  Og seinare denne veka er det ny dugnad for alle interesserte. 

 

 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2020 16:53 - Sist endra 22. juni 2020 17:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere