No er barna på plass i Universitetets barnehage igjen

– Det er bra, men litt rart, synest Heidi Bale Amundsen og dottera Sofia når dei går inn porten i Universitetets barnehage i Gaustadallen for første gong etter koronapausen. – Det kjennest veldig godt å vera tilbake på jobb,  seier styrar Tove Marie Lund Valderhaug.

Ei lita jente og mora hennar er på veg inn porten til ein barnehage.

LITT FORSIKTIG: Sofia på 5 år var litt forsiktig då ho og mora Heidi Bale Amundsen gjekk inn i Universitetets barnehage i Gaustadalleen for første gong etter at den blei opna i går. Då hadde den vore koronastengt i fem veker.

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka halv ti onsdag formiddag var mange av barna i Universitetets barnehage i Gaustadalleen på plass igjen etter ein fem veker lang pause på grunn av stenginga etter koronaepidemien. To av dei som kom svært forventningsfulle til barnehagen då Uniforum stod utanfor porten. var Heidi Bale Amundsen og dottera Sofia på 5 år.  

 – Korleis er det å vera tilbake i barnehagen igjen?

–  Det er bra, men litt rart, synest både mor og dotter. 

– Kva som er det raraste?

– Heile koronasituasjonen er litt uvant.  Og det å ha vore borte så lenge ...

– Trur du barna kjenner kvarandre igjen etter  å ha vore  borte frå kvarandre så lenge?

– Ja, det trur eg. Mange av dei har jo snakka saman på Zoom og på telefon.

– Kva blir det beste ved å få barnet i barnehagen igjen?

– For foreldra? Ja, det blir å få jobba ordentleg igjen då.  Det har vore så som så med skriving i denne perioden. All ære til dei som arbeidar i barnehagen. Å berre ha eitt eller to barn heime. Det er full jobb det, synest ho.

– Har vore masse kvalitetstid

Eigentleg har dei ikkje hatt det så verst heime.

– Me har jo hatt det ganske koseleg heime då. Det har vore masse kvalitetstid også, spesielt med det fine veret som me har hatt, seier Heidi Bale Amundsen.

– Og det er fint at dottera mi får koma tilbake til barnehagen igjen, før ho skal begynna på skulen til hausten, legg ho til.

Så går dei mot porten, tar litt antibac og Sofia får ein gledeleg velkomst av fleire av vennene sine i barnehagen og av Tove Marie Lund Valderhaug, som er styrar for Universitetets barnehage. Også ho er svært nøgd med at barna no er tilbake i barnehagen. 

OPNA BARNEHAGEN IGJEN: – Med handa på hjartet kan eg seia at både barn og foreldre har gleda seg, seier styrar Tove Marie Lund Valderhaug, som igår onsdag 22. april kunne ynskja barna tilbake til Universitetets barnehage i Gaustadalleen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det har vore veldig hyggeleg å få barna tilbake. Det var som ein tilsett sa i stad: Eg har sommarfuglar i magen. Det er nesten som å begynna på jobb igjen. Ein gler seg. Me ser at ungane, dei har gått heime og hatt det bra, men mange, særleg dei eldste har gledd seg til å treffa igjen vennene sine og møta sine kjente, seier Tove Marie Lund Valderhaug til Uniforum. 

– Var det vanskeleg å lata vera å klemma på barna då dei kom i onsdag morgon?

– På ein måte ja, men så har me blitt så vande til det. Det er liksom den måten me helsar på kvarandre no med å seia hyggelege ord, ta vel imot og snakka med kvar enkelt. Det er innforstått at det er ein del av den nye kvardagen.

– Har laga eventyrstunder som dei har tatt opp på video

– Og korleis har kvardagen dykkar vore utan barn i barnehagen?

– Me har ikkje hatt barnehagen open under koronapausen, for det har ikkje vore tilfelle her at begge foreldra har vore i jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar. Nokre av dei tilsette har vore i barnehagen innimellom  og laga eventyrstunder som dei har tatt opp på video og sendt til ungane. Andre har vore her og vaska og rydda. Det har vore ei  tid der me har fått oversyn over det praktiske som me vanlegvis ikkje har tid til i ein hektisk kvardag. Då er det ungane som er i fokus, medan no har me fått rydda litt i skåp og i papir, i leikemateriell. No er barnehagen heilt rein, seier ho før ho avbryt seg sjølv og helsar på ei mor som kjem med barnet sitt,

 …hei, hei, velkommen, seier ho,  før ho held fram med svaret.

– Me har ikkje fått ha nokon dugnad med foreldra som me har kvar vår. Derfor er det ting foreldra gjer, som me har tenkt at det må me ta oss av. Pedagogane har sete heime, alt frå å førebu foreldresamtalar, barn som skal begynna på skulen skal ha sine skjema fylte ut, samarbeid med foreldra . Det har vore ein god del samtalar med foreldra. Sporadisk har me vore innom barnehagen og jobba, fortel ho.

Personleg synest ho det er litt frustrerande å sitja på eit heimekontor når ho er vant til å gå rundt på avdelingar og hjelpa til. No er ho svært nøgd med den første dagen barna var på plass etter den lange koronapausen. 

– Den har vore veldig fin. Det kjennest veldig godt å vera tilbake på jobb. Med handa på hjartet kan eg seia at både barn og foreldre har gleda seg. 

Ny organisering i barnehagen

I barnehagen har dei også organisert seg på ein litt annan måte enn tidlegare:

– Det er grupper med 3 barn på avdelingane for barn under 3 år, medan det er grupper på ca 6 barn på dei over 3 år. Saman med ein fast vaksen. Det blir som ein liten familie der det kan klemmast og kosast. Ein kjem ikkje utanom det i ein barnehage, seier ho.

– Me har fått veldig god støtte frå leiinga

Tove Marie Lund Valderhaug tykkjer også at dei fekk god nok tid til å førebu seg etter at rettleiaren frå Folkehelseinstituttet var klar.

  –Ja, og i samråd med personaldirektør Irene Sandlie, som sa at det var viktig at me ikkje måtte forhasta oss. Alle barnehagane skulle starta opp denne veka, men ho var opptatt med å fortelja oss at me måtte gi kvarandre god nok tid slik at de får førebudd dykk og gjort dykk heilt klare over kva de skal gjera når barna kjem tilbake. Derfor  blei me einige med henne om at me skulle starta opp på onsdag i denne veka. Det var veldig ålreit og positivt å ha ein så tett dialog med henne heile tida. For Universitetets barnehage  er jo ei spesiell eining på universitetet som skil seg frå alt det andre. Me har fått veldig god støtte frå leiinga, understrekar ho.

Emneord: Koronavirus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 23. apr. 2020 05:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere